Gå til innhold
Arkivverket

[#1685] Feil patronym på ei Anna frå Os i FT 1900 for Års


Gjest Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Eg har funne ein mogleg feil i FT 1900 for Aarstad kommune (- slukt av Bergen by i 1915): Ei Anna, f. 1866 i Os SB, gift med arbeidar Kristian Olsen, f. 1863 i Bergen, bustad Solheim Nordre (gnr. 7, bnr. 26) i Aarstad; - har truleg feil patronym/farsnamn i folketeljinga for 1900. For der står det Olsen. Men dét er mannen sitt farsnamn. Hennar rette farsnamn er Tomas/Thomas.Anna er dotter av Thomas Knutsen og Agata Nilsdtr. på garden Øvre Eide (evt. Øvreide) i Os. Brørne til Anna, Knut og Nils på Øvre Eide og Ole i Fana; har alle Tomas til patronym. Ei søster, Ingeborg, f.1856, g. Elling Andersen på Moldekleiv i Alversund, har også Tomas som farsnamnm. Alle desse har same faren. Og i tillegg: Anna og Kristian er oppførte med fem søner ved FT i 1900. Den nesteldste, f. 1891, heiter Tomas etter morfaren.Dersom dette er ein feil i høve til originalen (FT 1900 for Aarstad), så kan de vurdere å retta folketeljinga. Men om det står Olsen i originalen så får det stå som det står -.Med venleg helsing, Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Originalen har Olsen på familiefaren, og gjentakelsetegn på resten av familien. Gjengivelsen "Olsen" på resten i web-versjonen lar seg følgelig så avgjort forsvare.Og forklaringen er nok at man var inne i prosessen som førte fra patronymikon til faste familienavn (endelig fullført med navneloven i 1923). Den overgangen kom tidligere i by eller bynære områder. I Bergen ser vi begynnende tendens til overgangen alt på slutten av 1700-tallet. Og i kondisjonerte familier var det jo ganske vanlig også på et enda tidligere tidspunkt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.