Gå til innhold
Arkivverket

[#2684] Bergen/Innvik Catrine Jonsdatter, g.Hille/Hilde


Gjest Karin Gald Semb
 Del

Recommended Posts

Gjest Karin Gald Semb

Kan nokon finne ut meir om mi t-t oldemor? Ektemannen Mons Østensen kom frå Hilde i Innvik.Når det gjeld kona,Catrine Jonsdatter, har eg ingenting å støtte meg til, bortsett frå at dei blei gift i Bergen DK 11.april 1802. Eg har søkt i bygdebøker og kyrkjebøker (ikkje-digitale) for Nordfjord i tilfelle Mons fann kone på heimlege trakter, men utan resultat. Tusen takk for eventuell hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Hamberg

Hvis du ikke allerede har funnet det: FT 1815 for Bergen viser at Catrine Jonsdatter da var enke. Mons Østensen Hilde døde 18 sept. 1814 (se døde i Bergen)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Dei fekk i alle høve fire born i Bergen. Du finn òg minst to ugifte tenarar i Bergen 1801 med same eller likande namn. Ei CJ er hjå ein bondehandlar Thaaning som tenestejente. Så vidt eg veit har Thaaning (Tonning) namnet sitt frå Nordfjord. "Krake søkjer make" - du skal ikkje sjå bort frå at dei båe var frå Nordfjord, sjølv om du ikkje har funne henne der så langt.Eg ville starta med å sjå etter kven som var faddarar til borna, evt. om det står noko meir i kyrkjeboka i samband med truloving eller vigsel, ut over det som ligg på DA.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Hamberg

Når det gjelder Bergen og Vestlandet har jeg selv bare Digitalarkivet (+ eventuelt RHD) å vise til. Jeg har imidlertid inntrykk av at dette debattforumet også frekventeres av personer som er helt utrolig ressurssterke på det området. Håper de kan hjelpe deg videre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Gald Semb

Tusen takk begge to! Korleis fann du CJ i 1801 FT? Eg har søkt på alle skrivemåter, men fann ingen CJ.Tonning er så absolutt frå Stryn! Når det gjeld antall born, finn eg berre 3; Johannes, min tipp som emigrerte, og Malene og Ole.Heilt enig, utruleg mange ressurssterke og engasjerte slektsforskarar! Men kven var denne Jon, og korleis finn eg namn på faddere i Bergen ? Karin

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

2609 0410 1809 Karen Magdalene, far: Mons Østensen Hilde, mor: Catharina Johnsdtr., dei bur: 16-55 og kyrkja er DK.I 1801: Hjå Jacob Thanning: Catrina Jonsdtr., 25, tienestefolk, tienestepige ugift.Veit jo ikkje om det er henne, men...Faddere finn du i kyrkjeboka som ligg på SAB.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Hamberg

Det kan se ut som de faktisk fikk fem barn; "Gravlagde i Bergen 1668-1815" oppgir dødfall og begravelse for en Rasmus Hille (1/2 år), sønn av bordarbeider Mons Hille, i April 1807. Du vil imidlertid finne at Mons og Catrine også fikk en sønn Ole i Aug. 1806 ("Døypte i Bergen 1668-1815). Hvis dette skal kunne "henge på greip" vil jeg tro at barna Ole og Rasmus var tvillinger født i Aug. 1806.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Gald Semb

Takk igjen begge to! Er SAB Statsarkivet i Bergen,og er det mogleg å få digital kontakt? Kanskje dukkar det opp fleire barn etter kvart! Det finst dessverre altfor mange Jon i "Indvig",og Catrina fell mellom alle søkbare årstall, men eg er optimist...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Du finn henne død som Johnsdtr. Hille eller noko slikt i 1844; søk på etternamn "innheld" "Hil". Ho døydde på datidas gamleheim på Nøstet, Nykjerkas fattighus, Wallemskjellaren, same staden som mormora til Amalie Skram døydde noko seinare.SAB er sjølvsagt Statsarkivet i Bergen. Dei har òg epost, men den er endra no, så sjå under "nyttige lenker" nere til venstre. Der finn du lenke til SAB si heimeside.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Gald Semb

Sjølv om gåta ennå ikkje er løyst,så har eg fått mange nyttige tips som vil hjelpe meg vidare. Hjerteleg takk! Ei oppmodning til slektsgranskarar frå Stryn og omegn: Ver med i debatten! Vi har mykje informasjon som vi kan dele. Karin

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.