Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Hatvik

[#4602] Er Dirich Madtzsen i Gloppen og Diderich Madsen i

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Eg har ein forfar Didrik Madsen som budde på Særvold i Os frå 1745 til han døydde i 1755, og som då var omlag 55 år gammel. Han var gift med Gunhild Steffensdtr. (død 1779), og dei kom til Os då Didrik kjøpte eit gardsbruk på Særvold i 1745. Han lånte pengar til handelen av Hans Olsen Hatvik. I følgje gards-og ættesoga for Os (av Nils Tveit) er det uvisst kvar Didrik kom frå. Etter det eg kan finna ut er det mogleg at han kjem frå Nordfjord.I oversynet over vigde i Bergen finn eg "Diderich Madsen, ungkarl, Gunille Stephensd., bondepige, i frop. jun 28, 1739, Domkirken". Dei har desse borna (som Tveit veit om):Massi, f.ca. 1739, ug., b. Bergen Peder, f. 1743, G.1770 Magdele Pedersdtr. Haugland Mari, f. 1745, G.1775 Jon Torkelson Skeie Brita, f. 1750, G.1779 Anders Jakobson Kuven Dei tre siste budde på Særvold og Skeie i Os, sonen Peder overtok farsgarden.Gunhild var mest truleg ei dotter av Steffen Steffenson. Døsen i Os (kanskje slekta hennar har tipsa dei om gardsbruket som var til sals?), men Didrik var i alle fall ikkje frå Os.Eg fann berre éin Didrik med patronymet Mads som høver, og det er i FT 1701 for Nordre Bergenhus: På garden Eide i Wereids sogn (Gloppen kommune)fann eg ein "Dirich Madtzen, alder 20, ops(itters) søn, tiener i Bergen". Faren er "Madtz Erichsen, 60, ops".I eit oversynet'Bergens borgerskap på 1720-tallet' (av Tore H. Vigerust), under avsnittet "personer på landet"; finn eg "Diderik Madsen 1729-1730, sivil betjent i Nordfjord fogderi. Lignet 1729-30 til rd 6-0".Dette må då vera same mannen som etter mange år i Bergen kjem attende til heimlege trakter, eller? Men, - er nordfjordingen Dirich/Diderik frå same mannen som den Diderich/Didrik som vi finn i Bergen i 1739 og i Os frå 1745 og utetter???Eg har elles -for å ta med ein kuriøs opplysning -merka meg at det er/var etter måten mange med førenamnet Didrik i Nordfjord i folketeljingane, medan Didrik er heller sjeldan i Os FØR den her omtala Didrik Madsen (- som då vart opphav til ei rekkje Didrikar).Dersom det er nokon som kan avkrefta/stadfesta nemnde samband mellom Gloppen og Os, og - i tilfelle påvisleg samband - kan gje meg meir informasjon om Dirich Madtzen Eide og ætta hans, så hadde det vore heilt supert.På førehand takk, Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Eg trur eg må skuffe deg. Didrik Madsson Eide var rett nok ein utflyttar, men han var brukar på nr.1 Skipenes, Nordfjordeid, og var i tillegg lensmann, handelsmann og gjestgjevar. Han er død før 1742, og hadde to koner, Agnete, enkja etter Jens Bjerring på Nordfjordeid, og Dorte Jetmunddtr. Dette stemmer vel dårleg med dei opplysningane du har. Skal han vere rundt 55 ved sin død, bør han vel helst vere fødd etter 1701, eller vere så liten at teljaren ikkje tok han med. Korkje Didrik eller Mads er svært vanlege namn i Nordfjord. Eg skal spekulere litt meir på dette.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Rindedal

Jeg tror du vil finne Didrik Madsson nevnt på Hope på Tysnes 1740-43

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin Skibenes

Det er kanskje dette paret du finn under vigde i Bergen 1663-1816: Diderich Madsen og Gubille Stephensd.Vielses dato: Jun.28 1739.Helsing Elin

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Westerheim

Didrik Madsen er frå Dybvik på Stord.Mora Brita Tørresdotter var død før 1711 og i skiftet i 1711 var sonen Didrik 3 år, Faren Mads Pederson døydde i 1747 og i skiftet i 1748 står det at sonen Didrik Madson er busett på Særvold i Os

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Til Aase R. Sæther: Eg er samd i at det er stor forskjel på det å vera 75 og å vera 55 år når ein dør, men - som vi truleg begge - har sett døme på kan det vera relativt stor skilnad på den skrivne og den faktiske (- réelle) alderen før i tida.Igjen, 20 år er eit stort sprik, men på den andre sida var folk på den tida (1700-talet) rekna som gamle når dei passerte femti år. Hardt arbeid og mykje slit gjorde vel óg sitt til at dåtidas femtiåringar oftast såg meir markerte/eldre ut enn femtiåringane i dag; - som samanlikna med forfedrene sine jamnt over lever heller sutalaust.Men uansett var nok ikkje "min" Didrik frå Gloppen. Eg meinte eg fann fleire med dét førenamnet i Gloppen enn mange andre stader, men det kan sjølvsagt vera noko eg innbiller meg.Men du skal ha takk for innsatsen, Aase.Til Svein Rindedal og Harald Westerheim: Ja, dette må vera rette mannen. At to av borna heiter Peder og Brita (oppattkalling av Didrik sine foreldre) styrkjer meg i trua på at Didrik kjem frå Dybvik frå Stord,og at han "mellomlanda" på Tysnes før han slo seg ned på Særvold i Os. Stor takk til Harald for dette. Har du kanskje endå fleire opplysningar om Didrik Madsen/far hans, Harald??På førehand takk & Mvh., Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.