Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R.Sæther

[#1558] Stemmeberettigede

Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther

Basen frå Bergen var svært interessant. Ein av mine slektningar var suspendert, kva ligg det i det? Og kva var reglane for kvinneleg stemmerett på den tida - almenn stemmerett kom vel ikkje før litt seinare?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Om du les merknadene som ligg på sida til Frode Ulvund på DP, finn du noko om alt det der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Takk for tipset! Eg såg det var fleire grunnar til å bli suspendert; finst det noko nærare i kjeldene om kvifor kvar enkelt var suspendert?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Britt Frank

Meget interessant database, håper der kommer mer av den slags fremover!Hvordan ble (original-)registreringen foretatt - gikk der folk rundt på dørene som ved folketellingene? Jeg har nemlig forgjeves søkt etter min oldefar, Bertel Anders. Strømmen, f. 1850/død 1920. Men jeg regner med at det er hans kone jeg finner i Abs. Beyersgt. Heller ikke hans eldste sønn, Abraham Elias Strømmen, f. 1876/død 1954, finner jeg i filen. Derimot hans kone Synneve, pantevidnes hustru i Jernbadegade, vestre.Ellers reagerte også jeg på at kvinner altså var Stemmeberettiged - men almenn stemmeRett hadde de jo ikke før i 1913.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Frode Ulvund

Det kommunale valmanntalet for skulle byggje på det utarbeidde manntalet for stortingsval (Cirkulære fra Indredepartementet til Amtmændene 10.6.1901). Dette manntalet var igjen underlagt lova av 24. februar 1900: Lov om Mandtal og Storthingsvalg, med etterfølgjande rettleiing i Rundskriv ang. Loven om Mandtal og Storthingsvalg av 1. mai 1900. I følgje rundskrivet skulle opptaking i manntalet skje utan at den stemmeberettiga sjølv måtte ta initiativet. Manntalsføraren skulle ta utgangspunkt i manntala frå sist val (Lova 24.2.1900, § 2) og føreta dei nødvendige undersøkingar for å avgjere kven som skulle opptakast i manntalet - "Indsamlingen af Materialet hertil maa, hvor det findes fornødent, ske ved Hjælp af Personer, der gaar fra Hus til Hus" (Rundskriv 1.5.1900). Vidare skulle manntalsføraren henta dei nødvendige opplysningar ved konferering med dei kommunale og offentlege myndigheiter som har relevante opplysningar, "saaledes Fattigcommissionen, Skifteretten, Paatalemyndighede, samt ved Undersøgelser i Polititidende". Rundskrivet seier også at fødelsår og evt. grunn til suspensasjon av røysteretten skal oppgis. Lova påla manntalsføraren å setje opp eit utkast til manntal, og ei liste med dei som ein ikkje kunne innføre (§3). Ei manntalsnemnd med manntalsføraren og minst to andre menn som formannsskapet valde, skulle gjennomgå listene, både manntalet og listene over dei som ikkje oppfylde kriteria. Seinast 32 dagar før valet, skulle dei reviderte listene leggjast ut offentleg for gjennomsyn med høve for å klage. Paragraf 4 i lova seier at desse listene bør kunne utleggjast som avskrift eller avtrykk av dei originale listene. Det er altså desse trykte og til publikum utlagte avskriftene som er grunnlaget for den digitale versjonen i DP.Det kommunale manntalet skulle altså utformast i samsvar med det statsborgarlege. Enkelte detaljar, mellom anna tidsfristar, kan ein elles lese seg til i lova om endringar i formannsskapslova for byane 29.5.1901.Kvinner fekk avgrensa kommunal røysterett i 1901, og står oppførte allereie i manntalet for 1901. For fleire detaljar om den enkelte, som fødeår og årsak til røystesuspensjon, må ein gå til dei originale listene ved Statsarkivet.Ein skal heller ikkje sjå bort i frå at det kjem fleire slike manntal utover vinteren.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Britt Frank

Takk, Frode, for utførlig forklaring! Før innlegget mitt hadde jeg selvsagt lest merknadene for denne databasen. Om min oldefar hadde skattet for 400 kr. vet jeg ikke - dersom ikke, ville kona neppe ha vært oppført. Norsk borger var han óg, ekte Sunnfjording. Jeg skal forhøre meg på SAB, men det blir ikke i natt...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Frode Ulvund

Berre for å presisere - for menn var røysteretten ålmen. Reglane om skatt på ei inntekt på minst 400 kroner galdt berre når det var spørsmål om ei kvinne skulle ha røysterett.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.