Gå til innhold
Arkivverket

[#1841] Vigde Leikanger, Sogn og Fjordane


Gjest Aase R.Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther

Dette er ikkje noko spørsmål, og DA er ikkje ansvarleg for innhaldet i denne kjelda (som ligg i DP); eg plasserer likevel innlegget her.Eg har nettopp (for eg veit ikkje kva for ein gong) gjort ein brukar merksam på at fødselsåra til brudgom og brur er fiktive i ein periode i dette prestegjeldet. Ei sikkert velmeinande sjel har gjort alle brudgommane 30 år gamle og brurene 10 år yngre. Trikset er ikkje så lett å oppdage dersom ein berre ser på resultatet av eit søk, men følgjer ein lenka vidare til den kronologiske lista, vil ein sjå at alle menn vigde i 1800 er fødde i 1770, og det var dei nok ikkje! Ekstra gale blir det når folk gifter seg fleire gonger - då kan ein få fram likelydande namn med ulike fødselsår, og bli lurt til å tru at det er ulike personar.Eg vil ta dette opp direkte med fylkesarkivet, men skriv det uansett her som eit tips til andre brukarar. Og dei som ikkje har skjønt det, er ikkje åleine!Kanskje kan problemet gjelde andre prestegjeld óg, det veit eg ikkje, men Leikanger har det i alle fall.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.