Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#7968] Johannes Ellefson på Vingen i Åfjord, Sør-Trøndela

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Folketeljingi 1801 for Vingen i Åfjord, Sør-Trøndelag syner mellom anna denne huslyden:Johannes Ellevsen, Mand, 62, gift første gang, jordløs huusmand, skomager, vanførKirsten Olsdatter, Hans kone, 60, gift første gangOle Johansen, Deres børn, 8, UgivtOlava Johansdatter, Deres børn, 18, UgivtJohannes Ellevsen Vingen skal vera d. i Åfjord 10.6.1803.Johannes er truleg identisk med husmannssonen Johannes Ellefson frå Dalen under Åsen i Luster, døypt der 27.11.1737. Ved skiftet etter far hans i 1785 heitte det om Johannes at han reiste heimefrå i ung alder, og ingen visste kvar han då budde!Er det einkvan i dette brukarforum som kan bidra med fleire opplysningar om denne huslyden i Sør-Trøndelag, eventuelt frå ei bygdebok?Takkar hjarteleg for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Erik Aas

Han ble gift i Alvdal (Lilleelvdalen sokn i Tynset prestegjeld) m/Kirsti Olsd. Sandegga (f.1746) i 1773, der deres datter Marit ble født i 1775.Se hjemmesida mi på adressen: http://home.no.net/jeaas/, gå så til '1800- Uplassert Lilleelvdalen', derfra (oppsett 1817) kan du navigere deg fram til hennes aner.Opphavet til Johannes kjenner jeg ikke til.Ellers finnes det glimrende bygdebøker for Alvdal (Norges beste ?), forfatter Einar Steimoeggen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Asmund Lien

I H.K.Hansens gårdshistorie for Åfjord og Jøssund bd. I står denne husmannsfamilien i Åfjord omtalt. Omtalen er knapp, og du vet vel det meste allerede. Men her er det som står i boka: Johannes Ellevsen, f. 1740, d. 1803, gift med Kirsten Olsd., f.ca.1741. De nevnes på Vinnan fra 1790. I 1801 er han 'jordløs husmann', skomaker og vanfør. De kjente barn: 1. Marit, f.ca. 1774, d. 1801 på Vinnan av tæring. 2. Olava, f. ca. 1783, konf. 1799 fra Vinnan. 3. Ole, f. 1792 på Vinnan. Jeg har ikke funnet noen omtale av denne familien i Hansens bd. II, som handler om perioden 1801-1875, men jeg har nå heller ikke lett særlig grundig.. Vennlig hilsen Asmund Lien.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg er mektig imponert over dei fine opplysningane som er fremkomne om denne ukjende Johannes Ellefson og huslyden hans. Hjarteleg takk til Jan Erik og Asmund!Rett nok kan me ikkje føra prov for at det verkeleg er Johannes Ellefson frå Luster som flytte til Alvdal og sidan hamna i Åfjord, men både alder og omstende elles høver jo svært godt, og dessutan er namnekombinasjonen svært uvanleg. Kanskje det har vore fleire born i huslyden til Johannes og Kirsti. Mor til 'min' Johannes heitte Britha (Berit), og det er jo god plass til fleire born mellom Marit og Olava...Jan Erik, kan du skaffa meg nøyaktig vigselsdato for Johannes Ellefson og Kirsti Olsdotter og dessutan fødsels- (eller dåps-) datoane til Kirsti og dotteri Marit?Eg er ogso interessert i fleire detaljopplysningar om borni til Johannes og Kirsti, men dette ser ut til å vera ein huslyd på stadig flyttefot, so det vil vel kanskje vera svært so tilfeldig kva som kan 'dukka opp' av fakta...?Nok ein gong tusen takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Erik Aas

Jeg kommer med mer stoff over helga (har ikke internettoppkopling hjemme), i mellomtiden kan du lese et lite stykke om søsteren til Jostedalspresten Mathias Jørgensen Foss på 1700-tallet.Adresse: http://home.no.net/jeaas/, Klikk deretter på de tre tallene under 'Sokneprest 1737-63 i Kvikne, Hans Christian Bjørn og Anne Magrete Foss'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Erik Aas

Trolovelsen 1772, XXII søndag etter Trinitatis (ifølge programmet Dage 15/11). Troloved ungkarl Johannes Elevss med pigen Kiersti Olsd. SanEggen. Cau.mend Hans Estenss. Qveberg og Ole Jonsen Lien.Vielsen kunne jeg såvidt skimte på mikrofilmkortet, men datoen er fullstendig uleslig. Datoen ligger i Juli/August 1773.Kirsti Olsd. ble døpt Domin. Invocavit 1746 (ifølge programmet Dage: første søndag i fasten, 27/2).Jeg fant ikke igjen dåpen til Marit på mikrofilmkortet. Her var det mye uleslig.Jeg kan ellers nevne at en bror av Kirsti Olsd. var i 1801 bosatt på Murvoll i Åfjord. Det var nemlig Knut Olsson, f.1741 m/hustru Kari Simensd., f.1740 og sønnen Jon Knutsson, f.1774.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Stallvik

