Gå til innhold
Arkivverket

[#8204] Systrene (?) Sigurdsen frå Skjold, Rogaland?


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

I Ålesund i 1900 bur to damer med familiar på same adresse. Dei heiter Sirine Nilsen Ytrevik, f.1870, og Kristine Bakken, f.1875. Begge har oppgjeven fødestad 'Skjold Rom' (altså Romsdal) på DA. Det er ingen stad som heiter det, og eg har tenkt at Skjold var ein lese/skrivefeil, men no har eg teke til å lure på om det skal vere 'Skjold, RoG', altså Rogaland. Ut frå opplysningar ved ein dåp trur eg desse to er systre. I 1899 døyper Lars Ytrevik og 'Marte Serine Ytrevik, f.Sigurdsen' dottera Agnes, og 'Kristine Sigurdsen' er fadder. Familietradisjonen knyter gardsnamnet Lunden til Marte Serine eller foreldra hennar.Ringjer det bjøller nokon stad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ketil Firing Hanssen

Søk på gårdsnavn Ytrevik i FT-1900 gir kun treff i en kommune: Skodje i Møre og Romsdal. Det er vel derfor god grunn til å tro at Skjold = Skodje (skrives Skoue i 1801/1865).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Nei, eg trur ikkje det. Ytrevik-namnet kjem frå Marte Serine sin mann, og han er oppført med fødestad 'Skodje Rom' på linja før henne i 1900-tellinga, så at der skulle oppstå ein lese/skrivefeil på akkurat det, tykkjer eg er rart. Teorien min er at det er 'Rom' som er feiltolka - men eg har dessverre ikkje sett originalen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Aase R.Sæther

Sidan aktiviteten på DA har auka i det siste, rykkjer eg dette emnet opp att, i håp om at 'nye lesarar' har noko å tilføre.'Marte Serine, f.Sigurdsen' er altså gift i Ålesund like før 1900. Dvs, sidan vi ikkje finn vigsla, trur eg at ekteskapet er inngått ein annan stad, t.d. på hennar heimstad. Mannen hennar, Lars Nilsen Ytrevik, har eg alt eg treng om.I folketellinga 1900 for Ålesund står fødestaden hennar oppgjeven til 'Skjold, Rom' - men som nemnt ovanfor, trur eg det er feilskriving for 'Skjold, Rog', ikkje minst fordi etterkomarane hennar meiner at ho var frå Haugesundskanten. Dei meiner også at ho kom frå ein gard som heitte Lunden, men det kan t.d. vere eit lokalt namn på ein husmannsplass. Fødselsåret er oppgjeve til 1870.Alle tips vert mottekne med takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Aase R.Sæther

Eg vil berre få melde at eg har funne damene! Dei kom frå garden Meland i Skjold, Rogaland, og er omtala i bygdeboka der. Takk til dei som prøvde å hjelpe meg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.