Gå til innhold
Arkivverket

[#662] Nytt landsomfattande søkesystem


Gjest Jan Oldervoll
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther

Det gjer eg óg, men eg vil gjerne lenger når eg er ferdig å søke og t.d. skal leite i emigrantlister. Vanlegvis har du då ein ny heim-knapp for å kome "endå lenger heim" , men her må eg rygge gjennom alle søka eg har gjort. Eller har eg oversett noko?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Det kjem seg. Men det er vanskelg å garantera, inntil vidare, at ting går som du ventar dersom du har vore ute i andre databaser enn dei du driv og søkjer i.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Eg søkte på 1900, fødestad børjar på Glop og fekk opp mange i alle fylke utanom Finnmark. Men går eg inn på eit fylke og ein kommune frå og med Sogn og Fjordane og nordover, får eg berre opp folk som slett ikkje er fødde i Gloppen. Det var det fyrste søket eg gjorde i denne runda.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Først, tusen takk for god hjelp, Aase. Du sparer meg for timar.No trur eg at tilbakevending til søkeprogrammet fungerer betre. Eg prøvde meg med litt avansert teknologi på dette området. Men då sner det seg at nokre lesarar klarte det bra, andre dårleg. Så no har eg vendt attende til det trauste. Så om det no går galt, skuldast det meg og ikkje teknlogien.Det har gått litt i surr i dataene for fødestad i 1900. Eg har no kontrollert dei andre variablane, og alle andre synest vera greie. Eg skal regenerera fødestad 1900 så snart eg rekk på det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

For det fyrste må vi slå fast at dei timane eg sparer deg for, er berre blåbær mot dei timane Du sparer Meg for!For det andre ser eg ingen skilnad når det gjeld å kome seg heim. Kva er det eg eventuelt skal gjere?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Det forstår eg ikkje heilt. Hos meg går det fint i alle lesarar. I det eg har vore inne i søkesystemet vil heimknappen alltid ta meg attende til siste søkesida.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Thorud

Viser til innlegg 21.12.2001Bla. eldre personer har problemer med å bruke "vinkler og stjerner" (eller var det klammer og stjerner). De kan vel ikke akurat kalles brukervennlige.Støtter derfor forslaget om å beholde "Inneheld" - det kan vel ikke være serlig vanskelig å implementere når man har det fra før.mvh GeirPS I Bergensposten finnes en "Guida tur i DA". Har ikke lest sida, men en rask kikk forteller meg at dette burde ha ligget mer synlig på DA. Slik stoff er det behov for mer av - (gjerne i litt mer komprimert tekstlig form og med større fonter).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Jan: Når eg har vore inne og kika på ein person, fører heim-knappen over tabellen meg tilbake til søkjesida. Men på søkjesida finn eg ingen heim-knapp om eg vil tilbake til t.d. startsida til DA, og må derfor framleis rygge, eller velje DA frå favorittar på nytt.Geir: Klammer kan brukast på ein heilt annan måte enn inneheld (t.d. Marg[a]r[ie]t[t][h][ea]), så dei må vi ha i ei eller anna form, men kanskje kan dei erstattast av symbol som treng berre to fingrar på tastaturet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anette Skogseth Clausen

Til Geir: Bente Kopperdal sin Guida tur i Digitalarkivet finnes tilgjengelig fra Nyttige lenker (Litteratur og anna), og fra Hjelpesiden som du finner lenke til på framsiden til DA. Den er lagt inn uendret, men om ikke så altfor lenge vil du finne flere nye hjelpesider til DA laget for internett, dvs. med mye bilder og lite tekst.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Aase:Me har nok snakka forbi kvarandre. Denne skal det nok bli ei råd med når me set det eneeleg på plass.Geir:Søk i landsomfattande og i direkte i databasane oppfører seg forskjellig. I Bergen i 1900 er dei ei jente som heiter Maren Johanne Jersin. det kan tenkjast at du kjenner henne som Johanne Jersin. I teljingane skjer alt søk på term, dvs. på Maren Johanne. Då kan du ikkje finna henne ved å søkja på lik Johanne, eller børjar på Joh eller noko som helst anna. Einaste måten er å søkja på Innheld Johanne.Landsomfattande søk skjer på ordnivå; Maren Johanne er splitta i Maren og Johanne. Du finn ho derfor både om du søkjer etter Maren og etter Johanne. Dermed går behovet for innehld dramatisk ned. Men du har sjølsagt rett i at når det går an å skriva *ole* og på den måten finna alle name som innheld ole så måtte det gå an å leggja inn innheld ole også. Det gjer det. Men eg vil det ikkje. Grunnen er enkel. Innheld-søk på sjå på alle namn; total nokre titusen for å sjå om det skulle vera ole inni der. Børjar på Ole eller lik ole ser på nokre få. Ressursuttaket er noko slikt som 1% an innheld. For at alle skal få ressursar hos oss er me interssert i at det ikkje blir for mange slike søk. Om innheld-søk er lett tilgjengeleg blir det mange slike søk, er det vanskelegare blir det få. Det synest eg er eit godt komprosmiss emllom fleksibilitet og ressursuttak.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Thorud

Beklager at jeg overså lenka til Guiden - jeg er nok ikke den flittigste brukeren av hjelpesidene. Flott at dere jobber med dem.Vedr "*": Jeg var klar over ressurs- problematikken som Jan beskriver, men trodde ikke at det var så stor forskjell som 1:100. Inneheld er forøvrig meget anvendbar når man søker etter Christian/Kristian.mvh Geir

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Det er klart. *ristian gjer same nytten. Eller for å gjera det vanskeleg. [ck][h]ristian. Som tyder at namnet skal børja på enten c eller k, at det deretter kan vera ein h og så til ristian.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Eg ser at systemet no tillet klammer i starten av ordet - flott! Men børjar på [ck]arl kjem opp med berre Karl/Carl, ikkje Karli/Carli og andre som burde vere der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Forresten, då eg heldt på og eksperimenterte med[ck] i natt, registrerte eg at c kom opp som eit alternativ. Det tykte eg var lurt, fordi særleg 1900-tellinga innehelt ein del karar som er registrerte berre med forbokstav i førenamnet (status-symbol?). Dette skjer ikkje no, så det har vel kanskje vore ein feil av noko slag - men det var i så fall ein nyttig feil.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tom Askerøi

Ja, den ene liker mora...Jeg savner nå søk på gårdsnavn, jeg. Det er slettes ikke du vet HVOR gården folk kom fra ligger hen i landet... Og da hadde det vært fint å snevre in søket derfra. Jeg synes det var lettere å se hvilke(n) Tveten-gårder som var bosatt av en Ola Hansen enn å slå opp bostedet til alle Ola Hansen'er...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.