Gå til innhold
Arkivverket
Harald L. Bakke

Oppslag i Førde bygdebok

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Eg ynskjer oppslag i Førde bygdebok ang. Berent Haldorsen og kona Helene Johanne Nilsdtr. f. Førde

Dei gifte seg i Førde 11.11.1818 og eg har registrert at dei har fått barn på Ramstad : 1819,1820,1823,1826,1827,1829,1831 og 1833.

 

Etter det finn eg ikkje noko om dei i KB, men eg finn ei Alette Berentsdtr. som gifter seg med Bendix Ananiassen i 1853 som er oppgjedd vere datter til Berent Haldorsen Grimeland - dei finn eg att som brukarar ved FT-1865 på Grimelandslia, og i 1867 dreg dei til Amerika.

Eg lurer på om det er snakk som same fam.? (B.H.Ramstad hadde ei datter Alet Anna Sophie f. 1819)

Kan det være snakk om same familien ?

Kva står det i så fall om familien under desse to gardane ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Førde bygdebok, bind 1, side 654 under Grimeland:

 

"Bernt Haldorson Ramstad og Helene Johanne Nilsdotter levde her frå 1833 til 1854. ... Bruket vart seld på tvangsauksjon i 1850.!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Mange takk!

Då er det same folka og eg får gå igang å leite dei opp etter 1854.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Hei Harald.

 

Under Furebø bnr 3 finn eg Bernt Haldorsen frå 1854-1865. Her er det opplsyt at han var gift først med Helene Johanne Nilsdotter og gift andre gang i 1861 med Pernille Rasmusdotter. Det blir så vist til "Andre" Under Ramstad. Her er det opplyst at Pernille var enke og kom frå Fengestad (Førde).

 

Eg har ikkje funne noko om Bernt og Pernille etter 1865.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Mange takk Egil!

Då kom eg eit godt stykke vidare på vegen! :)

 

Eg lyt visst låne Førde bygdebok då det er fleire flokar eg ynskjer å nøste opp i etterkvart.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Bygdebøker er vel og bra, men kirkebøker er ikkje så verst heller.

 

Kan dette være din Berent Haldorsen som dør i 1866 på Grimeland (alderen stemmer ikkje heilt men ...) (nr. 46) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 10 (1861-1876), Døde og begravede 1866, side 33.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8386&idx_id=8386&uid=ny&idx_side=-32

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070302660433.jpg

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Ikke usannsynleg det.

Eg har ikkje sett andre Berent Haldorsen i området heller og det er ikkje uvanleg at det er nokre år i sprik i alderen når ein kjem litt attende i tid.

 

Takk skal du ha Egil!

 

Eg var ikkje komen så langt at eg var begynnt å leite blandt dei døde enno.

Men då skulle han no være å finne i FT-1865 eller var han så "ring" (sjuk)at dei ikkje brydde seg med å telje han ?

 

Jau her er han på Furebø 73 år gamal i 1865: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=f61432&gardpostnr=209&personpostnr=1458&merk=1458#ovre

 

Hm..... året etter når han dør er han 65!!!!!

Han er ikkje å finne i Førde ved FT-1801 heller så det kan hende han er fødd eit anna prestegjeld eller er f. like etter tellinga ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Frå BB Førde om Ramstad bnr. 1-3 1804-1812:

 

Lussi Olsdotter Ramstad f. 1760, død 1833 på Ramstad. Gift 1788 med Haldor Krispinusson Grimelandslia f. 1761. Her er oppgitt 6 barn, av dei Bernt f. 1795, vigd 1818 på Ramstad med Helene Johanne Nilsdtr Slåtten, d. 1865 (skal vel være 66) på Grimeland. Her har du familien i 1801 Ramstad Førde FT 1801

 

Her er oppgitt aner bakover i tid, og opplysningar om søskena om det er interessant. Det kan du jo lese når du får tak i boka. Vær obs på at Sørsida av Angedalen (f.eks. Grimeland og Grimelandslia) er omtalt i bind 1, medan nordsida er omtalt i bind 2 (bl.a. Ramstad), slik at du bør skaffe deg begge. Her er også koblingar til Naustdal, men bøkene der har du vel (ser ut til å halde med bind 2 av BB Naustdal).

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Mange takk for avklaringa Egil!

Då kjem eg nok til å låne bygdebøkenebøkene frå Førde i april.

Bygdebøkene for Naustdal låner eg privat(har dei no) og får sikkert lånt dei tilbake når det høver meg slik at eg kan ha dei og ilag med Førdebøkene, det forstår eg er praktisk.

 

Takk for hjelpa!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.