Gå til innhold
Arkivverket

[#651] Virus i e-post


Gjest Jan Oldervoll
 Del

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Det blir for tida sendt svært mange e-brev til oss som er virusinfiserte. Dette er brev som har eit eller anna vedlegg; enten noko som sendaren har lagt ved, eller som automatisk blir lagt ved e-post. Virusinfiserte brev kjem ikkje fram og me kan ikkje lesa dei.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Kanskje eg skal utdjupa dette noko: Det meste me får av virusinfisert post er ikkje post som er sendt til oss frå ein person; det er virus på nokon sin maskin som sjølv sender e-post. Men ein del kan også vera e-post sendt til oss som inneheld virus. Dette kan t.d. vera nokon som sender eit virusinfisert word-dokument til oss. Ein slik e-post vil ikkje koma fram til oss.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg får òg mange slike - 3 berre no i ettermiddag. I dag fann eg ein artikkel om dette svineriet på framsida til www.ba.no. Der står det utførleg om kva namn det opererer under og kor fårleg det er. Den er vel verd å lesa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg får framleis omkring 100 ebrev om dagen med virus; nesten alle frå e-postadresser hos online. Grunn? Det virkar som om online ikkje har virussjekk på epost-tenaren sin. Kanskje det hadde vore ein ide om dei som har konto der klaga. Om du ikkje vil vera til plage for andre og risikera skade på eigen maskin.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Det er nok rett at online ikkje har virussjekk. Her kjem det òg framleis ein del per dag, men det er blitt mindre dei siste dagane. Men det er nok ikkje berre online-kundar dette gjeld, for sume kjem frå andre adressar og må ha kome dit gjennom manglande virus-sjekk hjå desse. Så sjølv om virus-problemet synest å vere på retur, er det framleis grunn til å be alle å lese om dette svineriet på vg.no eller ba.no eller andre stader kor slikt er omtala.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Turøy

VirusadvarselEit virusprogram som kan ligge latent i mange datamaskiner og som ikkje vert oppdaga av virusprogram har spredd seg i den siste tida. Eg vart heldigvis åtvara i tide.Eg fekk nedanforståande åtvaring og fekk sletta svineriet i tide. Håper at denne meldinga også kan hjelpe andre.”Denne virus er programmeret til at aktivere sig på et senere tidspunkt, derfor vil den ikke blive opdaget af et standardvirusbeskyttende prograk såsom Mcafee eller Norton. Ingen ved, hvor længe den har været i omløb - muligvis i flere måneder. Når den aktiverer sig, vil den slette alle filer og dokumenter på Jeres harddisk. Den spreder sig via e-mail og placerer sig i C:WINDOWS/COMMAND.For at finde den og slette den - følg denne instruktion:1. Klik på start (i nederste venstre hjørne) 2. Vælg "søg efter" 3. Vælg "filer eller mapper" 4. Gå til "søg alle filer" og vælg den lokale harddisk - i det fleste tilfælde er det C. 5. I feltet "Navn" skriv SULFNBK.EXE 6. Hvis filen findes - marker den -MEN ÅBEN DEN IKKE!!!! 7. For at markere uden at åbne - klik på "Edit" eller "Rediger" og derefter "marker alt". 8. I menuen "Filer" - klik på "slet". 9. Luk dialogboksen "søg efter filer". 10. Tøm papirkurven.Den gode nyhed er nu, at du nu er smittefri. Den dårlige nyhed er, at du muligvis har smittet alle, som du har sendt e-mail til i mange måneder. Derfor bør du kontakte alle personer i dit adressekartotek og straks sende dem denne meddelelse. Advokat Henrik Munck Østergade 55 1100 København K”Vennlig hilsen Tore Turøy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne O Rasmussen

Hei jeg har funnet en fil som heter SULFNBK i ren mappen du nevner. Der er ikke føyd til noe EXE 6 etterpå. Kan det være en synder ? Kan jeg bare slette den uten at det får konsekvenser for andre ting?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Turøy

