Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jan Oldervoll

[#662] Nytt landsomfattande søkesystem

Recommended Posts

Gjest Arnfinn Småli

Jeg gjorde som beskrevet, og søkte først på Ole og dernest Johannessen. Nordland fylke kom opp med 55 stk. Det som skjedde da jeg klikket på "55", var at det kom opp en melding med "Feil parameter etternavn". Det var alt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Det var merkeleg. Eg gjer det same, og får opp ei liste over dei prestegjelda det finst ein Ole Johannessen i. Er det fleire som har problem?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Forskjellen var Opera og Microsoft Explorer. Eg brukar den første og den fungerte greitt. men det gjorde altså ikkje Microsoft. Grunnen var at han omdefinerte ein av mine parametrar. Men no har eg lurt Bill.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Det gjorde det nok, dette var ein typisk feil i IE. Eg er ikkje noko flink å testa i IE, eg har alltid brukt Netscape og har først i det siste skifta til Opera. Eg tilhøyrer dei som meiner at Microsoft får ein altfor dominerande stilling, om dei i tillegg til operativsystem og Office også skal furnera oss med nettlesar. Og opera er betre, etter mitt syn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Holck

Samme feilen hos meg: feilmelding: Feil parameter etternavn (Microsoft Internet Explorer)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Dette ser lovande ut! Vi får vel "inneheld" også, slik at eg kan søkje på t.d. fødestad Gloppen, og få opp m.a. "x-stad, Gloppen"? Vil klammer fungere som før? Kva med søk på alder, vil der bli rom for pluss/minus 1 - 2 år?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Innehld treng du ikkje. Søkjer du på lik Gloppen, får du opp gloppen kvar det no måtte stå i termen. Som før betyr lik lik ordet, og børjar på i børjinga av ordet. Klammer, stjerner og spørsmålsteikn virkar, men er ikkje uttesta. Alder skal eg sjå litt på kva eg gjer med. Men først får det bli jul.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Takkar for oppklarande svar.Har funne noko som fungerer litt mystisk: Eg leitte etter oldeforeldra mine, Lars Rasmusson og Malene Olsdtr, begge fødde i Gloppen. Eg søkte førenamn lik Lars, deretter etternamn byrjar på Rasmus. Fekk då opp landsoversikta, valde Sogn og Fjordane og deretter Gloppen, og fann han. Tilsvarande også for henne. Men dersom eg gjekk vidare frå landsoversikta, etter "etternamn"-valet, og valde fødestad "byrjar på Glop", fekk eg opp ei landsoversikt som viste meg at der var eit visst antal slike i Sogn og Fjordane - men klikka eg meg då inn på Sogn og Fjordane, mangla Gloppen kommune. Ved eit tilsvarande søk på ein annan stamforelder i ein annan kommune, mangla også det aktuelle kommunenamnet i oversikta. Dette er vel noko som må rettast på, men hold no endeleg jul fyrst:-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Birger Forsmo

Hei! Dette fungerte utrolig bra, selv om det nå var IE. Jeg søkte meg fram fra fornavn, fylke, kommune og fikk opp alle i komunen med Daniel. Men jeg skulle ønske at feilen med hvor han kom fra ble rettet. Jeg får opp:873 20 1 Daniel Lars.   Husmd md Jord, Murer g 41 m Fron Præstegjæld, Men det er feil! Det skal være Førde og ikke Fron. Jeg ønsker alle en riktig God Jul og et Godt Nytt År, men takk til alle for kjempebra hjelp! Med vennlig hilsen Birger

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

At Gloppen manglar er ikkje så rart; det står ikkje om dei som bur i Gloppen at dei er fødde i Gloppen.Som sagt nokre gongar; me rettar ikkje einskildfeil.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Eg frykta at eg ikkje greidde å få forklart problemet,så eg prøver igjen. Det står om personane eg prøver å søkje på at dei er fødde i Gloppen (prøvde også med andre kommunar), så eg veit dei er der. Men når eg søkjer på nemnde måte (førenamn - etternamn - fødestad), verkar det som om systemet utelet nettopp dei kommunane som det er funn i.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kari Larsen

Jeg søkte på Michaelsen, og alt gikk greitt med de 37 forekomstene, untatt en, nemlig den siste, bosatt i Finnmark (siste linje). Den personen kom aldri opp. Kanskje jeg kan søke på Finnmark, men det bør jo i alle fall virke uten det også.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kari Larsen

Nå søkte jeg å¨Michael Michaelsen, og han skulle finnes under Troms, men den vistes heller ikke. Jeg bruker IE5.0.Men da jeg sjekket under Troms, når jeg bare søkte etter etternavnet, fikk jeg opp en person som ikke het Michael til fornavn - jeg tror han het Mikkel eller noe sånt..

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Takk til dei som melder feil. Eg svarer ikkje indivduelt, men ser på dei alle og prøver å finna feilen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

No meiner eg Aase sitt problem skulle vera løyst. takk for hjelpa. Og det var ikkje du som forklarte dårleg i første innlegget; det var eg som ikkje les godt nok.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Akkurat no får eg berre "feil 00.00.01" same kva søk eg prøver å gjere. Kanskje det er ein julenisse i datasystemet som lagar litt krøll for å få meg tilbake til potetskrellinga?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Beklager, det er nok eg som er nissen. Eg rettar på web-tenaren heime og overfører programmet til instituttet. Omgivnadene er noko forskjellige og eg må difor gjera forandringar. Denne gongen gløymde eg det. Men no skulle det vera i orden. Og du er sikkert ferdig med potetene, Aase.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Eg kopierte nett over eit yrkesregister; no kan du også søkja på yrke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Problem med klammer? Eg søkte på førenamn Kari, og etternamn børjar på S[yø]l - ingen funne. Søkte deretter på førenamn Kari, etternamn børjar på Syl-, deretter Søl-, fekk treff begge gongane.Det var forresten litt vanskeleg å gjere nytt andre søk. Altså - beholde Kari-funna og søkje på Syl- etter å ha søkt på Søl-. Eg måtte heilt ut og begynne på nytt. Greit nok med førenamn lik Kari, men svært lite greit med namn som har svært mange skrivemåtar, då blir det mange boksar å krysse av fleire gonger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Syl, søl problemet skulle vera løyst. Eg har også løysinga på det andre problemet ditt, Aase. Eg ksla programmera det så snart eg rekk på det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

No kan du også gå attende frå eit eit utval til det forrige du hadde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Mystisk: Søkte på fødestad fyrst, E[ij]dsk, og kryssa av. Valde deretter førenamn børjar på Car, og kryssa av. Hadde då nokre få stykke. Valde så etternamn børjar på Ol, kryssa av, og enda opp med fleire enn i forrige utval. Nokre av dei heitte Anna m.m.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Gå tilbake til forrige utval fungerer ikkje som det skal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.