Gå til innhold
Arkivverket

[#1014] Folketellinger


Gjest Arvid Andersen
 Del

Recommended Posts

Gjest Arvid Andersen

Kan Ni redogöra för bakgrunden till att det finns flera "officiella" aktörer som tydligen tävlar om släkthistoriskt material så som det ser ut till att RHD och Digitalarkivet gör. Finns det någon form av avtal mellan RHD och Digitalarkivet, och vem dikterar i så fall avtalet? Finns det politiska beslut som styr att Ni inte får tillgång till allt material?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Heilt frå 70-talet har det vore fleire aktørar når det gjeld å overføra historisk kjeldemateriale til digital form. Føst ute var Historisk institutt, Universitetet i Bergen, som alt i 1968 start arbeidet med å digitalisera folketeljinga 1801. Dette var eit prosjekt der også Statistisk Sentralbyrå og Riksarkivet var med. Midt på syttitalet kom Statsarkivet i Bergen inn som ein aktiv partnar i dette arbeidet. Frå slutten av sytti-talet har ikkje Historsik institutt registrert data. Men det har Statsarkivet i Bergen. Alt i 1995 vart deler at materialet registrert av denne alliansen lagt ut på nettet i søkbar form (1801-teljinga og emigrantprotokollane for Bergen). I januar 1998 vart dette samarbeidet formalisert gjennom eit prosjekt Digitalarkivet, med føremål å gjera historisk kjelder tilgjengelege for folk flest på Internett. Samarbeidspartnarar i Digitalarkivet er Riksarkivet, Statsarkivet i Bergen og Historisk institutt. Alt frå starten hadde me ca. 2 millionar postar tilgjenglege på nettet.RHD vart oppretta tidleg på 80-talet med følgjande målsetning: Registreringssentral for historiske data (RHD) er en nasjonal institusjon ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet (SV-fakultetet), ved Universitetet i Tromsø (UiTø), som har til formål å gjøre historisk kildemateriale tilgjengelig i et elektronisk format slik at kildene vil være lettere tilgjengelig for forskning.Arbeidet består i å dataregistrere de originale folketellingene og kirkebøkene som finnes i arkivverket.Tidleg på nittitalet vart Teleslekt oppretta, med grovt sett same formål som RHD. Dette vart ikkje sett på som noko konkurrerande tiltak, rett og slett fordi det er så mykje materialet som bør registrerast at det er plass til alle. Men etter ein del år klarte Teleslekt ikkje lenger finansiera verksemda si. Spørsmålet vart då kven som skulle overta dataene, ca 3 millionar postar.Det var to aktuelle kandidatar; RHD og Digitalarkivet. Valet mellom dei vart gjort av Kulturdepartementet. Eg skal ikkje si kva som gjorde at Digitalarkivet vart vald. Det har truleg med to ting å gjera. Den første og klart viktigaste er Riksarkivet, som den dominarande partnaren i Digitalarkivet, er ein svært så permanent institusjon og dette var den beste måten å sikra materialet. Men det betydde nok også noko at me alt hadde ei svært populær søketeneste. Saman med dataene fekk me også midlar til å framleis å løna ein del av dei tlsette i Teleslekt.Me har ei avtale med RHD om utveksling av data som inneber at me vil byta folketeljingsdata. Denne avtalen vil vonleg bli sett ut i livet med det første.Ut over dette finst det ikkje noko avtale mellom Digitalarkviet og RHD. Digitalarkivet si primærinteresse er at kjeldemateriale vert gjort tilgjengeleg for folk, og ser av den grunn på RHD ikkje som ein konkurrent, men som ein parallell institusjon med same målsetjing som oss.Derimot er RHD av avhengig av å få materale utlånt frå Riksarkivet. Her finst det ein avtale. Men detaljane i denne kjenner eg ikkje til.For oss skaper ikkje denne organisasjonforma problem.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.