Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Halvor Peersen

[#2806] Schaanevig og Fieldberg prestegield i 1663-66 tell

Recommended Posts

Gjest Halvor Peersen

Hvilke nåværende kommuner dekket ovenfornevnte prestegjeld?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Det kan vere vanskeleg å forklare ut frå noverande kommunar. Eg har vore inne og sett på gardsnamna og kome til at Etne, Ølen og Sveio er med, attåt dei delar av noverande Kvinnherad som tidlegare utgjorde Fjellberg kommune, altså øyane (Halsnøy, Fjellberg osb.), samt truleg òg vestsida av Kvinnheradlandet. Når det gjeld sørsida av Kvinnheradlandet (Holmedal sokn m/Indre og Ytre Matre) er det med under Skånevik, saman med Åkra.Dei gamle kommune- og soknegrensene var jo dregne med bakgrunn i at sjøen var "vegen".

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Ivar R. Tautra

Å seia at kommunane Etne og Sveio er med i hv Skånevik og Fjelberg vert ikkje heilt rett. Det er snarare snakk om delar av desse kommunane òg. Fjelberg prestegjeld bestod av sokna Eid, Fjelberg, Ølen og Vikebygd. Heile noverande Ølen kommune (pluss eit par gardar som er overført til Etne) var altså innlemma i gamle Fjelberg prestegjeld. I tillegg var Halsnøy, Fjelbergøya og Borgundøya med, det området som i dag er ein lut av Kvinnherad kommune. Med Vikebygd forstår ein i dag Austre Vikebygd, dvs den delen av Vikebygd som ligg på austsida av Ålfjorden og er innlemma i Ølen. I det gamle prestegjeldet var òg Vestre Vikebygd med - det er på vestsida av Ålfjorden og utgjer i dag ein mindre part av Sveio kommune.Skånevik er delt mellom Etne og Kvinnherad, slik at dei fleste gardane i Skånevik høyrer i dag til Etne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Spørsmålet var: "Hvilke nåværende kommuner dekket ovenfornevnte prestegjeld? (altså Skånevik og Fjellberg i 1663-66 tellinga!). Av det som ligg ute på DA av den tellinga, ser det berre ut til å ha vore to prestegjeld i området på den tida, om ikkje noko vest i Sveio høyrde til Finnås/Moster, då. Og då kan eg ikkje sjå det på annan måte enn at alle dei tre noverandre kommunane på fastlandet i sør, var med i dei to prestegjelda i 1663-66-tellinga, attåt dei områda eg nemnde om øyar og Kvinnheradlandet. Om delar av dei ikkje var med, kan det vere av interesse å få vite kva prestegjeld desse lutene då høyde til.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Ivar R. Tautra

Det er mogeleg me misforstår kvarandre litt, men eg meiner eg svarde på spørsmålet. Til det siste du spør om: Etne prestegjeld eksisterte den gongen òg. Det som er Etne kommune i dag, låg den gongen dels i Etne prestegjeld, dels i Skånevik prgj. Delar av Sveio høyrde til Finnås prgj. Valestrand (nordre luten av Sveio) høyrde til Stord prgj.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

No har du rett. Etter å ha saumfare dei 7 sokna/anneksa som er nemnde i 1663-66 i dei to prestegjalda, er det klart at Etnegardane ikkje er der. Men det vil òg seie at Etne prestegjeld ikkje er med i det materialet som er lagt ut. Eg har i alle høve ikkje klart å finne det. Så då er svaret som før, men minus det som utgjorde Etne prestegjeld den gongen og dei delar vest og nord i Sveio som må ha høyrd til andre prestegjeld.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.