Gå til innhold
Arkivverket

[#4012] Øystein/Augustinus på Vinreid/Vereide


Gjest Aase R. Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R. Sæther

Eg har vore så heldig å arve eit handskrive hefte med diverse oppsett av familiar i Nordfjord nokre hundre år tilbake, m.a. om slekta til ovan nemnde mann.Dessverre har forfattaren ikkje oppgjeve kjelder, og arbeidet er gjort i mellomkrigstida, i ei tid som eg ser sette mindre krav til prov enn notida gjer. Der er mange 'må vere' - 'høgst truleg' og liknande i heftet, så dermed veit eg ikkje heilt kva lit eg skal feste til det.Er der ein eller annan ute som kan vise til eit anna arbeid om denne Augustinus-slekta? Eg kjenner Jacob Aaland sine bygdebøker, men han arbeidde for ein stor del i den same tradisjonen som min gamle grandonkel, ser eg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Eg synest å hugsa at Asgaut Steinnes streifar innom denne ætta (som faktisk kan førast nokså langt attende i tid) i ein artikkel i Norsk slektshistorisk tidsskrift. Bibliografisk tilvising er som følgjer:Steinnes, Asgaut, (1892-1973). "Ein våpenskjold og eit ætteproblem." Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 23 (1971): 1-41.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kate Øren

Hvis du stammer fra Øystein Vereide, er du i selskap med svært, svært mange!!!Jeg har også noen kopier og skrifter vedrørende Øystein og Vereide-ætta. Per Sandal har skrevet gardssoge for Gloppen og Breim og jeg mener det står noe der. Iallefall står det en del om de nærmeste etterkommerne til Øystein.Jeg har også et skriv som omhandler et DN om Øystein fra 1386, og noe som handler om hans antatte forfader Ketil Molla og Augustinusgodset. Jeg husker ikke i farten hvem som har skrevet det (tror P.A.Munch har noe med det å gjøre..) men jeg skal komme tilbake til det dersom jeg finner det ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R. Sæther

Ja, er du nordfjording, skal du ha flaks om du IKKJE kjem bak til Øystein Vereide og/eller ein annan av dei få andre stormennene som er dokumentert frå denne tida:-) Sjølv bryr eg meg ikkje så mykje om dei, men det er mange av 'kundane' mine som tykkjer det er stas å kunne kome dit og endå lenger, og derfor har eg fått lyst til å finne ut kva som held vatn og ikkje i den familieoversikta eg sit inne med. Eg skal prøve å få tak i skriftet Ugulen nemner, og tek med takk mot fleire tips.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Skjerve

Gamle Søndmørsslekter er behandlet i: "Ætt og arv" av Ingvald Dyrhol, Volda trykkeri 1981 og "Søndmør i Ældre Tid" av Karl Gidske. Olav Norlis forlag 1913

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Petter Hoddevik

Hei Åse! Du kan kansje finne noko om Vereideslekta i boka "Ætta fra jernalder til atomalder" av Hjørdis Nørve utgitt på Sunnmørspostens trykkeri i 1978. Boka er svært intresann og tek for seg fleire samanhengar i Nordfjord og oppover mot Møre. Kjetil Molla er nemd og sannsynlegvis og Øystein. Eg har boka, har og eit slektskriv ifrå Peder Sætre i Stryn, som har ført slekta si tilbake til Harald Hårfagre. Han er og innom Vereide slekta. Ellers har eg laga ei oversikt av Fjordingar som flytte ut til kysten. Skal sende det så snart som mulig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solli

Eg trur eg ville ha vore varsam med å bruke Hjørdis Nørve si bok. Ja, det er mange ''samanhengar'' der, men i kva grad let dei seg etterprøve?Asgaut Steinnes sin artikkel er god, men eg synest å hugse at etterkvart blir indisiekjeda lang.Og det er sikkert mange nordfjordingar som ættar frå Øystein/Augustinus, men eg trur det finst tre relevante ætterekkjer i dokument frå 1500- og 1600-talet. Ingen av dei er heilt like!Problemet med Øystein på Vereide og etterslekta hans er ikkje at for lite er blitt skrive, men at for få har granska kjeldene. Sukk!Mange påstandar dette, men sjå på det som ei oppfordring til å vere kritisk til det som er sett på trykk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R. Sæther

Og det var nettopp utgangspunktet mitt.. 'Var truleg' og 'må ha vore' har eg i grunnen nok av i det papiret eg allereie har :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solli

