Gå til innhold
Arkivverket

[#2115] Vedk. døde i Bergen e. 1911: Ei Oline Andrea f. i


Gjest Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Eg ser det er registrert fleire damer med førenamnet 'Oline Andrea' mellom dei døde i Bergen etter 1911 (1911 - 1972). Denne databasen fortel som kjent ikkje utan vidare kvar vedkomande eigentleg kom ifrå eller alderten til vedkomande.Er det mogeleg å sjekka om éi av dei var fødd i Os prestgjeld og hadde eit etternamn som inneheldt Krüger??Ho eg søkjer etter er Oline Andrea Hansdtr. Krüger, f. 7. april 1852 i Fuse sogn i Os Prestegiæld, dotter av høvesvis 'pige' Gura Larsdtr. Store Lie (- Storlid), 1822 - 1901 og 'proprietair, landhandler, gift' Hans Christian Severin Astrup Krüger 1825 -1886; begge f. & b. Fusa. Oline flytte med mor si til Os, dvs. ti Haugstræet under Hauge; då mora vart gift der. I 1867 vart Oline Andrea konfirmert i Os kyrkje.Ved folketeljinga for Kristiania i 1875 er ho tenestejente for huslyden til Marcus Pløen Ingstad, professor i Romersk rett; farfar til Vinlands-fararen og forfattaren Helge Marcus Ingstad. Oline Andrea nytta då etternamnet Krüger etter faren.Eg finn ho ikkje att etter 1875, heller ikkje i oversynet over dei utvandra. Har leitt etter henne lenge, men diverre fånyttes. Det er sjølvsagt mogeleg at ho kom attende til Vestlandet, eksempelvis då Bergen; vart gift og døydde her.Difor, har De høve til å sjå etter om ei av dei mange 'Olinene' kanskje er den eg leiter etter??På førehand mange takk & Mvh, Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Utfyllande info:Denne Hans Christian Severin Astrup Krüger var elles ein av sønene til Hans Jochumsen Astrup Krüger; begge landhandlarar på Skjørsand i Fusa og begge to ordførarar i det gamle Ous; dvs. dei tre kommunane Os, Samnanger og Fusa i dag.Hans Chr. Severin A. Krüger vart elles gift med Ingeborg Hansdtr. Litlelid frå Fusa i 1844 og fekk etter kva eg kan sjå fjorten born med henne.Igjen, på førehand takk; - Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Au då! Ingen namn på aktuelle "kandidatar" frå oversynet over døde i Bergen - dette vart jo heilt håplaust!Eg gløymde diverre å nemne dei damene som eg trur kan vera aktuelle, beklagar - her er dei:1. Oline Andrea Merlees, d. okt 23 19132. Oline Andrea Lynstad, d. apr 21 19213. Oline Andrine Skjelanger,d. des 10 19254. Oline Andrine Sivertsen, d. jul 04 19275. Oline Andrea Ellingsen, d. apr 12 1942Spsm. var altså om éi av desse hadde Krüger som jentenamn, evt. 'Hans' som patronymikon?Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.