Gå til innhold
Arkivverket

[#8217] Etterlysing av personar i Nedre Telemark?


Gjest Arne T. Aabø
 Del

Recommended Posts

Gjest Arne T. Aabø

Eg etterlyser slektningar, eller nokon som hev kjennskap til slektningar etter Lars Larsen Stenbakken og kona Tora (Thora el. Tårånd) f. Stenersen. Dei vigde i Skien i 1896 og hadde mange born. I 1900 budde dei på Skotfoss, men rundt 1916-17 budde dei i Kilebygda i Solum, på gardane Fjeld og Rennesund. Borna Gudrun Alvilde og Hjalmar er konfirmerte i Kilebygda desse åri. Eg veit at Tora levde i 1923, men ikkje kvar ho budde. Dei bruka kan hende Larsen som slektsnamn i staden for Stenbakken. Lars var fødd i Heddal i 1862, Tora, som opphaveleg var døypt Tårånd, var fødd i Tinn i 1870, men voks opp i Lårdal i Vest- Telemark. Ho var konfirmert i Høydalsmo i 1885. Ho var dotter av den kjende smeden Steinar Aslaksson Turtedalen, Grytestøylsmeden, som utvandra med kone og attlevande born i 1899. Eg hev heller ikkje lukkast i å finne nolevande etterkomarar i Amerika. Eg er svært takksam for hjelp.Venleg helsingArne T. Aabø

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.