Gå til innhold
Arkivverket

[#4757] Jens Jensson Thisted, prest i Hafslo, død 1630


Gjest Øyvind Gjervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Øyvind Gjervik

Er det noen som vet hvem foreldrene til jens er, og hvem hans kone var. I Hafslo bygd og ætter av Jon Laberg vet man svært lite om han. Man TROR han er dansk av opphav.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Han er ein stad omtala som Jens Jenssøn Cimber. Det viser hen til Jylland (kimbraranes land) og skulle vera prov nok for at han var dansk. Det at han nytta (eller var tillagt) "namnet" gjev oss indikasjonar på at han er frå egna kring Thisted i Nørrejylland. Det er vel alt ein veit om opphavet til Jens. Men eg reknar med at det finst opplysningar skjulte i hyllemetrane i Rigsarkivet i København.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Øyvind Gjervik

Tusen takk for hjelpen Christian og Jo Rune. Når det gjelder deg Christian, så kan jeg supplere til noen opplysninger jeg har om han fra Jon Laberg`s bok Hafslo bygd og ætter: Han skal ha blitt uenig med soknepresten sin i Nykyrkja (Bergen ???) og i tillegg brukt kniv på presten sin sønn, og at det KAN være grunnen til at han reiste fra byen og inn på landet (Hafslo)for å jobbe som prest der. Konen hans skal visttnok være av slekten Hess (hvor enn den måtte stamme fra). Ellers vet man ikke mer om hans kone. Jo Rune, du har vel ikke en e-mail-adresse der jeg kontakte Rigsarkivet i København?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann Kristin Flagtveit

Hei Har også Jens Jensson Thisted representert på slektstreet. Du er velkommen til å besøke hjemmesiden vår. Jens finner du i min farmors forfedretre i Kronenslekt. Ann Kristin Flagtveit

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hans Mathisen

Til Ann Kristin: jeg har forgjeves prøvd å kontakte deg via din nettsides gjestebok. Får bare opp feilmeldinger. Jeg ser at vi har mange sammenfall i våre slektsdatabaser, men også mulighet for å kunne supplere hverandre. Om dette er av interesse for deg, vennligst send meg en mail på adresse tophat@online.noMVH Hans

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per B. Lilje

Ta en kikk i Wibergs "Dansk præstehistorie" som i hvert fall finnes på det teologiske fakultetsbiblioteket ved Universitetet i Oslo etter prester i Thisted i siste del av 1500-tallet. Hvis det er en prest der som het Jens, kan jo det ha vært faren (mulig du da vil kunne finne flere opplysninger).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Øyvind Gjervik

Tusen takk for anbefalingen Per! Skulle gjerne hatt en e-mail-adresse eller en adresse til Det Teologiske Fakultetet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Ikkje at eg trur du vil finna noko i den:-) Eg sjekka den ut for 10 år sidan. Skal ein finna noko meir om opphavet til denne presten må ein nok leita i arkiva - og dei mest aktuelle arkiva er i Danmark. Det nyttar nok ikkje å senda e-post til Rigsarkivet, men i alle tilfeller finn du heimesidene på http://www.sa.dk/ra

