Gå til innhold
Arkivverket

[#1019] Døveskolen i Bergen, ca 1865


Gjest Andreas Totland
 Del

Recommended Posts

Gjest Andreas Totland

En av mine slektninger var døv og gikk på døveskole i Bergen, iflg. FT 1865. Navnet var Hans Elholm Hansen (eller Andersen, faren het Anders).Han var født i Finnås pr.gj. 1851. Jeg har forstått at døveskolen førte fram til konfirmasjon. Ble elevene konfirmert i en bestemt kirke, eller skjedde det på selve skolen. Hvilke steder bør en lete for å finne ut mer? Har noen et godt forslag? Takker for tips.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Døveskulen i Bergen (eller Døvstummeinstitutet i Bergen) kom i drift 15. oktober 1850 og vart lagt ned 1895. Kor arkivet vart av, veit eg førebels ikkje. Men Thorbjørn Sander har m.a. skrive "Med landets døve gjennom hundre år" som mest handlar om Bergen Døveforening 1880-1980. I bokas første del (1880-1930) går det mellom anna fram at konfirmasjonen av døve i 1875 gjekk føre seg i Nykjerka. Men det var mykje fram og tilbake dei første åra, og nokre av styrarane var prestar, så det er ikkje godt å seie i kven sine arkiv dei ymse tinga ligg. Thorbjørn Sander, som sjølv er døv, er nok den i Noreg i dag som har best oversyn over kor ting som har med døve å gjere, finst. Men har du konkrete spørsmål, kan eg prøve å vere til hjelp, for eg har et etter måten godt tilfang av historiske skrifter her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Andreas Totland

Takk til Bjørn Davidsen for svar, og for tilbud om videre hjelp. Hans Elholm Andersen (senere kalte han seg Hansen) bodde som "Logerende" i Korskirkens Sogn i 1865. Det kunne eventuelt være interessant å finne ut hvor Døvstummeinstituttet lå, hvilken kirke det sognet til. Vet du hvor man kan finne ut det? Jeg går ut fra at det aktuelle tidspunktet for konfirmasjonen må være mellom 1865 og 1870.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Det er ikkje noko problem å finne ut. I den nemnde boka står det meste om slikt, men det tek litt tid å leite seg fram. Etter kvart kom det ei eiga kyrkjeleg teneste for døve - med døveprestar ymse stader i landet. Men om det er sjølve konfirmasjonen til HEA(H) du er på jakt etter, så kom jo den, som du skreiv før, som avslutning på skulegangen. Ei tid lå skulen på Nordnes - og då vart nok Nykjerka nytta til sjølve konfirmasjonshandlinga, vil eg tru. Men om du gir meg ei e-post-adresse, så skal eg sjå kva eg finn når eg kjem med heim i kveld til dei historiske skriftene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Det syner seg at biskop Jacob Neumann som kom til Bergen 1822 og var der til sin død i 1848, var svært oppteken av at prestane skulle konfirmere døve, både før og etter at døveskulane kom i gang.Den første skule i Noreg kom i gang i Trondheim 1825. Christiania fekk skule i 1848 og Bergen i 1850. Styrar i Bergen var cand.theol. Lars August Gleditsch. Han dreiv skulen i Cort Pill smug ute i Strandgata (Nykjerka sokn) til 1859. Då slutta han og skulen vart flutt (om lag 1860) til Nygårdshøgda (Domkyrkjas landsokn). Der var skulen til 1875 under leiing av kand. Waage. Deretter vart skulen flutt til Nygaten.Eit referat i Bergens Tidende frå 1875 kan tyde på at konfirmasjonen, i alle høve det året, vart halden på skulen på Nygårdshøgda. Presten som konfirmerte dei døve, var derimot pastor Carl Daniels som då var res.kap. i Nykjerka (frå 1876 i Domkyrkja). Det vert i referatet skrive at dette var 14. gongen han konfirmerte døve. Eg vil difor tru at det var C. Daniels som konfirmerte HEA(H) - og at du finn han innført i kyrkjeboka for Nykjerka, sidan HEA(H) må ha vorte konfirmert ein eller annan gong på slutten av 1860-talet - altså i løpet av dei 14 gongene Daniels fram til 1875 hadde drive med slikt. (Daniels vart res.kap. i Nykjerka 1864)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Fram til 1875 er kapellanens konfirmanter tatt med i kirkebok for konfirmasjon i Nykirken. Og der finner vi hvert eneste år konfirmanter "Forberedt til Konfirmation ved det herværende Døvstummeinstitut af Kand. Theol. Kr. Waage". Og forberedelsen må ha vært god, for mange av disse konfirmantene fikk karakterene "udmærket god" og "særdeles godt" i kristendomskunnskap og flid. I margen står det at dette var res. kap. Daniels konfirmanter.Men Hans Elholm Hansen finner jeg dessverre ikke. Hans jevnaldrende ble konfirmert i 1866-67-68.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.