Gå til innhold
Arkivverket

[#1662] Niels Lykke og garden "Lyckebø" i Sunnfjord


Gjest Kate Øren
 Del

Recommended Posts

Gjest Kate Øren

Niels Lykke (1492-1535) var dansk adelsmann og norsk riksråd, og vart sendt til Noreg i 1528 av kong Fredrik I. Her vart han gift med Eline Nilsdotter Gyldenløve, dotter til fru Inger til Østraat.Niels falt i unåde hos kong Fredrik, kona døydde, og han fekk ein son med svigerinna Lucia Nilsdotter. Henne kunne han ikkje gifte seg med ifølge kyrkja sine lover, endå han henviste til at han hadde tatt opp den lutherske læra.Hans gamle fiende Olav Engelbrektson benytta seg av sjansen, og lot Lykke, utan lov og dom, brenne ihjel julaftan 1535.Sakens kjerne er at det i mange hundre år har versert eit seigliva segn om at Løkkebø vart busett av ein lovlaus mann tidleg på 1500-talet. I 1567 er den nemnd som Lyckebø.Kanskje søkte Niels Lykke ly på denne avsidesliggande garden før han vart henretta (OM han verkeleg vart det..)... men kor sannsynleg er dette eigentleg?Spørsmålet er retta like mykje til brukarane, og eg lurer på om det finnast meir utfyllande informasjon om Niels Lykkes "liv og levned" enn det som står i leksika. Kanskje finnast det andre enn Lykke som kan ha vore den lovlause nybyggaren!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Det eksisterer en rekke morsomme og fantasifulle forklaringer på opphavet til norske gardsnavn. Svært mange av dem står nok langt fra det som kan regnes som rimelige forklaringer.Løkkebøen, gnr. 58 i Kinn, forklares hos Rygh: "1ste Led lykkja f., indhegnet Jordstykke. Maaskee har Oprindelsen til denne temmelig afsides liggende Gaard været en indhegnet Udslaatt."Adelsmannen Niels Lykke ville neppe ha funnet seg til rette på en rydningsplass i Sunnfjord, uansett hvor ettersøkt og livstruet han måtte være.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kate Øren

Tja, når det gjeld segner er det nok alltid smurt tjukt på.Kven som fann ut at Niels Lykke var ein kandidat til opphavet, veit eg ikkje, men blant enkelte folk frå garden sjølv, er det nærmast opplest og vedtatt av det var han om rydda garden.Det er jo lite sannsynleg at det var akkurat han, men det kan jo vere hald i historia om at det kom ein fredlaus mann til Løkkebø. Ein mann på rømmen ville nok sjå på Løkkebø som ein rimeleg trygg stad å vere, avsidesliggande som den er. Elles tykkjer eg Rygh si tyding av namnet ikkje er så mykje å stø seg til, all den tid "lykkja" og "bø" tyder omlag det same.Forresten, ein annan ting med Løkkebø. I den nya boka av Torkjell Djupedal (om kyrkjer i Sogn og Fjordane) står at fem mann frå Løkkebø drukna på Endestadvatnet og dreiv opp på ein holme (Likholmen). Den versjonen eg alltid har høyrt går ut på at det var menn frå Hyen-området som omkom.Dette skal vel gå an å sjekke i kyrkjebøkene!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kate Øren

Eg gløymde å fortelje kortid denne drukningsulukka fann stad. Det må vere før kyrkja i Eikefjord vart bygd, altså 1812. Ein stad mellom 1770 og 1810, vil eg tru er rimeleg å gå ut ifrå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.