Hei!Eg er redd du har ein latent virus på di maskin, så eg ville ha sletta fila dersom eg var deg. Men vær forsiktig. Merk fila og dernest slett ho. Ikkje finn på å dobbelklikk for då kan den gjera uboteleg skade. Når du har sletta fila så må du tømme papirkurva slik at du er sikker på at fila er borte frå maskina di.Eg har sjekka med mine kjelder, og det skal ikkje vera noko fil med dette namnet, verken med det eine eller andre etternamnet. Så du kan trygt sletta ho utan at det vil få konsekvensar for maskina di. MvhTore Turøy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Andersen

Til Tore:Før du går videre med virusadvarsler er det bestandig lurt å sjekke hva som finnes av beskrivelser på nettet!!F.eks. på dette fra i sommerLenke du finne at det du kan ha forårsaket er viruseffekten nemlig å slette noe som skal være der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Andersen

Til Tore:Før du går videre med virusadvarsler er det bestandig lurt å sjekke hva som finnes av beskrivelser på nettet!!F.eks. på dette fra i sommerLenke du finne at det du kan ha forårsaket er viruseffekten nemlig å slette noe som skal være der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Denne saka er merkeleg. Eg fann filen på tre av fem maskinar. Alle desse tre nyttar W98. På dei to andre som nyttar W95, var den ikkje å sjå. Den var dessutan berre å sjå på ein av dei to maskinane som tek imot epost via online, medan den var på to av tre maskinar som får epost via hotmail.Det som er endå meir mystisk, er at den på ein maskin hadde same dato som dei andre programma i W/command - 050599, medan den maskina vart kjøpt ny hausten 2000.På alle desse maskinane hadde filen eit svart/kvitt merke. Med bakgrunn i dette, tok eg kontakt med maskinleverandøren min i Bergen. Han fann same filen på sin heimemaskin, men der hadde filen fått windows-merke og enda dato til den dagen han oppdaterte til siste versjon av W no i november. Opphaveleg dato var visst juni 2000.I morgon kjem dei der til å sjekke to nye maskinar som eg skal ha og som aldri har vore i kontakt korkje med epost eller diskettar. Så får vi sjå. Mystisk er det i alle høve.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Det tryggaste er å bruka eit virus-program for å fjerna virus. Om du t.d. går til www.norman.com finn du eit godt program til fri nedlasting. Hugs at det må oppdaterast stadig vekk; det kjem til nye virus.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg har no sjekka saka på nettet - og sulfnbk.exe er ein W98-fil som skal vere der og har funksjon m.a. i samband med lagring av lange namn på filar.Filen ligg på W98-cd'en og kan lastast ned frå den som enkeltfil.Microsoft åtvara i slutten av mai - ikkje mot filen - men mot å sende slike epos-åtvaringer vidare. Men det er ikkje alle gitt å lese alt om slikt...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Elles veit vi vel alle at dersom ein lurar på om ei fil r virussmitta så er det lett å virussjekka denne med Norton Antivirus (men syt for ordens skuld for at Antivirusprogramvaren din er oppdatert - det tar ikkje lange tida å lasta ned siste oppdatering frå nettet) ved å høgreklikka musa over vedkomande fil. Då får ein opp ein menyboks som m.a. gjev tilbod om skikkeleg virussjekk. NB: ikkje venstreklikka då opner du den potensielt "skumle" fila!Som Bjørn Davidsen har eg mest tru på at dette er programvare som følgjer med Windows 98, og som difor etter alt å døma SKAL vera der.Dersom ein framleis har mistanke til at det er ein fil med suffixet .exe som er "den store stygge ulven", så kan ein jo freista å søkja etter filer med same prefix men med eit anna suffix; som til dømes .dll eller .doc. Altså, bruk elimineringsmetoden til å sjalte ut det du vil ha/evt. ikkje ha. Med andre ord, akkurat som ved eit søk i folketeljingane -.Mvh., Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Turøy

Hei igjen.Eg trudde ikkje at eg var så lett å lure, men er nok blitt grepet av virushysteriet.Det er bra at det finnes mange vakne vektarar der ute. Dei som har lese dette debattfora har vel også lært noko, håper eg?Beklager dersom eg har skapt problem for nokon, men eg trur ikkje dette kan ha skapt noko uboteleg skade. Eg skal straks leggje attende SULFNBK.EXE på den rette staden. Takkar for "irettesettesen". Men det var godt meint.MvhTore Turøy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.