Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Knut Skorpen

[#4730] Aimar August Sørensen, Rygge f 1823

Recommended Posts

Gjest Knut Skorpen

Eg har m.a. i 1900-teljinga funne fram til Aimar (August) Sørenss. (-sen) gm Petrine Paulsdt. i Rygge, fhv. Statsråd. Eg har ved litt gjetting komme fram til at dottera Augusta må vere den same Augusta Sørensen som seinare vart gift med Christian Wille f. 1846. Er det nokon som kan stadfeste dette, eller som veit meir om foreldra til Aimar August Sørensen eller kona Petrine Paulsdotter? Knut.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Skorpen

Denne gongen var det ingen som kunne hjelpe. Men i Kunnskapsforlagets leksikon har eg under "Sørenssen" i mellomtida funne både far, farfar og farfars far til til statsråd Aimar August Sørenssen, så om Augusta Sørensen som vart gift med Christian Wille er dottera hans - og mykje tyder på det - så har eg nøsta opp mykje. Ting tyder på at kona mi slekter på stort folk. Eg det burde eg jo ha gjetta.Faren til Aimar August Sørenssen er iflg leksikon prof. med. Nils Berner Sørenssen, f 1774 Kristiansand (?), død 1857. Men eg greier ikkje å finne Nils Berner i 1801-teljinga. Kan han ha studert i Kjøbenhavn på den tida? Folketeljinga var landsomfattande og dekte også Danmark - finst det noko digitalarkiv som dekkjer dei som studerte i Kjøbenhavn?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.