Gå til innhold
Arkivverket

[#3052] Jens Jensen Juhler, Bergen/Ålesund


Gjest Bjørn Davidsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Davidsen

Er der nokon som har råka borti namnet Juhler i Bergen eller Ålesund?Jens Jensen Juhler vart fødd 1813 i Bergen. Faren var skipper og borger med same namn. I 1875 sit den yngre i Ålesund som skipper og fyrvaktar, gift med Henrikke f. Sten, f. 1810 i Kristiansund. Nå har det seg slik at mor til denne Henrikke, Marit Andersdatter, ga opp Juel som etternamn då ho gifta seg i Kristiansund med soldat Arnt Nilsen frå Åfjord i Sør-Trøndelag (dei budde seinare på Sten? i eller ved Kristiansund).Henrikke flutte til Ålesund kring 1840 saman med ei yngre søster, Regina Sofie. RS vart gift med Henrik Davidsen (Hytte) frå Bergen, som på 1840-talet kom til Ålesund kor broren, Anton Wilhelm, budde. Det snodige er at ein son av Henrikke (denne sonen og ei søster skreiv seg for Paulsen) vart gift med det eg meiner må vere Wilhelm, Rudolfine Wilhelmine Anotoanette.Det eg ikkje veit, er:- kor skipper og borgar Jens Jensen Juhler d.e. (far til JJJ) kom frå.- kor Marit Andersdatter Juel kom frå.- om der kan vere slektskap mellom dei to nemnde Juhl/Juhler-slektene. Resten av dette har eg etter måten under kontroll. Men om der er nokon som veit meir enn det som ligg på DA/RHD, er eg takksam for hjelp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Jens Jensen Juhler d.e. tok borgerskap som skipper i Bergen 30. juli 1808, og oppgav da å være fra Flensburg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Hjarteleg takk!Elles ser eg at to ord har falle ut i det eg skreiv, då eg skreiv om ei setning. Det skal sjølvsagt stå: "... vart gift med det eg meiner må vere Wilhelm si dotter, Rudolfine ..."

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Bjørn Jonson Dale

Juhler, Paulsen, DavidsenHenrikke Steen ekta i Borgund 1838 skipsførar John Paulsen, som omkom ved Skagens rev desember 1844. Paret fikk tre barn, der Johan Anton Paulsen var det yngste, fødd 1844, og i Bergen 1869 gift med Rudolfine etc Davidsen, datter av Henrik Davidsen og Regine Sofie Steen, datter av 'Arent Steen' i Kristiansund, og såleis søster til enkemadam Paulsen, Henrikke, som 1851 ekta Jens Juhler. Dei hadde ingen barn 1865. Ei søster av Jens Juhler, Berte (f 1819), ekta ellers 1854 bakarmeister Henrik Paus Bøe i Ålesund; Henrik var fødd i Bergen og son av ein Nils Jacobsen. Heller ikkje dette paret fikk barn. Bøe og Juhler var naboar, i Apotekergata, på ein eigedom vi kan følge som borgar- og skipper-sete fra kring 1600.HilsenBjørn Jonson Dale

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Takk so mykje for svaret. No er det meste tre år sidan det fyrste innlegget. Og i mellomtida har eg klart å finne ut noko av det du skriv, m.a. ekteskapet i Bergen mellom Rudolfine og fetteren. Dessutan har eg frå film funne alle tre borna som Henrik og Regine Sofie fekk i Ålesund før dei flytta til Bergen like før 1848.Når det gjeld Johan Anton Paulsen, så vart han fyrvaktar, han òg. I 1900 finn vi dei på Andenes fyr i Nordland. Då har dei hjå seg tre born, alle fødde i Ålesund; dog - den eine dottera har som 'sedvalig oppholdssted' England, kor ho er 'selskabsdame'.Eg meiner òg å hugse at eg har funne ein Paulsen, trur det var ein bror av J.A., som butikkdreng i Oslo 1900.Når det gjeld Henrik sin bror, Wilhelm, fekk han etter det eg har funne, tre born. Dottera trur eg vart buande i Ålesund-området, medan den yngste sonen som var fødd etter at faren døydde kring 1851, flytta til Trondheim og var reipslager der. Men han må sidan, utan at eg har funne han i listene, ha reist til Amerika. For i 1914 er denne karen registrert som emigrant frå Ålesund. Og då står det at han har vore heime på vitjing (det må då truleg ha vore hjå søstera eller hennar familie, for broren finn eg ikkje att etter 1865). Han var då gift i New York og arbeidde som pedell (vaktmeister).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.