Gå til innhold
Arkivverket

[#1781] Heimstadsdresser til Kolerasjuke på Vestlandet 184


Gjest Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Til Bjørn Davidsen: Eg har med stor interesse bladd i den oversikten du har utarbeidd over Kolerasjuke på Vestlandet, og har følgjande spsm.: - Kvar kom desse folka frå? Eg meiner, "talkodene" under adresse-rubrikkane indikerar tydelegvis heimstaden til vedkomande pasient, men kvar finn eg oversynet/forklaringa som fortel meg (- og andre brukarar) KVA som gøymer seg bak dei einskilde talkodene ??Dersom du allereie har lagt ut ei slik forklaring må eg be deg opplysa meg om dette, då eg i mitt einfald ikkje har greidd å finna noko oversyn.Mvh., Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Det er ikkje noko "tall-kode" eg har laga, men rode+nr. som vart nytta som adresse på hus i Bergen. "Konverterings-tabellen" for dette har andre lagt ut her på DA. Du finn den fleire stader, m.a. under "Nyttige lenker", trur eg. Eg trudde dette var noko "alle" kjende til som er inne på DA sine Bergens-filar (for der finst same type rode+nummer-adresser). Derfor la eg ikkje ut noko merknad om det. Når der er to adressefelt i det registeret, er det avdi eg ofte fann to adresser i protokollane. I Bergen er Adresse2 stort sett sjukehusa; kor dei døydde, medan Adr1 nok er heimeadressa. Den mest vanlege tall-adressa i Adr2, 22-1, er Christi Krybbe lasarett like ved Fløybanen, altså Rode 22, hus nr. 1.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Takk skal du ha. Dette burde eg hå skjønt eller tenkt meg til på eigen hand. Ser at sansene mine sløvast av å bu i landets einaste FrP-kommune. Stadig nye klovnar og andre aktørar i manesjen til Cirkus Hagen tek diverre merksemda frå andre (- og meir vesentlege) saker -.Mvh.; Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Men verre, verstingane (Hagen, Jensen, Søviknes og Moe, som gjorde sitt ytterste for å skjula det de veit, og som attpå til blir indignerte når nokon skriv om det) må faktisk tru at målet er nådd; at ingen tenkjer. At Kleppe skulle få sjansen til å stå fram som den personifiserte fornuft og måtehald er knapt til å tru.Men no må eg nok slå meg sjøl på handa; dette har då ingenting med kjeldene i DA å gjera. FY, Jan.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Sei ikkje det. Hadde formødrene til Kleppe på Fedje vore like hardbarka motstandarar av innvadrarar som han, ville han Vidar kan hende aldri vore til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Og sidan Jan Oldervoll denne gongen tydelegvis gjev oss løyve til å drive behageleg langt ut på viddene: FrP er eit parti for alle lag av folket, mao. no også for dei som ikkje veit sitt eige beste. Dei har etter alt å døma sine sterkaste talerøyr i dei nemnde karane i innlegga ovanfor.Fedje eller ikkje Fedje, Os eller ikkje Os; - at alle Nord- og MidtHordlendingar skulle vera like fornuftige/vetige var vel strengt tatt å håpa på litt for mykje .....Og det er det på tide å seia takk til meg -.Nok tull i frå Terje H., ha ein fin kveld på DA.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Og sidan Jan Oldervoll denne gongen tydelegvis gjev oss løyve til å drive behageleg langt ut på viddene: FrP er eit parti for alle lag av folket, mao. no også for dei som ikkje veit sitt eige beste. Dei har etter alt å døma sine sterkaste talerøyr i dei nemnde karane i innlegga ovanfor.Fedje eller ikkje Fedje, Os eller ikkje Os; - at alle Nord- og MidtHordlendingar skulle vera like fornuftige/vetige var vel strengt tatt å håpa på litt for mykje .....Og då er det på tide å seia takk til meg -.Nok tull i frå Terje H., ha ein fin kveld på DA.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Me må vel tillata oss å koma litt ut på viddene, no og då. Eg tilhøyrer dei som ser dei positive sidene med FRP. Leiarskapen lærer oss gjennom sitt (dårlege) eksemplel kva politisk etikk er for noko. Og det er det mange som treng læra. Og Kleppe sin rasisme er det råd å forholda seg til og tillegg får han mange til å finna ut for seg sjølv at rasismen me alle ber i oss må bekjempast. Han er på mange måtar antirasismen sin beste hjelpar.Det er verre med bestemorrasismen. Eller utanriksministeren, som kan få seg til å stå fram og gjera moro ut av namnet til ein statsoverhovud frå ein afrikansk stat. Er me ikkje eit grunnleggjande rasistisk samfunn, sjøl om me ikkje likar at forvirra naziyngel slær i hel ein av våre nye landsmenn? Men me let folk med nyttig og høveleg kompetanse gå arbeidslause; eine og alleine fordi dei er utlendigar, eller gjera det arbeidet me er blitt for fine til å gjera.Og me har så liten repekt for folk lenger sør at me ikkje reiser til Hellas eller Spania; me reiser til Syden, landet me sol, sand og billeg vin der me kan oppføra oss nett som me vil, og i alle høve ikkje slik me ville gjort heime. Berre når me kjem så langt bort at naboen sikkert ikkje har vore der, får land namn att. Takka meg til Kleppe.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Helge Seglsten

Enig, og Benjamin var ikke engang noen ny landsmann. Han var født i Norge med norsk mor, og hadde aldri vært landsmann noe annet sted enn her i det furete værbitte. Jeg vil tro at forfedrene til Kvisler, en av dem som var med på udåden, på bakgrunn av etternavnet også må være blant de mange som har tatt seg hit til lands med seil og hæl...Per Helge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristian Fjeldsgård

Se så, man kan jo komme litt inn på kilder denne veien også. En ting er at Hordene og Rygene er gode innvandrere som alle andre av samme kategori, de var vel til og med det vi i dag vil kalle slavere. Så har vi vår norske variant av den Indo-Europeiske språkgruppen, vel med opprinnelse i Indusdalen i grenseområdene mellom India og - ja - Pakistan. Tor Heyerdal og Per Lilliestrøm har i boka "Ingen grenser" plassert Odin og Tor i Kaukasus, og de norrønne symbolers viderebringing derfra. Disse symbolene er jo funnet vidt omkring, og er ikke særlig nordiske. Innflytteren Kleppe (Til Kristiansand) påberoper seg Vår Herre og FrP's "varme". Det er i denne sammen heng et lite poeng som synes å ha gått folk hus forbi: Den prinsen eller trollmannen fra Os, som står igjen med buksa nede og snurrebassen fri. Burde ikke Hagen et co. beskyttet ham mot seg selv? En ting er at FrP har gitt blaffen i de jentene saken gjelder, men de har jo stillt ut unge Søviknes til spott og spe for et helt folk ved å kjøre ham fram som de har gjort. Så der har vi varmen og nestekjærligheten i det partiet. Menneskeforakten blomstrer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sigbjørn Sandsmark

Det må vel nærmest være ett krav at politikere i alle parti legger ut sin slektstavle på nettet,gjerne koblet til Kolerasjuke. Det kan bli morro å granske om der er arvesynd med i spillet. MVH Sig---

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.