Gå til innhold
Arkivverket

[#4319] Gullsmed i Oslo, Nils Johan Olsen Hegland; f. 1890


Gjest Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Eg søkjer informasjon om ein gullsmed frå Os i Hordaland som storparten av livet budde i Oslo:Nils Johan Olsen Hegland, f. 13/4 1890 på garden Heggland i Os, døypt i Os kyrkje. Nils var yngste son av gardbrukar og bygningsmann Ole Didriksen Hegland, f. Ulven (1847 - 1917) og Anna Hansine Hansdtr. Tøsdal (1847 - 1924), begge f. & d. i Os. Eldste broren, byggmeister Didrik Olai Olsen Hegland (1872 - 1952), var min oldefar.I ungdomen datt Nils Hegland ned frå eit høgt hustak og skadde seg stygt. Dette resulterte i amputasjon av den eine foten. Med trefot og stokk var det difor utelukka at Nils Johan kunne bli bygningsmann eller målarmeistar slik brørne hans var, så han måtte finna seg eit anna levebrød/ein annan karriére. Gullsmedyrket var nok lettare og ikkje så risikabelt (- i alle høve ikkje fysisk).Nils vart gift (år og stad ukjend) med ei Maria Martinussen frå Davanger på Askøy (f. 1894?), og dei fekk i alle fall ei dotter, Amanda?; kan hende fleire born; men personalia ukjend for meg.Etter det eg veit var Nils J. Olsen Hegland og familien busett på eller ved St.Hanshaugen i Oslo. Det er nærliggjande å tru at arbeidsplassen (altså gullsmedbutikken, namn ukjent) ikkje var så langt derfrå, i og med at han - som ovanfor nemnd - hadde trefot og neppe var nokon løpar.Eg kan leggja til at Nils ei tid - truleg ca. 1930 - var formann i Norges Gullsmedlaug, eller kva no dette lauget heiter. Eg veit diverre IKKJE når og kvar han døydde.Dersom ein eller annan kan fortelja meg meir om Nils ohan Olsen Hegland og familien hans, så hadde det vore alle tiders.På førehand takk & Mvh., Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Bjerke

Vet du om karen du søker drev det til å ta mesterbrev? I tilfelle er han muligens oppført i "Norske håndverksmestere", som kom ut på 50-tallet. Jeg kan uansett ta en titt og se om jeg finner ham der, hvis du ikke allerede har sjekket denne kilden.Rune Bjerke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Du skal likevel ha takk for innsatsen. Eg får ta meg ein tur inn til Oslo og leite litt på eigen hand. Eg veit jo sånn ca. kvar Nils Johan Hegland budde, så eg kan vel avgrensa personsøket til soknekyrkja for dét området/den bydelen. Det omtrentlege tidsrommet er også kjent, så bevares -eg har ingenting å klaga over. Det blir mao. ein tur til Oslo.Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Terje Hatvik

Et lite spørsmål i tilknytning til ovenstående: Er det noen som har funnet ut HVOR og NÅR Nils Johan og Maria (se innlegg I. for utfyllende personalia) giftet seg? - i Bergen, Oslo eller kanskje andre steder?? Jeg har nemlig ikke greidd å finne ut hvor.På forhånd takk & med vennlig hilsen, Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Terje Hatvik

Eit lite à propos til det som alt er skrive om den her omtala gullsmeden. Han var i alle fall i live eit stykke inn i 1950-åra, (kan henda heile 50-talet?). Omtrentleg adresse i Oslo har eg nemnd før (sjå ovanfor). Så kanskje det finst nolevande personar som hugsar Nils Hegland??.I dag har eg inntrykk av at folk stort sett bryt seg inn i gullsmedbutikkane og tar det dei vil ha, men på 40- og 50-talet var det vanlegare å gå til gullsmeden og KJØPA det ein hadde lyst på. Kundekretsane var nok mykje meir stabile før enn no til dags, - også i dei store byane. Sjansen for at kunden knytte kontakt med butikk/-ekspeditør/innehavar var vel òg tilsvarande større. Difor håpar eg det finst tidlegare kundar med godt minne ....Med vennleg helsing, Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Bjerke

Alternativ I: Prøv å kontakte Oslo Gullsmedlaug, via Norges Gullsmedforbund tlf 22348900. Mange laug er flinke til å nedtegne historien (jubileumsskrift etc), og har han vært formann der vil han vel være nevnt.Alternativ II: Sjekk om ditt lokale bibliotek har eller har tilgang til eldre utgaver av Oslo Adressebok - så kan du finne ut hvor han bodde.Alternativ III: I telefonkatalogen finnes i dag bare én person som bor i umiddelbar nærhet av St. Hanshaugen med dette navnet - Torjus H. tlf 22364145. Kanskje du har flaks...?Rune Bjerke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Rune Bjerke

Terje, hvis du fortsatt frekventerer disse debattsidene: Har du fått noe napp på gullsmeden din? Jeg irriterer meg fortsatt over at jeg ikke kom lengre, og har bl.a. kontaktet en 90-åring på St. Hanshaugen om saken. Men du er kanskje i mål??Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Hei Rune! Joda, jeg frekventerer fortsatt disse debattsidene og synliggjør mine meningsytringer og spørsmål både på bokmål, nynorsk og engelsk - alt ettersom. Men nei, jeg er ikke kommet i "mål" mad hensyn til Nils Johan Hegland med trefoten. Hadde jeg bare funnet ut av Hvilken gullsmedforretning han var ansatt i, så tror jeg at jeg hadde kommet adskillig nærmere.Har forsøkt å spørre eldre slektninger, men enten så husker de ikke dette fordi de var for unge den gangen, eller de festet seg ikke med slike detaljer dan gangen. Og de som trolig husket dette er i tur og orden "parkert" i meget rolige omgivelser på kirkegården.Jeg setter derfor stor pris på ytterligere initiativ fra din side.Ha en God helg, hilsen Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.