Gå til innhold
Arkivverket

[#623] Treg respos frå DA


Gjest Arnfinn Kjelland
 Del

Recommended Posts

Gjest Arnfinn Kjelland

Det har gått vesentleg tregare å kople seg opp til, og få respons frå, DA/DP i den seinare tida. Er det generelt større trafikk eller noko anna som er årsak?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Alt synest gå heilt greitt hos oss. Ohg me har vesentleg større kapasitet enn me hadde for ein månad sidan, så det kan heller ikkje vera problemet. Eg skal sjå om det kan vera noko med nettet hos oss.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg har no sett på trafikken på nettet. Me utnyttar stort sett 2% av nettkapasiteten inn og ut til DA, så her er ingen problem. Når det gjeld servaren ligg me maksimalt på 2,5 søk i sekundet på timebasis. Eg har sett nyeservaren dreg unna 10 søk i sekundet utan problem. Så her synest også alt vera greitt.Eg har gjort ei lita justering på servaren som kan føra til litt mindre venting på å få sider ut etter at dei er ferdig laga. Elles er eg svært interessert i om andre opplever det på same måten som Arnfinn.Me ser også at trafikken har gått vesentleg ned i det siste. men dette fall nokså nøyaktig saman med øydeleggjingane i USA og har rekna med at det er ein samanheng her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Eg har ikkje merka noko til at det skal vere tregare å arbeide med DA. Det meste går like kvikt som før. Eg ventar derimot med lengsel på svar på eit par spørsmål i forum 1, men har forståing for at andre oppgåver går føre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfinn Kjelland

Eg er ikkje i stand til å registrere systematiske forskjellar. Det kan vel neppe ha samanheng med at eg i større grad har gått over til Explorer frå jobbmaskina, medan det verkar som Netscape frå heimemaskina går raskare(?).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Generelt sett er nok Explorer raskare enn dei gamle Netscape-versjonane. Det synest som om nye Netscape (6.1) fint klarer konkurransen med Explorer.Nede på søkesida ser du elles tidsforbruk frå servar-programmet mitt børjar på jobben til det er ferdig. Her ser du at det stort sett dreier seg om millisekund. Tidsbruken er dermed tida det tek å frakta spørsmålet frå din maskin og til servaren, og svaret attende. I tillegg den tida det tek å presentera dataene på skjermen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Elles kan du sjøl sjekk kor lang tid det tek å nå fram til digitalarkivet. I mappa c:\windows for windows 95 og windows 98, og i mappa c:\winnt\system32 for NT og Windows 2000 ligg det eit program som heiter tracrt. Opn eit DOS-vindauge. Du finn det enten som programmet MS-DOS ledetekst eller Ledetekst. Når du har fått det opp skriv du c:\windows\tracert digitalarkivet.uib.no eller c:\winnt\system32\tracert digitalarkivet.uib.no. Då får du heile reiseruta frå deg og fram til servaren vår. På mi adsl-rute tek 50-millisekund å nå fram. Det er ikkje mykje, men så er det no berre 2-3 km og.Men eg kan gjera det same og byta ut digitalarkivet.uib.no med t.d. www.nytimes.com, som er New York Times. Det tek framleis berre 169 millisekund. Av desse går 36 med til å koma frå meg og til nextgentel, nye 36 for å koma til London, 68 millisekund over Atlanteren og så 28 millisekund fram til avisa midt på Manhatten. Raskt? Men for å få ei heil sida kan det trengjst nokre gongar att og fram.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg trur ikkje det har noko som helst med DA å gjera. Eg slit med å kome fram både her og der til visse tider, mens det stundom går svært greit. Eg køyrer framleis vanleg modem, men meiner òg det kan ta ekstra tid over ISDN som eg har nytta av og til. online.no som eg er kobla opp mot, trur eg slit med nokre flaskehalsar. I alle høve ser det slik ut både på web og epost.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.