Gå til innhold
Arkivverket

[#3106] Hattie Nelson Toskey


Gjest Magnar Ottesen
 Del

Recommended Posts

Gjest Magnar Ottesen

Hattie Nelson (Toskey), født i Noreg i 1860. Gift med John Toskey. Bur i Kansas i 1880. Er det nokon som kan hjelpa meg med tips kor dama kom frå?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Laila Normann

Hei! Har du funnet når/hvor hun døde? Der står ofte foreldre hvertfall, noen ganger også skikkelig fødested, om enn veldig amerikanisert! Laila

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Var inne på Kansas og såg. Der står det ein Elling Tosky 66 år saman med dei. Det må vel vere faren hans John. I B-Q finn eg ein Elling Johannesen Toske (frå Toska i Manger) som dreg frå Bergen 1870, samam med ein Martines Torske,også han frå Manger. Dei dreg med Galathea. Men eg finn diverre ikkje noko meir.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Andersen

Når det gjelder Hattie så spørs det om det kan være en forbindelse til Ellef Nilsen ( Lenke ) som reiser sammen med de to andre på båten. Han har oppgitt Fanebust (som er i Lindås) som gard, men Manger som fødested.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Andersen

Jeg finner Ellev født/døpt på Fanebust, Lindås med foreldre oppgitt, men er ikke i stand til å få ham (eller søsken) frem når jeg oppgir foreldrenes navn: Lenke altn recid=15202673

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg finn mange i US 1880 som skriv seg for Hattie til førenamn, men eg veit ikkje kva norsk namn som låg til grunn - om det i det heile var eitt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magnar Ottesen

Takkar så mykje for alle inn spel. I 15 år har eg prøvd å finna informasjon om broen til tippoldefaren min som drog avgarde til Amerika med heile familien sin. Det eg hadde høyrt frå dei gamle var at kona Magdeie Andersdatter tok dei to eldste borna Mette Marie Ellingsdatter og Andreas Ellingsen) med seg i robåten og rodde frå naustet på Toska til Bergen for å reise til Amerika.Tilbake på kaien sat mannen Elling Johannesen og yngste sonen Martines og græt.Dette var i 1869. Året etterpå reise så mannen og yngste sonen også.Sidan har ingen frå familien høyrt frå dei, inntil i fjor sommar då eg var oppsøkt på Toska av ein ung mann med navn Eric Toskey som spurde om familie røtter. Det viste seg då etter ein tur på Statsarkivet at han var ein etterkommar etter ein eldre son av Elling Johannesen -nemleg Johannes Ellingsen. Denne sonen visste eg ikkje om. Han hadde reist til Amerika alt i 1864. Johannes tok navnet John Johnson, og seinare John Toskey.Han gifta seg i Kansas med Hattie Nelson som står oppført i folketeljinga som fødd i Noreg. Det eg ikkje har klart å finna ut av er kor Hattie kom frå i Noreg, og kva det norske namnet hennar var. Eg veit at eit namn som Mette vart til Mattie. Hattie gifta seg igjen etter at John døydde med broren hans -Martines. Ho døydde i 1934 og er gravlagd på Woodinwille Memorial Park, Washington State.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.