Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R.Sæther

[#4081] Turi Pedersdtr, Leikanger - Bergen

Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther

Sidan DA har fått stadig fleire brukarar i det siste, prøver eg meg på nytt med ei av mine harde nøtter: I 1876 reiser Turi Pedersdtr frå Leikanger, og oppgjev Bergen som reisemål. Ho er fødd i september 1852, og er uekte dotter av Brite Lassedtr Rosenlund. Brukar ein kyrkjebøkene frå Sogn og Fjordane på DA, skal faren er ved dåpen vere oppgjeven som Peder Gullaksen Lunde frå Dalsfjorden i Sunnfjord, men eg har sjølv notert Peder Andreasson Sunde frå Ytre Holmedal; om eg har funne dette i originalen, veit eg ikkje sikkert.Uansett, det store spørsmålet er: Kvar vert det seinare av Turi?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Fyrste setning frå forrige innlegg kan hermed repeterast.. Eg har leita i alle Bergenskjeldene på DA utan å finne Turi, og tek med takk mot alle gode innspel med idear om kvar eg kan leite vidare. Dette er ein forholdsvis nær slektning (syskenbarn til bestefar min), og alle som kunne ha fortalt noko om henne er døde for lenge sidan. Det er forresten ikkje sikkert om dei ville ha sagt noko om dei levde heller, for uekte barn har ein tendens til å bli undertrykte i familiehukommelsen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nina Møller Nordby

1865 Lenke .Er det mulig at hun kan ha emigrert? Død i Bergen? Hadde moren noen slektninger som bodde i Bergen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Kan dette være Turi i 1875: LenkeK: Døpte i SF: Thuri Pedersdt. f. 7/9 1852 Leikanger, Britha Lassedt. og Peder Gullaks. Rosenlund. Under yrke står det: NB!Flere opplysninger. Merknad kjelde:Peder Lunde på Dalsfjorden i Synnfjord f. Klevold i Lavik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Ja, dette er rette familien. Brite hadde, i tillegg til denne broren, berre ein annan bror, som flytte til Nordfjord. Ein av hans søner reiste til Bergen, men ikkje før på 1880-talet. Far og mor til Brite kom frå svært små familiar, der dei få syskena som var, vart verande i Sogn. USA er ein nærliggande tanke, men eg har ikkje funne henne i emigrantlistene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Forrige innlegg var skrive før eg las Berit sitt - og spørsmålet er om Turi kan melde flytting i 1876 og allereie vere på plass i Bergen i 1875? Denne dama var svært interessant!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Eit poeng at namnet Tora er nesten ubrukt i Leikanger - der er fødd ei i 1852 som dette i alle fall ikkje kan vere - og eg har tenkt tanken på at namnet Turi ville vere for 'bondsk' i Bergen. Eg har leita etter Turine m.m., men ikkje Tora!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Kan det være en mulighet for at dette er henne, for jeg finner ikke denne personen i 1875: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Var for rask med å trykke legg inn. Det gjelder Gyra Pedersdatter Flæte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Sorry, men dei gifter seg her Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Det var vel dette giftet du ville ha fram? Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Beklagar at eg har limt inn feil lenke, du har sjølvsagt funne rette ekteskapet. Du har også funne rett mor i 1900, og her er dødsfallet til mora Lenke Som du ser er ho fattiglem, og der er nok dermed ikkje noko skifte etter henne.Rosenlund-namnet i Leikanger er litt pussig. Det var knytt til ein husmannsplass under Leikanger prestegard, og fungerte lenge som eit vanleg 'adressenamn'. Men etter kvart som det vart vanleg å bruke 'etternamn' også utanom dei kondisjonerte krinsane, vart dette sjølvsagt, gjerne på grunn av sin flotte klang, teke som etternamn av mange av dei som budde eller hadde budd der. Ved folketellinga i 1865 er der tre ulike huslydar med adresse Rosenlund, ingen av dei i slekt med kvarandre, og alle tre har seinare teke namnet i bruk som etternamn. Der er altså fleire ulike familiar med namnet, og denne Karlsdottera er frå ein av dei.Takk for all hjelp så langt - og kan nokon svare meg på følgjande: Var det vanleg å melde flyttin til presten eit år etter at ein verkeleg hadde flytta? Tora frå folketellinga 1875 ser veldig aktuell ut, men Turi melde altså flytting i 1876.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Eide

Angående 'flyttemeldinger til presten' har jeg vært bort i større forsinkelser enn dette, men da i tidsrommet 1850-65.Geir Eide.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Her er forresten endå ein fetter Lenke Dei hadde ikkje born.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.