Gå til innhold
Arkivverket

[#5519] Tyri Hanøen -Askøy


Gjest Linn Brungodt
 Del

Recommended Posts

Gjest Linn Brungodt

Er det noen som har databasen for fødte/døpte i Askøy? Hvem er foreldrene til Tyri Hanøen? Jeg har forløpig tippet Anders Jespersen og Synneve Heinedtr. gift 1751, Askøy, men vet ikke om disse er riktige. hva med søsken?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Denne Tyri har eg leita etter tidlegare for andre. Ho er i alle høve ikkje dotter av Anders J. og Synneve H.. Det er heilt sikker, for dei budde på Hetlevik og hadde ingen ting med Hanøy/Kollevåg å gjere. Dei som skil seg ut som foreldre-kandidatar, er Anders Olsen og Marte Arnesdatter. Anders Olsen bur i Hanøy i alle høve i 1765, 1769 og 1770, då han får/misser born der. Tyri vert konfirmert frå Hanøy 1774 (16 år gamal, altså fødd omlag 1760), men nokre år seinare går ho til alters frå Kollevåg. Det gjer eigentleg ingen skilnad, for Hanøy og Ramsøy vert så seint som i 1801 rekna til Kollevåg. Og Inger Andersdatter (f. 1865), som eg vil tru er ei syster av Tyri, vert konfirmert frå Ramsøy 1785, 19 år gamal. Det finst òg ein Nils, som kan vere ein eldre bror. Likeeins ein Anders. Dei er båe oppførde under Kollevåg.Kor Anders Olsen og kona kom ifrå (og kor Tyri er fødd, for ho er ikkje døypt i Askøy), veit eg ikkje. Kven som "rak i land" ute i øyane og sunda der, kan det vere vanskeleg å finne ut av, førebels. Men etter kvart som fleire og fleire kyrkjebøker kjem digitalt, vil nok løysinga kome nærare.Men i mellomtida kan du jo ta deg ein tur på SAB og sjå etter kven Tyri nytta som faddarar til ungane sine. Finn du t.d. Inger A. der, evt. Nils A., ja då er sjansane svært store for at AO/MA er foreldra til TA.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.