Gå til innhold
Arkivverket

[#8174] Peter Muhl og Gjertrud Engelke - Hammerfest


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Skreddarmeister Peter Muhl, 29, og Madame Gjertrud Alette Engelke Larsen, 37, gifte seg i Hammerfest 30.7.1835. Dotter deira, Wilhelmine, var fødd i Hammerfest 6.6.1836, men gifte seg i Sogndal i Sogn 5.6.1857 med Jørgen Fredrik von Krogh Pederson Moe frå Hafslo. Dei utvandra til Amerika, og Wilhelmine døydde i Austin, MN 26.12.1904.Er det nokon som har kjennskap til denne Muhl/Engelke ætti? Kvar kom dei frå og kvar vart dei av?Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg tillet meg å blåsa litt 'støv' av dette gamle spørsmålet som aldri nokon svarte på. Kanskje er det no nye lesarar som kan hjelpa meg med å løysa denne floka?Takkar hjarteleg på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Ættenamnet til denne huslyden skal truleg skrivast Mühl, og det er vel ikkje utruleg at Petter kan ha tysk opphav.Når det gjeld kona Gjertrud Alette, har eg no funne ut at ho var gift første gongen med ein Carl Engelke, og dei budde i OVERHALLA der dotteri Else Margrethe Engelke var fødd kring 1829.Kan desse nye opplysningane bidra med å kaste meir ljos over denne huslyden og opphavet deira?Hjarteleg takk for aller gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Nina Møller Nordby

Har du kommet noe videre? De var iallefall i Tromsø i 1838, men det visste du kanskje.-----FS IGI Individual RecordAUGUST THEADAY PEDERSENChristening: 09 SEP 1838 Tromso, Troms,Father: PEDER MUHL FamilyMother: GERTRUD ALETTE-----

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Dette må vel være fulltreffer? Eller har jeg feiltolket innlegg 1? Visste du dette? Det ser ut til at resten av familien bosatte seg i Michigan.-----1860 United States Federal CensusGjertue MuhlMuskegon, Muskegon, MI 651794 NorwayHead of Household:Peter Muhl (54 år), sailor, Denmark-----August T MuhlDalton, Muskegon, MI 211838 Norway -----

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Census 1870; Kjært barn har mange navn, Aletta ble til Electa-----Name: Electa MuhlAge in 1870: 76Estimated Birth Year: 1793Birthplace: NorwayHome in 1870: Muskegon Ward 1, Muskegon, MichiganValue of real estate: View ImagePost Office: MuskegonRoll: M593_692Page: 268Image: 538Year: 1870Peter er også i live i 1870, av yrke er han ffremdeles sjømann.Tror Aletta og Peter har gått ut på dato i 1880.-----1880 Island Lake, Lyon, Minnesota, Augusts far oppgis å være fra 'Prussia)August T. MUHL Self M Male W 41 NORWAY Farmer PRUSSIA NORWAYAnna MUHL Wife M Female W 43 NORWAY Keeping House NORWAY NORWAYAlleta MUHL Dau S Female W 16 MI At Home NORWAY NORWAYPatra A MUHL Dau S Female W 15 IA At Home NORWAY NORWAYEdward MUHL Son S Male W 13 IA At School NORWAY NORWAYEliza M. MUHL Dau S Female W 11 IA At School NORWAY NORWAYJohn P. MUHL Son S Male W 8 IA At School NORWAY NORWAYAnna S. MUHL Dau S Female W 1 MN NORWAY NORWAY---FS IGIAugust Theodor MuhlFather: Peter Muhl FamilyMother: MetlaSpouse: Anna Oledatter FamilyMarriage: 16 JUL 1863 , Milwaukee, Wisconsin-----Jeg har ikke sjekket opp August mot senere tellinger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Tar ddenne linken med en liten klype salt, men her oppgis Peter å hete John Peter Muhl (kan jo være hans amerikanske navn).August Theodor fikk flere barn Lenke , giftet seg med Anna Olsdatter Kaas f. 1836-1915 i Hitterdal Norge (emigrerte 1863). August døde forøvrig den 2.august 1917 i Lyon.Hans barn:Edward Muhl+Alleta Helene MuhlPetra Omena Muhl+Ole MuhlElise Maria MuhlJohn Peder MuhlLille Laurine MuhlEmma Josephine MuhlJosephine AndreasUnnamed twins

