Gå til innhold
Arkivverket

[#567] Kopiering frå nett til tekstbehandling


Gjest Eli Randmo
 Del

Recommended Posts

Gjest Eli Randmo

Eg ynskjer å kopiera prestemanntalet for Sogndal prestegjeld 1666 for å få det i ei meir leseleg papirutgåve. Er det nokon annan måta å gjera dette på enn å kopiera side for side, evt. overføra side for side til WP og så redigera det ? Og er det nokon måte ein kan bla seg framover i registeret på, utan å ta "neste" ?Med helsing Eli Randmo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Svaret er enkelt; nei. ver også merksam på at om materialet blir kopiert og redigert for noko anna enn personleg bruk, vil det bryta med opphavsretten til den digitale utgåva.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Igelkjøn

Der kom det eit spørsmål eg har lurt på, nemleg slektsgransking og opphavsrett.Er det opphavsrett på namn og årstal?Kva skal til for at ein bryt opphavsretten eller at ein unngår å bryte den? Har det noko å seie om ein kopierer frå originalkjelda eller frå Digitalarkivet? Originalkjeldene er vel iallefall ikkje omfatta av nokon opphavsrett, så om ein legg t.d. kyrkjeboka frå xxx ut på internett skal ikkje det vere noko brot på opphavsretten. Kva dersom nokon allereie har lagt ut ein digital versjon?Ein annan ting eg lurer på i same slengen er om det å leggje ut slekta si på nettet kan vere i strid med personvernet.Håpar på oppklarande svar istadenfor at nokon viser til paragrafar. Det er tolkninga eg er ute etter. Mvh. Torbjørn Igelkjøn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Slik eg har forstått det har me opphavsrett til vår digitale versjon av kjeldene. Ingen har opphavsrett til originalkjeldene. Derimot har Arkivverket eigedosmrett til kjeldene. Om dei vil kan dei då påleggja deg ikkje laga ein digital versjon, om dei så ønskjer. Det gjer dei ikkje. Men for ein del utlån set dei krav om at om det blir laga ein slik versjon, skal Arkivverket ha ein kopi, t.d. for utleggjing a Digitalarkivet.Elles er regelen at det er konsesjonsplikt for alle databasar som innheld personopplysningar; opplysningar som direkte eller indirekte kan førast attende til ein person. Berre levande menneske er personar. Dei som er døde kan du fritt laga base av. I tillegg er det også slik så vidt eg forstår at det gjeld særskilte reglar for slektsgransking, utan at eg kan desse reglane.Men eg ville vel vera forsiktig med å leggja ut slektstre over levande personar utan at eg var sikker på at ingen hadde noko mot det. Om det er lovleg eller ikkje veit eg ikkje. Men det er det sikkert nokon som gjer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.