Gå til innhold
Arkivverket

[#2098] St. Martini kirkegård


Gjest Hans Mathisen
 Del

Recommended Posts

Gjest Hans Mathisen

Jeg har 3 spørsmål vedr. St. Martini kirkegård:1. I hvilken kirkebok finner man de gravlagte på Martini kirkegård? Er det kanskje i kirkebok for Korskirken?2. Var St. Martini kirkegård også i bruk etter 1815?3. Hvem var det som ble gravlagt der?På forhånd takk for hjelp.MVH Hans Mathisen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

1. Du finn dei nok under Krosskyrkja.2. Om du ser på statistikken for åra 1800-15, vil du sjå at talet på gravlagde på SM fell drastisk frå 1809. Det er avdi Fredens Bolig på Stølen då tek over. Det kan nok hende at nokre vart gravlagde på SM i dei næraste åra etter 1815, men neppe i særleg mange år.3. Vanlege folk, vil eg tru. Den var fattig/hjelpe-kyrkjegard - og hadde tidlegare vore kyrkjegard for Martinskyrkja. Denne kyrkja brann 1702. På tomten etter kyrkja vart Christi Krybbe skule bygd 1737 (fattigskule for Krosskyrkja).Kyrkjegarden låg på området mot der Fløibanen i dag har nedre stasjon. Eg vil tru mykje av kyrkjegarden vart sletta då Øvregaten skule vart bygd attmed CK i 1874.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hans Mathisen

Mange takk, Bjørn. Som du kanskje har gjettet alt, leter vi fortsatt etter Maria Jørgensdatters slekt og opphav. Vet nå at både hun og mannen samt to av hennes egne barn (spebarn) ble gravlagt på St. Martin i årene 1805-13, men vi har ikke klart enda å finne begravelsen til Marias datter Gunilde Marie Ivarsdatter, f. 1802. Hennes ektemann Henrik Johan Fredrik Wilhelm Hess (puh!), som hun ble viet til i 1829, gifter seg om igjen som enkemann i 1842, så Gunilde Marie burde kunne finnes begravet noe før dette året. Siden hun ikke lar seg finne i DAs data, antok vi at hun også kunne være gravlagt på St. Martin. Vi planlegger en tur til Riksarkivet denne uka, så får vi se etter henne i kirkebok for KK.Om hun er gravlagt på Fredens Bolig på Stølen, ville hun da vært inkludert i DAs materiale på nettet? Og vil vi også da finne henne i kirkebok for KK?MVH Hans

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Så vidt eg veit er alle gravlagde etter 1816 med i den basen. Dei som evt. vart gravlade på SM og FB, vil du finne under KK.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg har funne i ei dødefil eg har for Bergen, Helene Marie Hess, kone til Søfar. Freder. Hess, 30 år, d. 1102, begr. 1802 1841 i Nykjerka, med adresse 1-127 (langt ute på Nordnes). Dødsårsak: Brystsvaghed.Det vanter rett nok 10 år på alderen og fyrste førenamndet er ikkje heilt det same, men .....Den filen eg har, skal vere komplett avskrift av kyrkjeboka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

No ser at dei same dataene ligg på DA-basen òg. Det må vere henne. Hess bur jo på Nordnes når han gifter seg på nytt, så eg er viss på at det er henne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hans Mathisen

Takk igjen, Bjørn, for ditt vennlige nattarbeid!Jeg tror du har rett. Ikke rart vi ikke har funnet henne når hun plutselig kalles Helene Marie istedenfor Gunilde Marie. Og dessuten er 10 år for ung. Men navn og tittel på ektemannen, dødsåret og altså også afressen overbeviser oss om at dette er "vår" Gunilde.Du sier "ytst på Nordnes". Betyr det at 1. rode nettopp var ytre Nordnes? (Ønsker meg en oversikt over rodenes beliggenhet og tilhørighet til de ulike menigheter. Finns det på nettet?)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Det finst eit kart frå omlag 1860 kor rodegrensene er teikna inn, men eg trur ikkje det ligg på nettet. Dessutan er det vanskeleg å sjå grensene når kartet er lite. Men sjølv utan kart, men med hjelp av filen "Overgang fra roder til gatenamn", som ligg under nyttige lenker, skal eg prøve å gje eit generelt oversyn:Rodene er nummerete frå yste Nordnes (1) og innover mot byen. Men etter kvart vert Nordnes òg delt på langs slik at du får ein på kvart side. Når du derimot kjem inn til rode 9, går den tvers over frå Vågen til Nøstet og har med m.a. Knøsesmauet. Deretter kjem 10 på omlag same vis og dekkjer m.a. Muralmenningane, Halvkandebakken/Kjellersmauet, Banevegen og den delen av Nøstet som går mot Dragefjellet. 11 dekkjer neste område kring Engen og går mot Dragefjellet.Deretter kjem det nokre rodar i sentrum (12-16) som eg ikkje hugsar grensene til.17, derimot, er Vågsbotn og husa i Kong Oscarsgt. på den sida. 18 er Marken og området frå St. Jørgen og innover mot Domkjerka. 19 er stort sett Kong Oscarsgate/Lille Øvregate-området mot Domkjerka. 20 er området kring Hollendargata/Torget, medan 21 er området kring Vetrlidsalmenning opp mot Skansen frå Fløibanen. 22 tek neste bit frå sjøen og oppetter fjellet og 23 neste ut til omlag Mariakyrkja og opp mot Hødden. 24 er yste del av Bryggen, Dreggen og Skuteviken.Men rodegrensene var ikkje "firkanta". Difor lyt du ha eit kart for å sjå dette skikkeleg - eller nytte deg av nemnde konverteringsbase - eller: Frode Ulvund sitt kart med høve til å velje anten rode/husnr. eller gatenamn og få det plotta inn på kartet med pil. Dette ligg på nettet under DP: Frode Ulvund/"Kart over Bergen 1900".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Å, den var no berre sånn passe. Men om eg finn det kartet eg tenkjer på, skal eg legjja det ut på nettet. Det ligg i ein eller annan haug her, men eg må nok rydde litt før eg finn det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.