Gå til innhold
Arkivverket

[#5595] Oline Andrea Krüger, f. 1852 i Os SB, tj.pige i Os


Gjest Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Dette innlegget viser til innlegg nr. 2901 i dette fora, 'Oline Andrea Hansdtr. f. 1852 i Os, kvar vart ho av?'La meg repetera litt: Oline Andrea Hansdtr. Krüger, frå Os i Søndre Bergenhus (= Hordaland) er dotter av 'gift mand' Hans Christian Severin Astrup Hansson Krüger (1825 - 1886),landhandlar, ordførar, og 'pige' Guro/Gura Larsdtr. Storlid (1822 - 1901); begge to fødde og oppvaksne i Fuse sogn av Ous/Os prestegiæld. - Oline Andrea var altså 'uekte' født og vaks opp saman med mora.Mora Guro vart seinare gift med Ole Johannessen Hægland/Hegland i Os, i 1862. Fram til 1875 bur dei på plassen Haugstræet under Hauge i Os, frå 1875 har dei eigen gard i Hatvik i Os. Oline si yngre, ektefødde halvsøster overtek garden og vert buande i Hatvik; - Oline reiser bort. Men kvar blei det av henne?Oline Andrea vart fødd 02. april 1852, døypt 07. april i Os, konfirmert 27. oktober 1867 same stad. I FT 1865 for Os er ho 'fosterborn' på garden Bø.Eg finn henne igjen i FT 1875 for Kristiania. Då er ho pige for familien Markus P. Ingstad i Pilestrædet 77; slik: 'Oline Andrea Kruger/ tjenestepige/ ug/ 1852/ Os ved Bergen.'Denne Markus Ingstad er Marcus Pløen Ingstad (1837 - 1918), juss-professor (- romarrett). Kona Thea, f. 1839, er fødd på 'Tysnæs ved Bergen'. Kanskje var det slik at ho helst ville ha ei tenestejente frå same distriktet som ho sjølv kom frå? (Fusa, Os og Tysnes er nabobygder). Eldste sonen deira, Olaf Ingstad (1867 - 1958) vart far til advokaten Helge Marcus Ingstad (1899 - 2001); aller mest kjend som oppdagar [ja, nettopp! - DEN Ingstad.]Spørsmålet er då: Kvar blir det av Oline Andrea Kruger/Krüger ETTER 1875?? Etter det eg kan sjå utvandrar ho ikkje til USA - i alle høve ikkje etter dei listene som no ute på nettet. Men kanskje ho blei ho verande i Oslo? Kanskje gift?? Eg kan IKKJE finna henne i FT for 1900 - men Oline er jo eit vanleg namn. Og det kan sjølvsagt henda ho døydde før 1900.Difor, er det nokon som kan hjelpa meg her ??På førehand takk. Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Løkkebø

I og med at du ikke finner henne i 1900-tellingen ville jeg vel prøvd kirkebøkene for det aktuelle området der hun bor i Oslo i 1875, for å se om hun flytter, gifter seg eller dør.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Eg er einig i det, Lars. Men kva kyrkje- eller kapell soknar "Pilestrædet" i Oslo til då? Med andre ord, kven skal eg venda meg til??Ein liten presisering til dei avsnitta eg skreiv om familien Ingstad i Kristiania. Oline Andrea var tenestejente hos professor Ingstad og blei ikkje gift inn i denne familien, jfr. FT for 1900.Men det er jo sjølvsagt mogeleg at ho vart gift med andre .... Så dersom nokon hostar opp namnet på det rette gudshuset så kan eg prøva å finna ut meir om dét og andre ting. :-))Igjen, på førehand takk! & mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Hallo?Kva kyrkjesokn dekker / omfattar Pilestredet i Oslo, eller "Pilestrædet" som det står i FT 1875 for Kristiania? Og kva heiter altså den kyrkja som den her omtala Oline Andrea Krüger/Kruger kan ha sokna til??Eg var ganske brukbar i geografi på skulen, men Oslo by sin lokalgeografi er ikkje mi sterkaste side. Er difor takksam for nødvendig "guiding" rettleiing og nyttige opplysningar i denne samanhengen.Med vennleg helsing Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Bjerke

Iflg Riksarkivet dannet Pilestredet en av yttergrensene for Gamle Aker menighet. I dag ligger Pilestredet bare noen skritt unna Fagerborg kirke, men Fagerborg ble egen menighet først i 1897 iflg Riksarkivet. Siden dette huset ligger på vestsiden av veien, kan det derfor være at vi er to skritt over i Uranienborg menighet. Forslag: Ring Fagerborg menighetskontor og spør! Hvis du vil orientere deg gatelangs i Oslo, kan du jo gå inn på den karttjenesten som www.finn.no bruker for sine boligannonser. Det gjør jeg.Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Bjerke

Det kan høres fjernt ut, Terje, men jeg har funnet en Andrea Oline Kr. Erken i Thereses gade 23 i 1900 (g.m. Harald Erken). Hun er oppgitt som født 17.01.1864, så der svikter det litt. Men du kan jo ha henne som en løs tråd du kan sjekke opp litt nærmere. Thereses gate ligger en kort spasertur fra Pilestredet 77.Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Bjerke

