Gå til innhold
Arkivverket

[#7985] Mellombels tilstades – mellombels fråverande.


Gjest Johannes Mjelde
 Del

Recommended Posts

Gjest Johannes Mjelde

Eg reiser spørsmålet om folketeljingane på Digitalarkivet er fullstendige, då eg ikkje er i stand til å finna i folketeljinga 1900 fleire personar som faktisk levde då. Det gjeld f. eksempel Anna (Ivarsdtr) Reigstad, født i 1884 i Haus, død i 1961, og Harald (Johannesson) Mjelde, også født i 1884 i Haus, død 1970 ( i USA). Begge desse to var i 1900 i løna arbeid i Bergen (evt. Årstad eller Fana), men er ikkje å finna korkje i heimkommunen Haus eller i arbeidskommunen. Eg kunne heller ikkje finna dei i eit landsdekkande søk. Heller ikkje ein så kjent person som Christian Michelsen (1857-1925) kunne eg finna i søket.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Når det gjeld den siste, er det ikkje sikkert den familien var i landet i det heile på den tida. Han var jo då ute av politikken og dreiv som skipsreiar. Kom ikkje att i politikken før 1904.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ketil Firing Hanssen

I følge oversikten over mangler i 1900-tellingen (lenke fra tellingens forside), skal det mangle ca. 70 huslister for Bergen. Kanskje Anna og Harald fantes i disse listene?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Til Johannes Mjelde:Eg kan'kje hjelpa deg med dei to frå Haus som du leiter etter, men skipsreiaren og politikaren Michelsen finn du kan hende om du nyttar heile namnet hans. Etter det eg veit heitte han/var han døypt:Peter Christian (Hersleb Kjærschow) Michelsen (1857 - 1925)Som soga viser brukte han sjølv berre førenamnet Christian, og altså ikkje Peter Christian. Men du må vel truleg ha med Peter òg i søkjet ditt, skal du finna den seinare statsministaren i folketeljingar og liknande.Christian Michelsen var elles ordførar i Bergen 1892 - 98 og stortingsmann i periodane 1891 - 94 og 1903 - 06, men det er godt mogleg at han var utanlands i året 1900.Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kåre Petter Hansen

Jeg tror det er personer som mangler i tellingen. Det er jo ikke så rart. Hva angår C. Michelsen så ble han direkte syk av å forlate Bergen. Han reiste så og si ikke utenlands. Takk for en hyggelig webside og et hyggelig forum. K.P.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg har søkt både på CM m/alle variantar av namn i og kring Bergen og Oslo, òg på namna åt kona og borna - utan å finne dei. Eg finn det som truleg er faren, mora og broren samt svigerfamilie, men ikkje CM m/fam. I 1900 står eit hus på Gamlehaugen 'ubebodd'. Om det er det han då bygde eller det han i forkant reiv, veit eg ikke. Men han er korkje der eller på Solhaug på Nygård i Bergen. Difor er det eg trur han var utomlands då teljinga vart teken opp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johannes Mjelde

Det er godt mogeleg at Christian Michelsen kan ha vore i utlandet i 1900, men skulle han ikkje i så fall ha vore registrert på sin faste bustad som mellombels fråverande?Utanom dei to andre eg nemnde i mitt første innlegg, har eg undersøkt stoda for andre som var i same stoda som Harald. Han hadde 8 sysken, 2 av dei er registrert saman med foreldra, 2 var gifte i 1900, og er registrert saman med sine ektefellar og barn. Men 4 var ugifte og i andre si tenesta. Ingen av desse har eg kunna finna i folketeljinga 1900. 3 av dei 4 reiste til USA i 1902, og er å finna i emigrantprotokollane, der det er oppført at dei då var busett i Bergen.Alt dette kan vel tyda på at det kan vera fleire manglar ved folketeljinga enn at ikkje alle huslistene er kone med?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Som Johannes peikar på burde nok Chr. Michelsen i det minste vore oppført som 'mellombels fråværande' i FT 1900 - dersom det er slik det heng saman.Eg kan leggja til at mannen er alt å døma var 'på plass' att i 1901. For både før- og etter året 1900 driv han med eigedomsspekulasjon- og utvikling i Os kommune:I 1895 hadde Christian Michelsen sikra seg husmannsplassen Haugstræet under Hauge i Os, der han bygde hotel- og sjøbad i 1896. Både hotellet og plassen fekk namnet 'Solstrand' (truleg eit namn med betre 'klang' enn Haugstræet).I 1898 skil Christian Michelsen ut to store parsellar av denne eigedomen til svigerfar- og svogeren sin, og i 1903 vart eigarskapet for hotellet omskipa til eit aksjeselskap, 'Solstrand Hotel & Bad'; med Michelsen sjølv som formann i styret. Solstrand Fjordhotel ligg framleis på same staden og er i full drift.I 1900-01 selde Staten fleire gardar på Nore Neset i Os til brukarane. Men berre to av dei fem gardbrukarane på garden Tuen fekk hand om bruka sina. I dei andre høva blanda Chr. Michelsen seg opp i dette i 1901, baud over; og fekk difor tinglyst skøyte på gardsbruka i 1902. La meg underbyggja dét med følgjande døme:Sitat: '... i 1901 kjøpte ho [barbru Nilsdtr. Tuen] bruket av Staten for 1800 kroner, men Chr. Michelsen gjekk inn i handelen soleis at det vart han som fekk skøyte på bruket året etter'. (Kjelde: Os-soga band III).I tillegg kjøpte Michelsen garden Ferstad i Os frå brukaren/eigaren i 1902 då denne reiste til Amerika. Hovudbruket her vart seld vidare i 1904, men ikkje ukjende Chr. Michelsens Institutt har framleis hand om noko av utmarka der dei enno har ein forskningsstasjon.Eg tek all denne kjøp- og salsaktiviteten i Os rett etter århundreskiftet som eit sterkt indisium, om ikkje prov, på at den seinare statsministeren og nasjonalhelten Michelsen var tilbake på norsk jord i 1901/02.Dette til info og mogeleg hjelp -.Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.