Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R.Sæther

[#1825] Fengselspresten

Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther

Kva opplysningar kan ein finne i fengselspresten sine brev?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Frode Ulvund

Viser til informasjonen om kjelda, som ligg i mitt "rom" i Digitalpensjonatet og som lenke frå sjølve faksimiliane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Frode Ulvund

Som eit døme kan ein trekke fram svensken Alexander Wallin. Han vart innsett i tukthuset 30. september 1870 for tjuveri. Wallin søker om overføring til botsfengslet, og presten erklærer:21. desember 1871: Und.Erkl. Jakob Alexander Jacobsen Wallin mangler hverken Evner eller Erkjendelse, men er upaavirket av Guds Ord og af et lidenskabeligt og påvirkeligt Sind. Afsondring og Ensomhed vilde utvivlsomt være tjenligt for en Person af hans Sindsbeskaffenhed, ligesom jeg ogsaa antager, at han har de fornødne Betingelser for at kunne udholde Bodsfængselsstraffen.I 1875 og 1876 skriv presten i alt fem brev som omhandlar Wallin. Walling drap i 1875 ein vaktar ved tukthuset og vart dømd til døden. 25. januar 1876 vart han henretta ytterst på Nordnes framfor ei folkemengd på fleire tusen. Dette var den siste henrettinga i Bergen, og den siste i det heile (med unntak av krigsoppgjeret) fann stad ein månad seinare utanfor Hamar. Presten hadde ei sentral rolle ved sjølve henrettinga, og 26. januar 1876 skreiv han ei utførleg utgreiing om korleis denne hadde foregått til biskopen. Som dødsdømd er Wallin ikkje typisk for dei andre som blir omtala, men erklæringa gjengitt ovenfor er forsåvidt typisk nok.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Frode Ulvund

For ordens skyld, Wallin vart dømd i Vinger og Odalen sorenskriveri og innsett i tukthuset i Christiania. Saman med 19 andre vart han overflytta til tukthuset i Bergen 22. juli 1871. (Denne overføringa mislikte presten sterkt, noko han gav uttrykk for i innberetninga 24. februar 1872: Østlandsfangerne have i Xania faaet Smag paa at giøre Oprør og ved voldsomme Forholdsregler forsøge at fremtvinge deres Ønsker. Ved sin Ankomst hid begyndte de strax med at føre store Ord i Munden og lagde an paa at imponere." og presten avslutter med "Det forløbne Aar har i det Hele været et uhyggeligt Aar")

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Mange takk for utgreiinga. Då kan ein altså gå ut frå at dei personane som er nemnde i registeret, var straffa av ein eller annan grunn, men at det vil vere tilfeldig kva det aktuelle brevet gjev opplysningar om, er det så?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Frode Ulvund

Ja, dvs. dei aller fleste som er nemnde er straffedømde. Det finns nokre unntak der namna gjeld personar som har søkt stillingar ved straffeanstalten, som lærar, og der presten gjer uttaling om desse. Kva som er kva, vil gå fram av breva.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sigbjørn Sandsmark

Undrast på om ikkje der er feilskrift Birkeland i staden for Brikland,fol 127a Mikal Mikalsen (523)Er det feilskrift så blei Mikal Mikalsen Brikland med tid og stunder frikjent med full oppreising.Eg har sett kongens underskrift på det. MVH Sig---

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sigmund Sunde

Selv ble jeg beroliget av fengselsprestens uttalelse om min tippoldemors bror, da han tross sine handlinger ikke var av en aldeles slæt charachter. Men så er spørsmålene: 1)hvorfor satt han der? Hvor finner man f. eks. rettsprotokoller? 2)I et innslag i Norge Rundt fra Riksarkivet så vi bilder fra gamle forbryteralbum - ble også de innsatte på festningen i Bergen i 1860-70årene fotografert?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Frode Ulvund

Som i alle avskrifter, er det sikkert feil her også. Tolkingar eg har vore usikker på er markert med "??". Akkurat i tilfellet Mikal Mikalsen er eg meir usikker. Eg tolkar etternamnet som Brikland, og det same er tilfelle ved innsetjinga i tukthuset. Uansett finn ein bilete av originalkjelda her, og slik kan ein tolke sjølv.Årsak til innsetjing vil ein i nokre tilfelle finne i fengselspresten sine attestar, ellers vil det vere ført ved innsetjing i straffeanstalten. Desse innførslene vil også oppgje dommen, slik at den kan attfinnast. Forbrytaralbumet du har sett, er sikkert frå Botsfengslet i Oslo. Eg kjenner ikkje til at det finns tilsvarande bilete frå Bergen, men ein god del av fangane i Bergen fekk innvilga søknad om overføring til Botsfengslet, og slik kan ein kanskje finne att nokon i deira bilet-arkiv.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.