Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Arne Solli

[#5249] Ane Malene Jensd. Alvøen

Recommended Posts

Gjest Arne Solli

Kjenner nokon til kvar Ane Malene Jensd. Alvøen hadde tilhald før ho vart gift 14. okt. 1810 med Bern Olsen Moldskredal (Berent Olsen Moskedal) frå Sunnylven?Lenke til Vigde i BergenBern og Ane Malene traff kvarandre første gong Bern var med ei handelsjekt til Bergen. Litt nord for Bergen stod ei jente forfrosen, tynnkledd og berrføtt og skreik og bad jektekarane frå Sunnylven ta henne med seg til Bergen. Det gjorde dei. Nokre år traff Bern Ane Malene i eit ''ondele hus'' (_ikkje_ åndeleg!) i Bergen, dei gifta seg i oktober og ein månad seinare blei første barnet døypt i kyrkja i Sunnylven.(Du finn meir om Bern og Ane Malene i bygdeboka for Sunnylven og Geiranger under garden Moldskrdal)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

I 1801-telligen for Sund, finner du disse Anene i Fjell sokn: Ane(12) på Åse, Ane (1) på Dyrøy, Ane (29) på Fjæreide og kanskje mest interessant Ane (7) på Morlandstø - hennes bestemor het Malene! (Det er jo ikke sikkert Anene er oppført med fullt navn i tellingen...)Noe mer er ikke lett å finne uten alder! Og på Alvøen bodde jo mange tilflyttede fabrikkarbeidere, så hun kan jo være nesten hvorsomhelst fra... Men Fjell er jo nabokommune til Bergen landdistrikt, så kanskje?Lykke til...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg skal sjå etter henne i Askøy-papira mine når eg kjem meg heim frå kveldsvakt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solli

I bygdeboka står det at Ane døydde i 1864, 83 år gammal, altså det skulle bli 1781 +/- nokre år. Det betyr at i 1801-teljinga burde Ane Malene vere 21 år +/-

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Ja, da var jo ikke mine opplysninger mye hjelp i!Har du noen indikasjoner på hvor langt nord for Bergen hun sto og skrek? Alvøen er jo vest for Bergen...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anders Alvheim

Hmm...Alvøy i Øygarden? Har sett Alvheim nevnt som Alfføen. Prøv Manger 1801?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Dette er ikkje lett. Ho ser ikkje ut til å vere fødd i Askøy, heller ikkje konfirmert der - og ikkje finn eg nokon som høver i 1801. Der er heller ingen Jens som døyr i området på den tida og som kan vere far hennar - bortsett frå ein: Jens Jetmundsen. Han vert gift med ei Siri Eriksdtr. kring 1762 - og ho døyr i 1786 på Damsgård. Han gifter seg oppatt året etter og set seg til på Kongshavn (Alvøen). Der får han to born før han døyr nokre år etter. Den fyrste av dei er kalla Siri etter første kona, den andre Malene.Heldigvis er det skifte etter han, så du kan sjekke han ut på SAB.Ut over dette var det, som Heidi skreiv, stor tilflytting til Alvøen frå nær sagt alle stader - og særleg frå 1800 og utover, jfr. ein viss Gjest sin "svigerfamilie".Eg trur "Alvøen" i kyrkjeboka når ho gifter seg, er å oppfatte som bustadadresse der og då - og at ho "berre" har vore i teneste der.Det eg no undrast på, er om du har funne nokre namn på borna som kan gje ein peikepinn om foreldre/besteforeldre eller syskin?Eg finn heller ingen i Manger som høver i 1801.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solli

Bygdeboka er heller sparsommeleg når det gjeld namn på borna. Det står at dei hadde fleire, men dei fleste døydde små eller i ungdomsalderen.Eg meiner den første sonen heitte Cornelius f. 1811, også nr. 2 blei døypt Cornelius. To jenter vaks opp, Berte (død 42 år i 1872) og Olave, som levde ugifte.Eg skal sjekke mot ei avskrift av kyrkjeboka seinare i kveld.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Kan nokon der ute i verda sei meg om det finst bygdebøker eller anna frå Solund i Ytre Sogn. Eg vil aller helst ha kontakt med ein/ei som har rask tilgang på slikt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solli

Bygdeboka er heller sparsommeleg når det gjeld namn på borna. Det står at dei hadde fleire, men dei fleste døydde små eller i ungdomsalderen.Eg meiner den første sonen heitte Cornelius f. 1811, også nr. 2 blei døypt Cornelius. To jenter vaks opp, Berte (død 42 år i 1872) og Olave, som levde ugifte.Eg skal sjekke mot ei avskrift av kyrkjeboka seinare i kveld.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solli

Ane Malene Jensd. og Bern Ols. Moldskredal hadde desse borna: 1) Carolus 1810-1811 2) Carolus 1818-1819 3) Berte Caroline 1820-1872 4) Iver 1822-225) Olave 1825 6) Karen 1830-30Foreldra til Bern heitte Ole Knuts. og Brite Serkvedsd. Det kan bety at Carolus/Caroline/Karen har fått namn etter Ane Malene sine slektningar (mor?).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne O Rasmussen

Til Bjørn Davidsen Det finnes bygde bøker for Solund. Hele to bind. Prøv arasmu@online.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×