Gå til innhold
Arkivverket

[#687] Landsomfattande søkesystem


Gjest Aase R.Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther

Fordi eg er for lat til å dra heilt ned til slutten, lagar eg eit nytt emne.Eg har prøvt kombinasjonen fyrst førenamn, deretter gardsnamn, og ikkje funne eit einaste menneske av dei 5 eg har prøvt på (og alle står der) - her må vere noko feil?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Latskapen er mor til framgongen.Eg ser også at gardsnamn og personopplysningar bommar av og til. Eg skal sjå på det. Men eg får helst for mange.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Søk t.d. på førenamn lik Kari i 1900. Gå inn på fyrste landkommune i Østfold, Skjeberg, og konstater at der er ei einaste, Kari Andersdtr på garden Søbakken. Gå tilbake til søkesida, og gå vidare i søket med å søkje på gardsnamn børjar på Søb-Då får du opp fleire, og kryssar av Søbakken. Oversikta du får då, viser ein person i heile landet, nemleg Kari Olsen på VESTRE SVEEN, Løten i Hedmark.Tilsvarande skjer kvar gong med eit slikt søk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Eit anna problem: Søkjer eg i 1865 på gardsnamnet Rysdal (ikkje via den bakerste knappen), får eg opp 19 personar i Gloppen. Går eg inn på dei og ser kven dei er, viser det seg at bebuararne på småbruka Næsset og Kjørvigen også er med - flott, sidan dei vil vere skrivne med namnet Rysdal i kyrkjebøker o.a. - men personane på hovudbruka er ikkje med. Forklaring?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Det var nok same feilen som gjorde at kombinasjonen namn og gardnamn gjekk i surr. No har eg regenerert gardsnamnsregistera, og det ser betre ut. Det er no kome 28 personar på Rysdal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.