Gå til innhold
Arkivverket

[#3097] Kolbeint Jonsson g. 1734 i Lom


Gjest Arnfinn Kjelland
 Del

Recommended Posts

Gjest Arnfinn Kjelland

Ein Kolbeint Jonsson kom til Lom og gifta seg der 25.3.1734 med Mari Sevaldsdotter Brimi (ca. 1705-1767). Han hadde da kjøpt garden Mo, og dei slo seg ned der. Kolbeint døydde så same året (jordfesta 14.8., oppgjeven alder 60 år, dvs. fødd ca 1674), men Mari fekk sonen Kolbeint, døypt 1.1.1735 og han har etterslekt.Kolbeint-namnet er sjeldan i Gudbrandsdalen. Veit nokon kvar han var frå?På førehand takk.Arnfinn Kjelland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Det er mellom anna fleire Kolbein Jonsson'ar i Nordre Bergenhus amt i 1701 (stort sett skrive Colben). Men det er vel greiast å sjekka 1701-manntalet for dei næraste områda rundt Lom først.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfinn Kjelland

Takk for tipset. Det er to stk. i rimeleg rett alder Nordre Bergenhus, men eg kan nok ikkje lenka desse til Lom utan nærare indisier. 1701-manntalet for Gudbrandsdalen er dessverre gått tapt. Og som bygdebokskrivar er det avgrensa kor mykje tid eg kan nytte på einskildpersonar; grensa går vel omtrent her ved å legge ut eit par etterlysingar i håp om at ein eller annan tileldigvis har vore borti vedkomande.Arnfinn Kjelland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest kai m kveum

Olav Bræk har i sin bok/ringperm under Brimi, skrevet følgende: Mari Sevaldsdtr. f.1705. Hun nevnes som 8 år gammel i skiftet fra 1713 og ble gift med Kolbent Kolbentsson Mo, f.1700 død før 1735. Hun ble annen gang gift med en Eiliv som omtales som Eiliv Jonsson Mo. Marit fikk i alt 6 barn, sønnen Kolbent i første ekteskap og 5 barn med Eiliv. Engebret Hougen har en Kolbein Alvsson Helle i bind I av Ættesoga for Gudbrandsdalen. I bind II har han en Kolbeinsson.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfinn Kjelland

Takk for informasjonen. Vi har gått igjennom Bræk i samband med bygdebokarbeidet i Lom. Han har truleg misforstått farsnamnet til Kolbein; iflg. kyrkjeboka er det i alle fall Jonsson. Familien er ellers plassert på Mo i Vårdalen, sjå Bygdabok for Lom bd. 1 s. 286.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.