Gå til innhold
Arkivverket

[#8056] Offisersætti Du Wahl frå Hardanger - Anna Malene??


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anna Malene Du Wahl (Duvald) (ogso kalla Alberg), fødd kring 1756, truleg i Hardanger (kan henda på Utne i Ullensvang?), gifte seg i Bergen 31.1.1796 med høker, verthushaldar og enkjemann Tollef Ellingson Sem, fødd i Jølster kring 1741.Tollef og Anna Malene var barnlause, men hadde fleire fosterborn, mellom anna denne jenta:* Gjertrud Christensdotter, fødd kring 1779 (Hardanger?), gifte seg kring 1802 (Hardanger?) med soldat, sidan snikkar, Tøger Pederson frå Lahd i Hafslo, Sogn, fødd 1771. Dei kalla to av borni opp etter fosterforeldri hennar, Tollef Sem Tøgerson og Anna Malene Tøgersdotter.Eg mistenker Gjertrud for å ha vore ei 'uekte' dotter av Anna Malene Du Wahl, som etter namnet å dømma må høyra til offisersætti Du Wahl frå Hardanger. Er det nokon som sit inne med opplysningar om denne ætti og som eventuelt kan stadfesta denne mistanken?Med hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Nye opplysningar er komne fram om Anna Malene Du Wahl. Under namnet Anna Malene ALBERG fekk ho på Tysnes i 1784 ein 'uekte' son Ferdinand Christian. Barnefaren var Fredrik Christian DU WAHL. Ho må soleis ha 'adoptert' namnet til denne tidlegare 'elskaren' då ho flytte til Bergen.Mistankane mine aukar i retning av at Anna Malene ALBERG kanskje òg var rette mor til Gjertrud Christensdotter, fødd kring 1779, truleg òg i Hardanger eller kanskje i Sunnhordland?Eg vonar framleis at ein eller annan kan sitja inne med svaret på denne gåta!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tormod Thoresen

Hei.Jeg kjenner ikke til saken, men jeg vet du kjenner til hvor A. Katrina Rahm var født i Gaupne.Det hadde vært fint å vite det, da jeg ønsker å ha litt mer med om henne og hennes familie i mitt lite hefte. Jeg antar at hun og hennes familie kan være omtalt i Gaupne boka.mvh Tormod Thoresen Drammentormod.thoresen@nett-tjenester.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne nytta høvet til å blåsa litt støv av denne gåten som framleis står uløyst. Er det nokon som har greve i kjeldemateriale frå Hardanger eller Sunnhordland og som eventuelt har funne spor etter Anne Malene Ahlberg (Du Wahl) og Gjertrud Christensdotter, som eg trur må vera dotter hennar?Hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.