Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Solfrid Vestaberg Ormøy

[#3828] Mons Pedersen, Nordnæs i Sogndal sine etterkommere

Recommended Posts

Gjest Solfrid Vestaberg Ormøy

Jeg har i lengre tid lett etter ovennevnte sine forfedre og hans etterkommere. Jeg finner Mons Pedersen f. 1798 død 10 jul 1879 Hæreid gift med Inger Marie Pederdatter f. 1807 og død i 1892 i Hæreid. De fikk følgende barn: Jens Andreas f. 1834 Sven Olaus f. 1836 Ola f. 1838 d. 19 juni 1874 Gunnil Marie f. 1839 Ingebreth f. 25 nov 1844 d. 16 des. 1844 Anne Marie Serine f. 1848 gift med Johan Fredrik Palm. Nikoline f.1853 og tilslutt min tipp tippoldemor Petrine f.1857. Det som er mitt problem er at jeg ikke klarer å finne disse i 1865 folketellingen uansett hvor jeg leter. Det andre er at jeg finner bare Petrine i 1900 folketellingen og da under Hafslo. De andre er fullstendig "sunket i jorden". Er det noen som kan hjelpe meg? Noen som kjenner til disse navnene?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg reknar med at du, Solfrid, har funne ein del opplysningar om denne huslyden etter at du sende inn dette spørsmålet for meir enn tre år sidan?Mons Pederson vart døypt i Gulen 14.7.1804, men foreldri, Peder Olson ''Gryte-Per'' og Maria Johannesdotter hadde vintertilhald i Solvornstrondi under garden Elvetun i Hafslo (Luster).Mons budde på Hæreid i Årdal, men døydde under opphald i Lavik 10.7.1879.Men har du funne ut noko meir om kona Inger Marie Pedersdotter? Korkje vigsli deira eller andre nøyaktige datoar (fødsel og død) har vore mogeleg å spora opp! Det er òg problem med å finne fleire av borni deira...Underleg er det òg at Mons Pederson og Inger Marie ikkje finst i FT 1865 for Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal eller Hordaland. Kanskje Årdal 1875 har svaret? Men den har eg ikkje tilgjenge til!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Solfrid, eg har leita litt på FamilySearch, og eg meiner eg har funne ein god ''kandidat'' for Inger Marie Pedersdotter:Inger Marie Pedersdotter, døypt i Stranda, Møre og Romsdal 2.4.1811 som dotter av: Peder Christianson og Anna Svendsdotter.Dette ser ut til å vera einaste barnet fødd av desse foreldri, i alle fall i Stranda, og ikkje heller finn eg nokon vigsel for foreldri. Ingen Peder Christianson eller Anna Svendsdotter budde i Stranda i 1801. Etter dette mistenkjer eg Anna for å vera dotter av hesteskjerar og reisande Svend Svendson på Skildeimsslottet i Luster og andre kona Ragnhild Pedersdotter. Dotter deira Anna Svendsdotter vart døypt i Årdal i Sogn 9.9.1784, og lagnaden til denne Anna etter 1801 har so langt vore svært usikker!Eg lyt leggja til at andre sonen til Mons Pederson og Inger Marie heiter Svend Olaus, og eldste dotteri heiter Gunhild Marie (fødd 1839). Anna var ei Svendsdotter, og ho hadde to søstrer som heitte Gunhild, den yngste, ei fullsøster, døydde på Tukthuset i Bergen i 1835...Det hadde vore svært so interessant å sjå på den kyrkjebokinnførsli frå Stranda frå 1811 for å sjå kva som står om foreldri og kva fadrar dei hadde! Er det nokon som har tilgjenge til bøkene derifrå?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solfrid Vestaberg

Har lyst til å trekke denne tråden opp igjen i tilfelle noen flere forsker på denne slekten. Har funnet en god del om etterslekten, men der er mange huller å tette. Hvis noen er interessert å dele opplysninger og informasjon så må dere gjerne maile meg på solfrid(alfakrøll)vestaberg.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solfrid Vestaberg

Noen som klarer å tyde faddere til Mons Pedersen? Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Fadrane var Nils Lasseson og Bendix Lasseson Tveit, Magnhild Johannesdtr. Indre Bø og Ola Kristoferson og Dorte Johannesdtr. Haugen frå Luster prestegjeld. Garden Tveit ligg i noverande Gulen kommune, dåverande Eivindvik prestegjeld medan Indre Bø er i noverande Hyllestad kommune, den gong Bø sokn i Eivindvik prestegjeld.Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solfrid Vestaberg

Tusen hjertelig takk Alf, ikke minst for den ekstra infoen om hvor stedene er knyttet opp til, :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.