Gå til innhold
Arkivverket

[#5386] Jakob Larson frå Stord ?


Gjest Helga Kallevik
 Del

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Min tipp tippoldfar heitte Jakob Larson(1769-1842). Han kom truleg frå Stord (Hordaland), men eg finn han ikkje i bygdeboka frå Stord. I følge Bygdebok for Bømlo (Moster) var han den fyrste som dei veit budde i Kallevik under Håvik,(Moster i Bømlo kommune). Her finn eg også at han var gift med Synneva Halvardsdatter, som var nokre år yngre enn mannen. Det er mykje sansynleg at dette er dei same som eg finn under vigde i Stord 1801. Det betyr at Synneva Halvardsdatter kom frå Dyvik, Stord og Jakop Larson budde då på Nysæter, Stord. I folketeljinga 1801 finn eg også ein Jakop Larson i teneste under Nysæter, Stord. Slik det ser ut kan dette vera samme person. Det eg no ynskjer å finna ut av er kor kom denne Jakop Larson frå ? Var han også født på Nysæter eller var han berre i teneste der ? Kven var i så fall far hans? Eit namn som har gått igjen i slekta hans seinare er Mathias. Dette namnet er også nytta på garden Nysæter.Kan det ver samanheng her ? Er det nokon som kjenner til slektene på denne garden ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.