Gå til innhold
Arkivverket

[#5793] Slektsnamnet Giil, Sunnfjord


Gjest Kate Øren
 Del

Recommended Posts

Gjest Kate Øren

Min forfader Jonas Hermanson Giil kom til Florø eingong på 1800-talet og busette seg på eit bruk der. Men slektsnamnet hadde han med seg.Kor det namnet kjem ifrå, er eit lite mysterium. Faren var Herman Olsson Hovland og mora var Synnøve Sørensdotter Ulvika frå Askvoll i Sunnfjord. Båe er fødde kring 1780. Herman trur eg kom frå same området (ytre Holmedal), men er ikkje sikker.Er Giil ei fordansking av eit eller anna? "Gjel" til dømes? Budde han ¨på ein stad med dette namnet før han flytta til Florø?Alle opplysningar eller teoriar om kor Jonas fekk Giil-namnet frå vil vere nyttige.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Gardane Ytre og Indre Giil ligg i Hyllestad kommune i Ytre Sogn. Sannsynlegvis har denne forfaderen din budd der ei tid. Ulvika er ein gard som ikkje ligg langt vekke frå Giil. Bygdebok for Hyllestad vil sikkert vera til hjelp for deg. Hovland kan vera Hovland i Hyllestad eller Hovland i Askvoll. Begge dei gardane ligg så nær Ulvika at dei kan vera aktuelle.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.