Iflg familysearch giftet Harald Erken seg i 1893 med Andrea Karen Oline Mikkelsen (Paulus menighet). Da svekkes vel sporet etter frk. Krüger, hvis du ikke har en Mikkelsen-brikke i puslespillet ditt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Takk for nyttige innspill, Rune. Nei, eg har nok ingen Mikkelsen-brikker i dette spelet. I alle fall ikkje før no. Men eg skal ringa Fagerborg kirke og sjekka ut både denne og evt. andre lause tråder.Takk skal du ha. Mvh, Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...
Gjest Terje Hatvik

- Ville berre høflegst gjera merksam på at eg ikkje har kome nokon veg i jakta på denne personen, og at eg difor tillét meg å leggja ut etterlysinga på nytt.Har med jamne mellomrom søkt etter denne dama, Lina/Oline/Olina Hansen/Hanss./Hansdatter Krüger/Kruger/Kryger/Krøger i dei forskjellige databasane på nettet, men til no utan 'klaff'. Hennar personalia står i det første innlegget i denne tråden, yttarlegare opplysningar har eg ikkje. All informasjon vert motteken med takk -.Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Terje Hatvik

Eg nevnte ovanfor at Oline Andrea var tenestejente hos professor Marcus Pløen Ingstad og kona Thea i Oslo. Thea, eller eigentleg Dorothea; vart fødd 1839 i Tysnes i Hordaland som eldste dotter av presten Georg Jansen Døderlein Greve (1808-1879) frå Bergen og kona Ulrikke Olava Jensdtr. Olsen. Georg var elles son av godseigar Jan Arntsen Greve i Åsane.Georg D. Greve var kapellan i Tysnes i Hordaland 1833-41 og prest i Nesna i Nordland 1841-50 før han vart sokneprest i Os prestegjeld i 1850. Dét var han fram til 1873 då han tok avskil grunna sjukdom.Oline Andrea Hansdtr. kjende sjølvsagt til presten Greve og familien hans (Greve konfirmerer henne i oktober 1867), så det er vel slik ho får seg ein huspost hos Thea og mannen hennar?Dei tre sønene hans, Jens Ludvig Mathias, Jan Arentz og Georg Olavus; vart alle saman lærarar (skulestyrarar) i Bergen og på Kongsberg. Den yngste dottera, Magdalena Margaretha Koren; vart gift med ein prest, og (Doro)Thea altså med nemnde jusprofessor Ingstad.Den vidare lagnaden til dama etter 1875 er diverre framleis like ukjend for meg.Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

---- All informasjon om Oline Andrea Hansdtr. Krüger frå Os -særskilt då lagnaden hennar etter 1875- blir sjølvsagt motteken med stor takk.Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Terje Hatvik

... i håp om at ein eller annan sit på relevant informasjon hentar eg no fram att tråden om Oline Andrea Hansdotter Krüger.Mor hennar, Guro Larsdtr. døyr som nemnd i 1901, den 25. nov.; sjå innlegg (1) her. I skiftet etter Guro er ikkje Oline Andrea nemnd. Eg tolkar dette som at ho døydde før mora.I og med at eg heller ikkje finn Oline i FT for 1900, medan ho ifølgje FT for 1875 er høgst oppegåande i Christiania, drar eg (førebels) den slutninga at frøkna døyr ein gong mellom 1875 og 1900; men KVAR??,- dét er det store spørsmålet!Alle innspill, kommentarar og/eller opplysningar vert sjølvsagt mottekne med takk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...
Gjest Terje Hatvik

Eg løftar no fram igjen denne tråden og håper at ein eller annan kan fortelja meg _kvar_ og _når_ Oline Andrea Hansdotter døydde (ein gong mellom 1875 og 1900). Ho er altså _ikkje_ nemnd i skiftet etter mora, jfr. innlegg (12) her. Sjå elles særleg innlegga (1) og (10).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
Gjest Terje Hatvik

I og med at mange kyrkjebøker har blitt skanna og lagt ut på DA i det siste lurer eg på om nokon har slumpa til å 'snuble' over Oline Andrea, som altså døydde i åra mellom 1875 og 1900.Eg har funne mykje interessant i dei skanna kyrkjebøkene, men (til no) ingen spor av den nemnde dama etter oppføringa i FT 1875 for Kristiania.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...
Gjest Terje Hatvik

Det litt dumme med førenamnet hennar er at det diverre er så mange variantar ho lett kunne kamuflere/gøyme seg under: Oline, Olina, Lina, Line, Linnea etc. Men, ein kan jo ikkje gje opp. I alle høve ikkje enno.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...
Gjest Terje Hatvik

Det er vel ikkje nokon som tilfeldigvis har snubla over ei Oline Andrea Hansdatter Krüger f. 2. april 1852 i Os, Hordaland; i dei skanna kyrkjebøkene for Oslo vel?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.