Gå til innhold
Arkivverket

[#3631] K. Alfaret


Gjest Trond Gulbrandsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Trond Gulbrandsen

Me finn ofte signaturen "K. Alfaret" her i forumet, og det er visst ein person som er ansatt ved Digitalarkivet. Eg lurer på kva "K." står for, og om det er ein mann eller ei kvinne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Ingen av dei som nyttar høvet til å legge inn innlegg hos oss viser fram dåpsattest. K. Alfaret har heller aldri vist oss sin, og ikkje har ho vore innom redaksjonen heller, etter det vi veit. Ho må nok vere ei etter måten gammal dame no, for ho var aktiv innsendar til bergenske aviser midt på 1960-talet, og var truleg alt då godt oppe i åra.Det som synest visst er at ho er bergenspatriot, at ho er politisk konservativ, at ho vil forsvare det ho kallar "ekte dannelse", og at ho er motstandar av provinsialisme, i særleg grad Oslo-provinsialisme. Fysisk arbeid har ho neppe nokon gong hatt. Nokre har trudd ho kunne vere ein eldre slektning av Flettfrid Andresen, men vi kan ikkje finne noko som tyder på at rentenistinde Alfaret er frå Øvre Singsaker. Vi finn grunn til å tru at ho er frå Kalfaret, det som ein gong måtte reknast som den mest fornemme delen av Bergen. Og ho er vel innfødd der og, eller kan ho vorte gift dit, sidan namnet hennar på sett og vis klårt peikar dit.Vi har lurt på kva førenamn ho eigentleg har, og vi har leita etter henne i folketeljinga 1912, men er utan sikker identifikasjon. Kjem ho frå dei alderskulla, og frå det sosiale laget ho seinare synest høyre til, kan namnet hennar vere Kaia, Karen eller Karna, mindre truleg Kitty eller Klara. Mange av dei andre namna som kan skrivast med K, ville ho truleg ha bokstavert med C.Dersom K. Alfaret skulle vere eit pseudonym, har ho sjølvsagt, i tråd med reglane i norsk lov, oppgjeve sin rette identitet til Redaktøren. Han må på den andre sida halde ein slik identitet skjult, etter reglane om kjeldevern.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Først: Eg er ikkje redaktør for dette forumet, og veit heller ikkje kven K.Alfaret er.Men eg er prinsipielt mot pseudonym. Grunnen er enkel: Redaktøren går ikkje gjennom innlegg før dei vert publiserte. Når folk ser at det blir blir oppdikta namn, er det lett for at også andre tyr til det. Og då utan å gje redaktøren melding om at dei så har gjort. Så mi meining er at for å halda oppe seriøsiteten bør alle bruka sitt rette namn. Men her er eg berre ein vanleg brukar, og meininga mi tel ikkje meir enn andre si.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anette Skogseth Clausen

Som redaktør av dette forumet foretrekker også jeg at man tilkjennegir seg med sitt eget navn. K. Alfaret opplyste via e-post hvem vedkommende var og jeg har derfor latt det passere.Etter siste tids useriøse innlegg under oppdiktede navn vil jeg nok gå til det skritt å be om at alle bruker sitt eget navn. Skulle noen ha store behov for å holde sitt navn hemmlig må innlegget først forevises redaktøren. Dette vil være en arbeidskrevende prosess som igjen fører til at innleggene blir publisert flere dager etter at de var skrevet -- en situasjon hverken redaktøren eller leserne er tjent med.Jeg håper så mange som mulig ser nytten i å presentere seg overfor medleserne og fortsetter, evt. begynner med, denne praksis.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Trond Gulbrandsen

Eg er fullstendig enig, men det var egentlig ikke en slik debatt eg ønsket å få istand. Derfor må eg tillate meg å rette ein inntrengande apell til K. Alfaret om å tilkjendegje sitt virkelege namn, om ikkje i forumet så pr. epost komiteen@olsen.vg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Ivar R. Tautra

Har eg rett når eg trur at K. Alfaret er ein person som plar skriva innlegg i DA under verkeleg namn òg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

På grunn av alt tøvet rundt hennar identitet, har K. Alfaret teke kontakt med meg, og bede meg om å kome til hennar fasjonable villa i Bergen for å intervjue henne.Eg reknar med at intervjuet kjem på trykk i "Døvblindes ukeblad" seinare denne månaden. Ho ber òg om at Trond Gulbrandsen alias Nils Hagen alias August van Blom alias Theodor zur Löwen alias etc. kjem med same tilbod.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Helge Seglsten

Det begynner å bli vanskelig å skille ut hva som er spøk og hva som er alvor i denne tråden. Jeg skjønner at noen er interessert i å få vite hvem "K. Alfaret" er, resten skjønner jeg ikke bæret av (selv om det aner meg at vestlendingene morer seg kostelig).Per Helge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Vivian W.Linnerud

Enig med Per Helge!Synes også at pseudonym ikke burde forekomme (dumt og barnslig),det er vel heller ikke behov for dette i disse forumene.Vivian

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Fredrik Rogner

Jeg er også enig med Per Helge. For meg ser det ut som noen personer som har kalt seg K. Alfaret og Trond Gulbrandsen har postet useriøse innlegg. Er det riktig? I såfall er det ganske dumt. Regner med å få stor glede av dette forumet; visste ikke at det fantes før.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.