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Nina, for fleire interessante og nyttige innlegg! Nei, eg har ikkje funne ut noko meir om denne huslyden, og det var interessant å få greie på at Peter Mühl var fødd i Danmark eller kanskje i Schleswig-Holstein? Og ogso at dei utvandra so tidleg til Amerika! Men framleis er det eit ''mysterium'' kvar i Noreg Gjertrud Alette Larsen hadde opphavet sitt?Eg ser forresten av FamilySearch at ein Peter Diedrich Mühl var fødd i Heide, Schleswig-Holstein 1.5.1809, men han er vel kanskje litt i yngste laget... Og so hadde eg føretrekt at mor hans heitte Wilhelmine (eller faren Wilhelm)...Men sidan Peter Mühl var skreddarmeister, so må han vel ha teke BORGARBREV ein eller annan stad, anten i Hammerfest eller i Tromsø? Kanskje dette kan undersøkast nærare?Nok ein gong, hjarteleg takk for mange fine opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Det finnes noen kandidater til Gjertrud i 1801,men enten ved navnet Alette eller Gjertrud.Jeg tror det vil bli vanskelig å finne ut noe mer om Peter dersom du ikke finner noe borgerbrev. Det finnes så utrolg mange med det navnet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg er framleis på leiting etter opphavi til både Peter Mühl og kona Gjertrud Alette Larsen, som gifte seg i Hammerfest 30.7.1835 og vonar det kanskje er komme til nye lesarar av Brukarforum som har vore borti desse namni?Alt tyder på at Peter Mühl er barnefødd i Danmark eller Tyskland, medan Gjertrud Alette Larsen, som før hadde vore gift med ein Carl Segelke og visstnok budde i Overhalla, hadde fødestaden sin i Noreg.Tenk om borgarbrevet til Peter Mühl kunne finnast...?Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg! Båe desse halvsøstrene flytte til Sogndal og gifte seg der; korleis dei hamna der, er det ingen som no veit, og diverre ligg det ikkje føre fleire opplysningar om Else Margrethe heller enn at ho var 30 år gamal og fødd i Overhalla då ho i 1859 stod brur i Sogndal. Eg har ikkje funne dåpen hennar i Overhalla, men kanskje manglar det framleis skanna kyrkjebøker derifrå?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Hei Lars!Fant du at jeg skulle sjekke konfirmasjoner i Overhalla. Og i kirkeboka for Overhalla (Ranem) fant jeg Else Margrethe, datter av seilmaker Carl Engelske (!) og Gjertrud Larsdatter. Hun ble konfirmert i Sævig i 1844 og i rubrikken alder står det 10.4.1829, fødested Kristiansund (nr. 1) [url="http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050503040579.jpg>LenkeOg her er dåpen til Else Margrethe i Kristiansund. Faren står her innført som Engelke (se til høyre, nr. 17)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit nytt spennande innlegg. Eg har no opna eit nytt tema med utgangspunkt i Kristiansund og vonar at ein eller annan med detaljkunnskap der i byen kan bidra med fleire opplysningar!Det er merkeleg kor godt denne huslyden gøymer seg!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg. Eg var ikkje merksam på at Wilhelmine vart konfirmert i Overhalla, men dette forklarar tilknyttingi til Overhalla, og truleg var det derifrå at foreldri hennar utvandra til Amerika, utan at det har noko å seia for soga til Wilhelmine...Men det som framleis står att å løysa, er spørsmålet om opphavi til Peter Mühl og Gjertrud Alette f. Larsen...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Stiller meg spørmålet hvorfor de to halvsøstrene havnet i Overhalla og hvorfor giftet de seg i Sogndal? Hadde de to halvsøstrene familie i Overhalla eller i Sogndal?Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Har ikke funnet noe mer om opphavet til Peter Muhl og Gjertrud Alethe, og det er mulig at du allerede har denne opplysningen. Men her fant jeg – ved en ny gjennomgang av innflytningslistene til Overhalla – at ekteparet Muhl kom fra Tromsø i 1843 med sønnen August – ”for at drive Skrædderprofesion”. De oppholdt seg på Stranden. Medbrakt attest av 9.3.1843, Holmboe (se nr. 4) [url="http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050503040919.jpg>Lenke. Og her er utflyttingen fra Tromsø i mars 1843 – skreddermester Muhl, 37 år, hans kone Gjertrud, 48 år, og deres tre barn på 14, 6 og 4 ½ - til Namdalen (se nr. 1-5 nederst til høyre)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for hjelpi med linken. Eg har aldri skjønt korleis ein kan leggja ein slik link...Elles hadde det jo vore svært so spennande om det var mogeleg å finna opphavet til Peter Mühl... Amerikanske folketeljingar opererer med både Danmark og Tyskland som fødestad. Kanskje var han frå Schleswig-Holstein...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.