Gå til innhold
Arkivverket

[#3426] Andreas Andreassen


Gjest Odd Tøsdal
 Del

Recommended Posts

Gjest Odd Tøsdal

Andreas Andreassen i liste 320a i Store Soleim i Aarstad sogn i Bergen var gift med Elisebeth Knudsdtr. Han var 32 år og ho var 31 år iflg. folketeljinga i 1865 Dei hadde då 4 born: Karen Andreasdtr (12 år), Paul Andersen (9 år), Berthe Oline Andresdtr (7 år) og Elisebeth Andresdtr (3 år). Fins det nokre etterkomarar etter desse som kan kontakta meg ? Eg har nemleg besøk i Bergen i pinsen av Terence Moody frå Christchurch i New Zealand. Eg trur at Karen er hans oldemor og at ho utvandra med båten Gangerolf frå Christiania 6.6.1872 saman med søstera Berthe.min e-mail: odd.tosdal@c2i.net

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Tøsdal

Andreas AndreassenOdd Tøsdal, privat, 11.06.00 22:05 Andreas Andreassen i liste 320a i Store Soleim i Aarstad sogn i Bergen var gift med Elisebeth Knudsdtr. Han var 32 år og ho var 31 år iflg. folketeljinga i 1865 Dei hadde då 4 born: Karen Andreasdtr (12 år), Paul Andersen (9 år), Berthe Oline Andresdtr (7 år) og Elisebeth Andresdtr (3 år). Fins det nokre etterkomarar etter desse som kan kontakta meg ? Eg har nemleg besøk i Bergen i pinsen av Terence Moody frå Christchurch i New Zealand. Eg trur at Karen er hans oldemor og at ho utvandra med båten Gangerolf frå Christiania 6.6.1872 saman med søstera Berthe.min e-mail: odd.toesdal@c2i.net

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Dei hadde i alle høve ein son til, fødd etter 1865-tellinga: Christian Olai, f. 1609 2810 1866. Då vart faren skrive Anders Olai Andersen og mora Elisabeth Knudsdtr. Eg finn dei elles ikkje att i 1875-tellinga, så då må dei vere flutt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Dei to som reiste med Gange Rolv 0606 1872 frå Oslo, med heimstad N. Land, til Beloit i USA?, er nok dei du finn her i 1865 - under Land i Oppland:346381søndreTorpenLandSveen1 PersonnrHusholdningFornavnEtternavnFamiliestatusYrkeSivilstandAlderKjønnFødestedStort kvegFårGeitByggBlandkornPoteter2005221AndreasAnders.HusfaderHusmand m Jordg49mLands Prgj.3531/167/83/4200623 MariOlsd.hans Kone g54kLands Prgj.      200724 OleAndreass.deres SønSkomagerug22mLands Prgj.      200825 KarenAndreasd.deres Datter ug17kLands Prgj.     200926 BertheAndreasd.deres Datter ug14kLands Prgj.      201027 MartheaAndreasd.deres Datter ug10kLands Prgj.      201128 AnthonAndreass.deres Søn ug5mLands Prgj.     

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Tøsdal

Det stemmer at Andreas heitte Andreas Olai. Men eg veit ikkje om det er hans dotter Karen (Kari) som er oldemor til Terence, men det var ein arbeidshypotese. Olemora Karen skal vera fødd i Bergen 17 October 1854 og konfirmert i Christiania 24 April 1870. Ho kom til New Zealand som Karen Andrea (d?) 17 år gamal Nurse frå Hamburg på båten "Friedeborg" med Captain E. Kopper den 30 August 1872. Ho døydde i Christchurch, New Zealand 8 August 1938. Ho vart då oppgjeve å ha etternavn Andreasdatter som fødselsnavn. Eg skjønar at dei to reisande med Gange Rolv var feil personar i høve til min hypotese. Men Terence meinar oldemora var fødd i Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Dette er ikkje lett, men truleg heller ikkje umogeleg å finne ut av. Så vidt eg kan sjå, vart det berre fødd to born i Bergen 17. oktober 1854 - to gutar. Så her er anten det eine eller andre galt. Derimot kan datoen 24. april 1870 vere rett, for det var ein sundag. Men å leite etter konfirmantar i Christiania på den tida, tek tid, for dei er ikkje dataregistrerte og kyrkjesokna var mange. Finn ein likevel den konfirmasjonen i kyrkjeboka (som finst på film), vil nok foreldra sine namn stå innført. Mitt beste råd er difor å starte der. "Bergen" kunne jo vere so mangt, særleg når folk var komen austom fjella - og endå meir når dei hamna på hi sida av jorda.Det er von i hangande snøre - og eg trur raskaste løysinga er å finne i ei kyrkjebok for Christiania 1870. Lukke til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Tøsdal

Det er interessant å få respons. Eg har leita i kyrkjebøkene i Bergen på mikrofilm og har også kome til at fødselsdatoen må vera feil for Karen. Kari derimot (som var kalla Karen i folketeljinga i 1865) var fødd 2.mai 1854 og døypt 14.mai 1854 i Birkeland i følgje Fana kyrkjebok med foreldra smed Andreas Olai Andreassen og kona Lisbeth Knudsdtr. Natland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Det kan godt hende det er henne. Men vart ho konfirmert i Oslo, har ho nok tatt i veg dit saman med minst ei av foreldra. Sidan faren var smed, er det ikkje utenkjeleg at han har tatt austover etter arbeid. Han er i alle høve ikkje i Årstad i 1875, etter det eg kan sjå.Men framleis meiner eg kyrkjebøkene med konfirmerte i Oslo kan gje løysinga. Å leite etter eit etter måten høgfrekvent namn som Karen/Kari kring Bergen, kan gje mange usikre kandidatar. Det tryggaste er difor å følgje henne motsett veg av den ho drog. Finn du det eg trur i Oslo, vil nok resten gje seg sjølv.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.