Gå til innhold
Arkivverket

[#1041] 1801 - Holt, Aust Agder


Gjest Øystein D. Stiansen
 Del

Recommended Posts

Gjest Øystein D. Stiansen

Er det umulig å oppdrive et eksemplar av folketellingen fra 1801 fra Holt i Aust Agder?I så fall er det upresist å angi at 1801-tellingen for hele landet er lagt ut på Digitalarkivet.mvh Øystein D. Stiansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Til 1801-tellingen er det laget en relativt omfattende informasjon, vi setter inn det som står under punktet 3.8 - om Holt:"3.8. Problemet Holt- Dypvåg Så nøyaktig folketeljinga 1801 enn måtte verka, er det knapt å venta at ho skal vera heilt fullstendig i si geografiske dekning. Det er alt på det reine at einskilde gardar manglar, og fleire vil visseleg koma for dagen. Den verkelege ulempa ligg likevel i at listene for eit heilt prestegjeld er bortkomne. Det gjeld Holt prestegjeld med soknene Holt, Dypvåg og Flostad, som ligg i Nedenes futedøme og amt og Kristiansand stift. I 1826 oppgir Jens Kraft folketalet i 1801 til å vera 2 584 i Holt, 1 276 i Dypvåg og 723 i Flostad. I ein offisiell statistisk publikasjon frå 1874, som byggjer på ei bearbeiding fra 1820- åra (sjå nedanfor) vert folketalet i "Holt landdistrikt" sett til 2 324, medan ladestaden Tvedestrand får 260 innbyggjårar. Av dette kan einskjøna at listene truleg framleis fanst i 1820- åra.Tapet av listene har gjort at ein i denne publikasjonen har måtta utelata dei 4 583 menneska i dei to seinare prestegjelda Holt og Dypvåg frå alle tabellane. Det vert gjort uttrykkeleg merksam på dette der det er oppgitt folketal for Nedenes, Agder eller riket. Men fråveret gjer seg sjølvsagt gjeldande i alle samanhengar. Kan vi få ei aning av korleis dette påverkar storleikane i dei ulike tabellane? Skjønsmessig kan ein gå ut frå at dei tre soknene har hatt 8- 900 husstandar. I 1825, da folketalet var mest 15 prosent høgare enn i 1801, fanst her 445 gardbrukarar og 89 husmenn med jord. Dette er lite i høve til talet på husstandar, og viser at det er eit område mykje utanom det vanlege som er gått tapt. I Holt låg nemleg det store Nes jarnverk, fleire gruver og sagbruk, og utskipingsstaden Tvedestrand. Området har difor hatt ei etter måten stor arbeidarbefolkning. Det inneber at utslaga på visse deler av yrkesstatistikken kan verta monaleg større enn den halve prosenten av folkemengda i riket som innbyggjarane i Holt- Dypvåg utgjorde. Det er viktig å ha dette klart for seg når ein brukar tabellmaterialet i denne publikasjonen."

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.