Gå til innhold
Arkivverket

[#2051] Landlyst


Gjest Aase R.Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther

Sidan ingen i forum 3 hadde noko forslag, er eg så fri å spørje her, sjølv om eg ikkje har funne ordet i kjeldene i DA.Når ein mann vart landlyst, måtte han då ut av landet, eller heldt det å reise til ein annan kant? Ville han ta med seg kone og born? Ville det vere rom for at han kom att etter noko tid?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Med overhengjande fare for å gje meg ut på heller tynn is: g har sett / lese døme på at han eller ho som vart 'landlyst' berre vart sendt ut av landsdelen, det vil seia ut av eige 'stift'. Altså at ho eller han som vart dømd til forvising frå Bergenhus stift brått dukkar opp att i til dømes Finnmarkesn amt.Men det var vel kan hende slik at det å bli sendt til Finnmark og gjerne då ytterst i havgapet kring Nordkapp vart rkna for å vera jamngodt med landsforvising for 250-300 år sidan? Med andre ord, at klimaet og landet var så vilt og hardt at det vart rekna fpor å vera jamngodt med dødsdom for ein stakkars 'søring'??Eg meiner òg å ha lese eitt og anna om danske adelsmenn som hadde gjort brotsverk mot kongen, og som - i eitt og anna høve - ikkje vart dømde til å missa hovudet men i staden vart 'landsforviste' til Finnmark. Som i denne samanhengen altså vart rekna for å vera jamngodt med døden eller endå værre.Mvh., Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Med overhengjande fare for å gje meg ut på heller tynn is: Eg har sett / lese fleire døme på at han eller ho som vart 'landlyst' berre vart sendt ut av landsdelen, det vil seia ut av eige 'stift'. Altså at ho eller han som vart dømd til forvising frå Bergenhus stift brått dukkar opp att i til dømes Finnmarkens amt.Men det var vel kan hende slik at det å bli sendt til Finnmark og gjerne då ytterst i havgapet kring Nordkapp vart rekna for å vera jamngodt med landsforvising for 250-300 år sidan? Med andre ord, at klimaet og landet var så vilt og hardt at det vart rekna fpor å vera jamngodt med dødsdom for ein stakkars 'søring'??Eg meiner òg å ha lese eitt og anna om danske adelsmenn som hadde gjort brotsverk mot kongen, og som - i eitt og anna høve - ikkje vart dømde til å missa hovudet, men i staden vart 'landsforviste' til Finnmark. Som i denne samanhengen altså vart rekna for å vera jamngodt med døden eller endå værre.Mvh., Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg trur ikkje det kan vera nokon tvil om kva ordet tyder. Men korleis ei slik landsforvising betydde i praksis er noko anna. Og eg kan vel tenkja meg at danske adelsmenn kunne bli landsforviste til Finmark.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frode Ulvund

Forvising til Finnmark var ei av straffane i Christian 5s norske lov, og galdt ikkje berre adelsmenn, men alle som braut 6-13-13 om løsagtigheit og incestuøse forhold. Denne straffa vart ikkje avskaffa før med straffelova frå 1842, og fram til den finn ein framleis folk som sona straff med forvising til fiskeleiene i Nordland og Finnmarks amt, omlag 20-30 menn og kvinner til saman ved utangen av kvart år på 1830-talet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.