Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Tore Nordvik

[#5721] Ole Johannesen Lunde, men kva Lunde-gard var han i

Recommended Posts

Gjest Tore Nordvik

Ole Johannesen gifta seg i 1793 med enka Eli Eliasdtr. Kausland i Sund, Hordaland. Han blei far til Ane og Johannes før han døydde i 1802.I mannskapsrullene står han oppførd som fødd i 1748 på garden Lunde. Sidan ingen gard i Sund heiter Lunde, må han sannsynleg ha vore frå ein annan stad. Det fins fleire gardar med namnet Lunde, men kven av dei var Ole Johannesen ifrå?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Bjørn Darrud

Hei Holla i Telemark har Lunde-gårdsnavn. Johannes og Ole er navn som på 1700-tallet kan knyttes til gården, plasser knyttet til gården. Hvor sikker er du du på hans antatte fødselsår? Har du sjekket alder i FT 1801 og ved begravelsen? Hilsen Ole Bjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Han var nok neppe frå "langtvekkistan", men truleg frå ein av de 10 Lunde-gardane i Hordaland (1801). Du finn åtte av dei langs kysten frå Sunnhordland til Nordhordland - og to på Voss. Næraste er vel Lunde i Os og Lunde i Tysnes.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Nordvik

Lunde på Tysnes og Lunde på Os har eg sjekka utan positivt resultat, men då har eg jo åtte gardar igjen viss han var frå Hordaland.Dessutan var det rart at ikkje prestegjeldet var nevnt i militærrullen, så eg trur han nok var frå ein av dei næraste Lunde-gårdane, men sjølvsagt kan han ha kome frå andre delar av landet og.Fødselsåret trur eg er ganske bra, både FT 1801, alderen oppgjeven ved død og den som er nemd i militærrullene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Kva slags militærrulle fann du han i?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Nordvik

Eg fann han i ekstrarullene D no 6 som byrjar i 1785 og fortsett ut på 1800-talet. Som kjent fins det hovudrulle og ekstrarulle, og kun i ekstrarullen stod Lunde oppførd.Eg var og i Bergen og sjekka skiftet etter han, men ingen slektningar av han var oppførd. Nils Olsen Børnes var formyndar for begge borna, og Endre Mikkelsen Kausland var laugverge for Eli Eliasdtr.Det var nemnd ein del andre personar i skiftet, folk Ole Johannesen hadde gjeld til, deriblant ein i Os prestegjeld, så eg var kanskje litt rask med å utelukke Lunde i Os.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Denne Ola Johannessen, f. ikr. 1748; var nok ikkje fraa nokon av gardsbruka paa Lunde i Os kommune (gnr. 45 i matrikkelen). Det finst rettnok nokre Ola'er der, men alderen passar ikkje og ingen av dei har Johannes som patronym. Heller ikkje finn eg nokon Ola Johannessen under garden Lunden i Os (gnr. 59).Saa du maa heller leita i andre kommunar- og prestegjeld.Mvh., Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Hei Tore,Hvis du ikke allerede har du full kontroll på forfedrene til Elen Eliasdtr. Forland, så kan jeg bistå der!?Heidi

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Nordvik

Takk for svar sjølv om det ikkje gav positivt resultat.Når det gjeld Lunde på Tysnes har eg kun sjekka bygdeboka, men eg ser i 1801 at det blant andre fins ein Mons Johannesen Øvre Lunde, 46 år i 1801, og ein Lars Johannesen Nedre Lunde, 66 år i 1801. Er det nokon som kjenner til desse to personane og eventuelle slektningar?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Nordvik

Hei HeidiEg kjenner foreldra hennar og besteforeldra. Du kjenner sikkert til hennar morfar Anders Knudsen Bachesund, ca 1693-1776, men kjenner du hans opphav? Det har vore diskutert tidlegare her i debatten utan at me kom fram til kvar han var ifrå.Men har du ytterlegare opplysningar er alt av interesse.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Jeg har ham som gjestgiver fra Solheimsviken i Årstad sogn, og at han kom fra Glæsnesholmen til Bakkasundet. Men det visste du kanskje? Og at han var gift med Abelone Absalonsdtr. Nautøen (1682-1767)...På hi sio, kom faren Elias, farfaren Nils og oldefaren Anders alle fra Forland. Men vet du forresten hvor farmoren Elen Eliasdatter var fra i Sund, det tror jeg ikke jeg har...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Nordvik

I fylgje Anders M. Rabben fekk Anders Knudsen skøyte på Bakkasundet 28. juli 1729. Men han har nok ikkje flytta med det same, for 4. september same år blir kona, Abelone Absalonsdtr. introdusert i Sund etter å ha fødd ein gut. Då budde dei som du skriv på Glesnesholmen. I 1732 er han derimot oppførd som buande på Bakkasundet. Då fekk dei ein son til, og han skal ha vore gjestgjevar der fram til 1753.Eg reknar med du har funne opplysningane om at han var frå Solheimsviken, Årstad sokn i bygdeboka for Austevoll, men så vidt eg kjenner til har me ikkje funne den opplysninga att i nokon originalkjelde. Viss du har referanse til originalkjelda er eg svært interessert i å få vite kvar det står.Du skriv at Abelone Absalonsdtr. var frå Nautøen. Kvar har du denne opplysninga frå? Jostein Børnes har og leitt etter henne, og han meinar at ho er dotter av Absalon Olsen og Marie Sjursdtr. Ytre Vereide i Gloppen. Eit skifte frå 1712 fortel at det var fire døtre i ekteskapet: Kristine, Malene, Ellen og Abelone, men førebels vantar provet på at Abelone nemnd i dette skiftet er den same som er gift med Anders Knudsen. Dei tre andre søstrene var alle gift, busett i Bergen, og alle hadde born.Elen Eliasdtr. er neppe frå Sund. Eg har diverre ikkje funne hennar far, men eg vil starte å leite i Sunnhordland. Merk at det er langt fleire med namnet Elias i skifteprotokollane for Sunnhordland enn i Nordhordland.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi T. Slettemoen

Jeg skal sjekke kildene mine nærmere så snart jeg får tid!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.