Det er vel eigentleg ingen utanom Asgaut Steinnes som står utanfor 'Aaland-tradisjonen'. På Sunnmøre, dvs. i Sunnylven, blir Øystein-ætta på Vereide ofte kalla Stadheim-ætta/Stadheim-slekta. Kanskje du kan finne alternative inngangar her? Jfr. bygdeboka for Sunnylven og Geiranger av Lillebø, P.A. (NB! Bruk 1949-utgåva, ikkje 1993)Eit par døme: Både Peer Salmundsen og (soneson) Jon Ereckson (Rygg) kan knytast til fleire gardar i Sunnylven, jfr. Dip. Norw. 15:196 Vise diplomet og Dip. Norw. 15:704 Vise diplomet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Til innlegg 10: Hvor sikkert er det at Jon Erickson Rygg er 'soneson' til Peder Salmundsen? Etter å ha saumfart bygdebøker o.a., har jeg notert Jon E. Rygg som dattersønn til Peder, altså sønn til Eric Jonson og Ingeborg Pedersd., og at sistnevnte var datter til Peder (Peer) Salmundson.Hva er korrekt, og hvor finnes dokumentasjon?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Arne Solli

Oops. Ja du har heilt rett. Jonn Erichsenn (Rygg) er dotterson til Peder Salmonsenn. Fleire dokumentet syner dette, og det eldste er frå 1563. I ein herredagsdom frå Bergen 25. august 1578 vert eit domsbrev frå 6/2-1563 stadfest:I domsbrevet frå Ytre-Eide i Stryn provar seks lagrettesmenn i Stryn at:'Tha haffue vij alle hørdt thett att for.ne Austenn och hans affuekom indtil 6 leedt haffuer fuld samme goutz aakiereløst end till thene dag, som først er Austenn, thennd anden Oluff Austensen, thend thride Salmon Olsenn, thend fierde Peder Salmonsenn, thend fempte Ingeborig Pedersatter, then siette Jonn Erichsenn'Sjå: Norske herredags dombøker, første rekke, nr. 1, s. 159-160.Domsbrevet av 6/2-1563 må sjåast i samanheng med Jakob Ellefson (Sølvberg?) sal av gardpartar i Stadheim og Par til Jon Eriks. den 21. september 1562. Sjå DN XV 704.href=Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Kvien

Siden temaet er oppe igjen, sitter jeg og leser fra en sak ved fylkestinget i Borgund 22. juli 1636. (Bygdebok for Sunnylven og Geiranger)'Her møtte Peder Ellingson og Johannes Ellingson Y. Bjørdal på den eine sida, og Gabriel Nilsen og broren Olav Nilsen Vereide på den andre sida,' om trette om noen jorder under indre og ytre Bjørdal.Nå er det vel slått fast Gabriel Hauge og Olav Nilsen Vereide ikke var brødre, men svogere.Det som er nytt for meg, er avslutningen på saken:.........Dett Testificerer ieg paa Rettenns och mit Embedts wegne, med min Zignette och Egen haand her Neden under forne Olluff Nielsens Indseigell och Egenn hand. Actum Anno die et loco ut Supra.Peder Raffn Laugesen Oluff NiellsenEgen hand Egen handI følge bygdeboka har begge brukt grønt lakksegl. I Peder Raffns segl er en fugl, men i Oluf Nilsen segl er bokstavene 'O N' og 'Fæster'.Kan dette tolkes som at borgerslekten Fæster på Vågsberget var av Vereide-slekten?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...
Gjest Leiv Magne Apelseth

Eg vart først klar over dette temaet i dag , og ser at Ugulen gjev hendvisningar til artikkelen åt Steinnes i NST frå 1971 . Kanskje burde Ugulen samtidig gjera folk merksame på at det er ein del (riktig nok god) synsing i same artikkel . Eg ser og at Vigerust på heimesida si ”slår fast” i ein kommentar der 25.03.04 http://www.vigerust.net/adel/rose.html at , sitat : Agnes var, slik tidligere riksarkivar Asgaut Steinnes argumenterer for, en datterdatter av Baugerd Steinarsdotter i ekteskap med herr Sigurd Lodinsson av Vereide-ætten . Der er det heller ingen kildehendvisingar utanom til Steinnes sin artikkel i NST . I tillegg forvirrar det ein smule når same Vigerust har skrive namnet på dama feil ! Det skal vel vera Baugeid og ikkje Baugerd ? Men kanskje har Vigerust ei primærkjelde i bakhand som støttar han i utsegna , og som eg ikkje kjenner til ? Men er det ikkje slik , så kan ein risikere at artikkelen åt Steinnes blir brukt rå , med dei konsekvensar det kan medføre . Elles støttar eg opp om Arne Solli sine utsegn om at artikkelen til Steinnes er god , men at det er granska for lite i kjeldene til no omkring Øystein på Vereide og slektskrinsen hans , og må eg få sei , Nordfjord generelt .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Frode Hoddevik Kleppe

Hei Jan Petter Hoddevik, Stadlandet! Jeg er veldig interisert i disse bygdebøkene det er snakk om fra Hoddevik. Kunne vi ha utvekslett informasjon? Venter spent :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.