Gå til innhold
Arkivverket
Gjest EVa Kalmér Savjord

[#1721] Lungegården, Bergen

Recommended Posts

Gjest EVa Kalmér Savjord

Jeg lurer på om Lungegården i Bergen var et sykehus , og eventuellt hvilke pasienter som kom dit ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Det spørs kva tid det gjeld. Opphaveleg var det ein gard. Men kring 1850 vart det bygd eit sjukehus der for spedalske. Dette brann ned etter kort tid, men vart straks bygd opp att. Litt lenger oppe på same garden vart nokre år seinare Pleiestiftelsen for spedalske No 1 bygd. Dette bygget finst framleis oppe i Kalfarbakken.Då det vart færre spedalske og fleire tuberkuløse, vart Lungegården sjukehus teken i bruk for sistnemnde. Då jernbanen utvida området sitt, vart Lungegården sjukehus rive.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest EVa Kalmér Savjord

Det gjelder året 1910.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg har sett etter i ein artikkel eg har laga om Armauer Hansen. Der står det at sjukehusa for spedalske, både Lungegården, Reknes ved Molde og Reitgjerdet ved Trondheim, kring århundreskiftet (altså ca. 1900) var omgjorde til tub-sjukehus. Her eg sit no, har eg diverre ikkje anna å sjå i. Men det står nok meir utførleg om dette i Bergen byleksikon. Skal sjå etter der seinare i kveld.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Lungegården sjukehus var statleg leprasjukehus frå det var ferdig i 1849 og til 1895. 1895 vart det seld til Bergen kommune som nytta det som epidemisjukehus fram til 1912. Då vart det tuberkulosesjukehus underodna Haukeland sjukehus som vart teke i bruk det året. I 1910 var det altså eit kommunalt epidemisjukehus.Lungegården sjukehus vart rive i 1953 for å gje plass til utviding av jernbaneområdet. (Kjelde: Bergen byleksikon)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Korrigering: Det vart seld i 1897.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest EVa Kalmér Savjord

Tusen takk for opplysningene !

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×