Har nyss vorte merksam på denne linken i brukarforum. Eg har komme til at Olava Johannesdotter vart gift på Ørlandet med Henrik Andersa Tysbotn/Sagplassen, og er stammor for ei stor slekt. Helsing Tor Stallvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tor for spennande innlegg, og ein svært forseinka takk ogso til Jan Erik for innlegg frå 2002, som eg før har oversett!Me har framleis ikkje noko prov for at det er Johannes Ellefson frå Luster som hamna i Åfjord, men eg held dette sambandet for svært truleg; eg er difor òg interessert i fleire opplysningar om dotteri Olava, som vart gift på Ørlandet. Kan du Tor komma med fleire detaljar om dette parfolket som t.d.:* Date og stad for vigsli deira?* Dato og stad for fødsli/dåpen til Henrik?* Dato og stad for dødsfalli til Olava og Henrik?* Eg oppfattar det slik at Henrik og Olava var husmannsfolk på Sagplassen under Tysbotn, men kor mange born fekk dei?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Stallvik

Hei Lars, Olava var tipptippoldemor mi, og her er opplysningane eg har om familien: Henrik Andersa Tysbotn Sagplassen f. 1775, d. 1856-66 25.04.1809 g.m. Olava Johannesdotter Ottarsbuen f. 1781, d. 1856-66 Forlovarar Anders Andersa Ottarsbuen og Halvar Larsa Austrått. Kjerboka har ei laukne mellom 1856 og -66, og dei er begge døde i dette tidsrommet. Eg har ikkje funne svar på korfor Henrik, som eldste sonen i Tysbotn, slo seg ned i Sagplassen, og korfor dottera Kirsten flytta tilbake til Tysbotn. Ved folketeljinga i 1801 var Henrik tenar i Yttergården, Søtvika. Både Tysbotn og Sagplassen var på den tida husmannsbruk under Austrått-godset, og far til Henrik skulle ha vore ein habil bjønnaskyttar, fortel familietradisjonen. Edvard Hov ( lærar i Stjørna som var svært slektshistorisk interessert og truleg ein god kjenning av Hansen som skreiv gårdshistoria for Åfjord) har notert at Olava var frå Årbogen i Åfjord. Eg har også funne ei Olava i Musdalen ved folketeljinga i 1801. Vi må tru Hov har hatt første hands kjelde for opplysninga, og i Åfjorden finn vi i 1801 følgjande familie på Vinnan: Johannes Ellefsa, 61 år, jordlaus husmann, skomakar og vanfør Kirsten Olsdotter, 60 år, kone Marit Johannesdotter, 20 år, dotter Olava Johannesdotter, 18 år, dotter Ola Johannesa, 9 år, son. Johannes dør 10. juni 1803, 63 år. Marit dør i tæring 10.01.1801, 21 år. Olava vart konfirmert frå Vinnan i 1799, 16 år. Familien må ha flytta inn til Åfjord mellom 1783 og 1792, for dei to døtrene er ikkje døpte i soknet. Sonen er døpt frå Vinnan i 1792. Vi finn heller ikkje meir om familien i Åfjordsboka hans Hansen. At mora heiter Kirsten, er eit sterkt indisium for å knyte familien til «vår» Olava, etter som ho kallar dotter si Kirsten. I 1821 er Henrik titulert bordskjerar. 4 barn registrert: Johan Andreas f. 23.06.1808, konf. 1825 Kirsten f. 26.06.1811, konf. 1827 Ragnill Maria f. .........1815 i Åfjorden, konf.1832 Ane Lisabet f. 30.03.1821, konf. 1837 Johan døde ung, men han skal ha vore ein sværande sterk kar. Han skal, seier tradisjonen, ha bore ein mjølsekk under kvar hand frå kjøpmannen i Høybakken og opp åt Sagplassen (ei dryg halvanna mils veg!). Dei tre døtrene har alle stor etterslekt. -- Eg vart svært overraska over å finne desse opplysningane i brukarforum, etter som både eg og mange andre har leite lenge etter opplysningar om Olava. At eg truleg har røter i Sogn gjennom far-røtene mine, var artig, etter som eg på morssida har ein kjend Sogna-Pe på anetreet, Per Nilsson frå Naustbakken under Natvik i Årdal, som reiste nordover til Romsdal først på 1800-talet. Helsing Tor S.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×