Gå til innhold
Arkivverket

[#2486] Torger Andreas og Anna Henrikke Torgersen.


Gjest Bengt Kvammen
 Del

Recommended Posts

Gjest Bengt Kvammen

FT-1891 Bergen. Torger og Anna er gift. Der er opplyst at de er tremenninger. Kan noen hjelpe meg med deres felles aner. De er begge født i Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg veit ikkje kor mykje meir du veit om dei. Men å finne deira felles aner er ikkje heilt lett, sidan det er mange ledd og mange kombinasjonar å sjekke. Men eg kan etter litt søk, by på:Torjer Andreas Torgersen var fødd utanfor ekteskap 1007, døypt 3007 1843 som son av "Afg. soldat Torjer Brynjelsen Mølster (vossing) og Christine Andersdtr.", oppgjeven adresse 22-67.Anna Henrikke var fødd 3006, døypt 0309 1848 som dotter av bødkerarb.m. Nils Jensen (frå Hafslo) og Anne Karine Knudsdtr.NJ og AKK vart vigde i KK i Bergen 0112 1833. Han var då 28 år 4 mnd, ho 22 3 og døypt i KK.AKK var dotter av bødker Knud Michelsen og Marte Rasmusdtr. og fødd 1307 1811 (KK).KM og MR vart vigde 2612 1810 i KK. I 1815 budde dei truleg i 4-50, i alle høve er det adressa deira då sonen Michel vart fødd i 1815. Men i 1815-tellinga finn du dei ikkje, truleg avdi 4-50 manglar i tellinga.Kven denne CA var dotter av og kor tid ho var fødd, står det ikkje noko om då sonen vart fødd. Difor er det vanskeleg å finne ei lenke mellom TAT og AHN. Men anten KM eller MR må vere syster eller bror til anten ei av foreldra til CA eller TBM, mest truleg til den fyrste. Men så lenge me ikkje veit kven CA var dotter av, er dette ikkje lett. Går du i kyrkjebøkene og ser på fadderlistene, kjem du kan hende eit hakk vidare. Lukke til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Knud Mich(a)elsen finn du i 1803-05-tellinga som læredreng hjå bødker Heitmann. Då står det at KM er frå Lerøen i Lindås og 16 år. I 1801 er han alt i lære hjå Heitmann, i sitt 14. år. Han må nok ha stått læretida ut hjå Heitmann, for adressa 23-127 minner mykje om Heitmann sin adresse.KM må med andre ord ha vore i lære der samstundes med at Gjest Bårdsen vart teken inn som læregut hjå Heitmann hausten 1804. Men medan GB stakk av og kom attende til Heitmann sine som tjuv, vart altså KM utlærd bødker - og døyde truleg i 1843, 55 år gamal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Marte Rasmusdatter døyr 12011817 på barselseng etter å ha fått dottera Malene. KM(L) gifter seg oppatt i april 1818 med Ane Kirstine Rognaldsdtr. og for nokre barn med henne. Han har truleg òg ein yngre bror, Erik. I alle høve er det ein Erik Michelsen Lerøen frå Lindås som er bødker og gifter seg i 1832 som Uk., vel 39 år gamal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.