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg balar for tidi med prestesoga for Hafslo og spekulerer på om nokon nokosinne fann fleire opplysningar om opphavet til sokneprest Jens Jensson Thisted og/eller kona hans, som, skal me dømma etter namnebruken i ætti, KAN ha heitt Metta (Nilsdotter?) HESS?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Eg er nok samd med deg Lars, at kona til Jens Jenssøn Thisted må ha vore av ei av Hess-ættene på Vestlandet. Men eg trur det er lite fruktbart å konstruera ei namngjeven kvinne med dette namnet og bruka det i bygdeboka. Då vert det fort sanning, og det er jo ingen tent med.Personleg trur eg at ho eventuelt må vera ein slektning av Hans Nilsson Hess i Lindås, og far hans Nils Henriksson Hess på Voss (om desse, sjå min artikkel kring Amla-godset i NST 36). Dette kan eg førebels berre grunngje med namnebruk (Hans og Nils, men som dessutan er relativt vanlege namn) og kronologi, og eg har slett ikkje noko som helst anna som provar ei kopling her. Eit indisium _mot_ dette er mangel på jordegods som kan førast attende til denne eldre Hess-slekta. Dermed trur eg du skal vera varsam med å skriva for mykje om kona til Jens Thisted i bygdeboka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg er samd med deg, Jo Rune, i at det har liti hensikt å ''konstruera'' namn med mindre indisiane er overveldande. I dette tilfellet er nok sjansane for at ho heitte Metta, ganske so gode, for to av borni har døtrer med namn Metta (den tredje har ingen kjende døtrer i det heile), medan Nils er mykje meir usikkert; difor skreiv eg dette òg slik eg gjorde i innlegget mitt.Samstundes kan det vera eit vis å ''fiska'' på, om nokon skulle dra kjensel på namnet...Eg har ikkje NST for handi, men kanskje du kan kort fortelja meg kva tid denne Nils Henrikson Hess og sonen Hans levde?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Eg saksar frå artikkelmanuskriptet mitt:Niels Henrikssøn Hess kom til Bergen noko før 1520 og vart snart kannik i Bergen. Om lag 1523 vart han tilsett som sokneprest på Voss og haldt fram i embetet etter reformasjonen like til 1570. Saman med Eske Bille vart han i 1534 teken til fange av lübeckarane og vart ikkje sleppt fri før året etter. I 1555 vart han utnemnt til suffragan (nærast fungerande biskop) i Bergen under Gjeble Pederssøn, og fungerte som dette fram til 1557. Han var òg på tale som biskop etter Gjeble, men måtte sjå at Jens Schjelderup fekk denne stillinga. Nils Henriksson døydde den 10. august 1570. Hans Nielssøn Hess var ifølgje Lampe sokneprest på Lindås i alle fall frå 1590 og hadde embetet til han gjekk av i 1618. 1612-1613 betalar han 1 daler i tredjeårstake av 1 våg fisk av Utkjeilen (Garden) i Lindås. Ved sidan av prestegjerninga dreiv han, i alle høve frå 1610, eit herberge og gjestgjevari i Kjelstraumen i Lindås. Han var gift med Margrete Albertsdatter, ei søster av sokneprestane Albert Albertssøn Graff i Manger på Radøy og Henrik Albertssøn Graff i Jølster. Ein kjenner ikkje til nokre born etter Hans Nielssøn. I 1591 kjem det fram i eit brev frå kongen til statthaldar Axel Gyldenstjerne at ein prest med namn Hans Hess var frådømt embetet sitt av Peder Thott inntil han fekk kongeleg benådning. Dette avdi Hans Hess i løpet av åtte veker to gonger hadde bortvist ein av sine sognemenn, ein Ola Jonsson, på grunn av ei trette som hadde vore mellom dei lengre tid. Hans Hess hadde leigd bonden ein gard, men ville no ikkje halda denne avtalen. Dersom dette er same mannen som vår Hans Hess har han nok fått kongeleg benådning i samband med hyllinga i 1591, gjerne noko tidlegare, for alt 21. april same år er han med og skriv fullmaktsbrevet for dei tre geistlege utsendingane frå Nordhordland. I 1618 betalar Hans Hess 8 skilling i grunnleige av ein grunn i Bergen til Jakobs prebende, som då låg til soknepresten ved Domkyrkja i Bergen, Peder Brock. Hans Hess var framleis i live i 1619, men var død før 13. april 1621, då borgarmeister Vilken Tormodsson i Bergen får brev på Kjelstraumen mot å driva herberge der. Hans Hess vert då nemnt salig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

I tillegg er det vel på sin plass å nemna at Hans Nielssøn Hess hadde søstera Ingeborg. Ho var gift med Jens Sørenssøn (Landgrav), sokneprest på Voss, som døydde i 1590/1591. Det var fleire born i dette ekteskapet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.