Gå til innhold
Arkivverket

[#4317] Sjømann Torgils/Torgels Johannessen frå Os, f. 183


Gjest Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Eg lurer på om nokon har opplysingar om eller sit på informasjon om ein sjømann frå Os i Hordaland, Torgils (evt. Torgels/Torjels) Johannessen; f. 1838. Eg kan ikkje finna han etter 1865, og lurer på kva (og kvar) det vart av han?Torgils var fødd på garden Frøland i Samnanger sokn av Os prestegjeld (Os og Samnanger var samme kommunen til 1907, samme prestegjeld til 1949); som nest eldste son av gardbrukar Johannes Olsen Ulland (1802 - 1867) og Sesilia Olsdtr. Totland (1804/5 - 1892); begge døde i Os. Eldste broren Ole, (1836 - 1915), som slo seg ned i Hatvik i Os, var min tippoldefar.Torgils og familien budde på Heggland (Hægland) fram til 1848, etter dét på ytre Moberg - dvs. gardar i Os; så det er mogleg at Torgils brukte eitt av desse gardsnamna som etternamn.Det er sjølvsagt ikkje uvanleg at sjømenn utvandra, men eg kan ikkje finna Torgils i digitalarkivet sine emigrantregister - heller ikkje mellom dei som er registrerte som døde ved sjømannskyrkjene. Men han kan jo sjølvsagt ha gått i land ein eller annan stad UTAN at dette finst i offisielle, norske protokollar. Eller han kan ha omkome/drukna til sjøs. Og kvar finn eg i så fall slike register/oversyn??Dersom nokon har opplysningar om ovannemnde sjømann frå Os så er eg svært takksam for informasjon.Med venleg helsing, Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Berre for å spørja: Kvar kan ein venda seg for å tilgang til/innsyn i emigrasjonsprotokollar som enno ikkje er lagt ut på nett, og - for USA og Canada sin del - har ein eller annan lagt ut offisielle immigrasjonsprotokollar på nettet? Og i så fall, kvar?? Dette med tanke på søk etter den omtala sjømannen Torgils frå Os.Mvh. Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Om han var sjømann og utvandra, er det nok lite truleg at han finst i emigrantprotokollane. Men du vil nok truleg finne han som sjømann i sjømannsarkiva til SAB. Det er skrive to artiklar om slikt:Ein om sjømannsarkiva i SAB: [url="http://www.ide-as.com/fndb/sjoman.htmlOg>http://www.ide-as.com/fndb/sjoman.htmlOg ein om sjøfolk som rømde i land i utlandet:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Takk skal du ha, Bjørn.Eg skal prøva dei to lenkene du føreslår og sjå om eg har hellet med meg. I og med at du no har gitt eg informasjon eg ikkje hadde frå før, har eg i alle fall blitt litt klokare. Og det er slett ikkje dårleg berre det -. Mvh, Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Du finn han nok ikkje på dei lenkene, men les du det som står der, vil du kan hende finne ut kor du skal leite etter han - på SAB, sjølvsagt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Terje Hatvik

Har søkt etter den ovanfor nemnde osingen Torgils/Torgels/Torjels på ymse digitale skipslister, men til no utan positivt resultat. Kom difor til å tenkja på følgjande:Os (som altså omtala mann kjem frå) var og er nabokommune til hamnebyen Bergen. I 1850-,60- og 70-åra var dette utan tvil landets største og travlaste hamn, sikkert òg den mest internasjonale. Og slett ikkje alle norske sjømenn fekk/søkte hyre på innanlandske båtar - mange fekk òg hyre på utanlandske skip; til dømes britiske, danske, nederlandske, tyske osv..Dersom dette skulle vera tilfelle for nemnde mann, kvar kan eg då venda meg for slike skipslister/mannskapslister? Har kan henda arkivverket slike oversyn og/eller liknande oppgåver?Eventuelle svar vert mottekne med stor takk. Med vennleg julehelsing, Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Ja då, negativt der - elles hadde eg ikkje behøvd å plaga andre folk med dette. (Det er sjølvsagt mogleg at vedkomande likevel finst i sjømannsrullene men EG har i alle høve ikkje funne han [noko som i så tilfelle vil fortelja ein del om mi manglande evne til å leita]).Mvh., Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...
Gjest Terje Hatvik

Eitt-års jubileum for denne. Eg viser til tidlegare innlegg og kan legga til at eg ikkje har kome noko vidare i saka sidan juletider i fjor. Men no er det snart jul igjen så kanskje? .... Alle snille barn får noko til jul, seiest det. Skal tru om dette også gjeld informasjon om gamle, forsvunne slektningar??Med vennleg helsing, Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.