Gå til innhold
Arkivverket

[#3873] Søskena Catrine og Agathe Jonsdtr og Simon Jonsen


Gjest Karin Gald Semb
 Del

Recommended Posts

Gjest Karin Gald Semb

Agathe og Simon er blant fadrane til Catrine Jonsdtr og Mons Østensen Hille sine born. Mons si slektsline i Nordfjord er grei, men Catrine sitt opphav er ukjent. Mons og Catrine gifta seg i Bergen DK i 1802. Dei fekk borna: Malene(1802), min tipp-oldefar Johannes (1804), Ole og evt tvilling Rasmus (1806), Karen Magdalene (1809).Agathe og Simon er tydelegvis dei einaste fadrane som kan vise Catrine sitt opphav. I tillegg kjem namnetradisjonane: Frå Catrine si side kjem truleg flg. namn: Johannes, Ole, Karen og kanskje Malene.Catrine var i 1801 i teneste hos Emerentze Blydt og Jakob Tonning (ikkje i slekt med Mons, men har begge røter i Stryn/Innvik). Svært mange frå familien Blydt er også å finne blant fadrane (Angel, Blydt, Meyer, Schuman, Wallem...)Eit anna interessant faddernamn er Samson Samsonsen, som i 1801 var i teneste hos Johan Nordahl Brun.I 1801 var Mons i teneste hos kjøpmann Hendrick Kramer og kona Bergitha Messel.Eg trur eg kan utelukke både Bergen og Stryn/Innvik som Catrine sin fødestad. Kanskje kjem ho frå ei av kommunene rundt Bergen? Eg blir kjempeglad dersom ein eller annan entusiast kan finne den raude tråden og gi meg eit spor! Takk for innsatsen!Beste helsing Karin Gald Semb

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.