Gå til innhold
Arkivverket

[#8299] Klokkar Fredrik Hans Christian Kramer i Lindås


Gjest Øyvind Thomassen
 Del

Recommended Posts

Gjest Øyvind Thomassen

Eg søker etter andre som har registrert barn og etterkomarar av klokkar Fredrik Hans Christian Kramer (1739-1816) i Lindås. Eg ønskjer å utveksle både persondata for etterkomarane og andre data frå livet til Fredrik. Eg har registrert 10 av barna hans, eit frå det første ekt., eit utanfor ekt. og 8 frå det andre ekteskapet hans.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
  • 2 måneder senere...
  • 3 år senere...
Gjest Arvid Skogseth

I samband med bygdebokarbeidet for Lindås sokn (første boka kjem i november i år etter planen) har eg laga dette manuset for klokkar i Lindås, Fredrik Kramer og familie. Eg har hatt særs god hjelp av debatten her på brukarforumet, tusen takk! Ikkje minst var det artig å sjå den skanna kyrkjeboka for dåpen hans. Dersom nokon har supplerande opplysningar/korrigeringar er eg takksam for det. Har nokon funne ut kor første kona Gunhild Katarina Ågård var frå? Dei fekk truleg eit barn i Danmark, har nokon funne dåpen og namnet? Det må ha døydd tidleg, for i 1794 vart det sagt at alle dei fem dålevande borna var fødde i Noreg. Dei to gjenlevande sønene frå første ekteskap finn eg ingen spor etter i norske kjelder, går ut ifrå at dei reiste til Danmark, kanskje til morsslekta.Lindås prestegard Munkeberget1. Fredrik Hans Kristian Kramer f. 1739 Fredrikshavn i Danmark (døypt i Citadellkirken) d. 1816 g.1.g. 1772 Ribe i Danmark m. Gunhild Katarina Ågård f. 1745 d. 1794 (49 år gl). Han var nemnd som Johan Fredrik Kristian Kramer ved vigsla. Foreldra hans var Peter Kramer og Anna Margrete Dollen. Fredrik var klokkar i Lindås prestegjeld frå 1777 til han døydde. Då sonen vart fødd i Bergen i 1776 var Fredrik tenar hjå biskopen (Eiler Hagerup), så det var truleg han som skaffa Fredrik stillinga. Familien budde på Munkeberget på Lindås litt sørvest for kyrkja. Etter tradisjonen har staden fått namn etter eit munkekloster, sjå gardssoga. I biskop Johan Nordahl Brun sin visitasprotokoll frå 1794 er det nemnt at Kramer hadde fem born, alle fødde i Noreg, men alle snakka dansk, «en sieldenhed, men som viser at disse folk haver meget isoleret sig fra omgang med andre». Ved Fredriks død vart det skrive ein liktale (sjå Frå Fjon til Fusa 1977). Her går det fram at han mista foreldra då han var seks år gammal. Deretter kom han på barneheim (vaisenhaus). Sidan kom han i bakarlære. Han vart ryttersoldat i den svenske hæren og seinare i Tyskland til 1769, då han tok teneste i Kolding i Danmark. Så var han i teneste hjå biskop Hagerup i tre år før han vart klokkar. Med den første kona hadde han sju born, av desse levde to søner og ei dotter. I andre giftet hadde han åtte born, to av desse var døde (i tillegg fekk han tvillingar tre månader etter dødsfallet). Han var berre sjuk i åtte dagar før han døydde. - Aldersspennet på borna var over 40 år. Born: a. barn med ukjent namn, truleg f. i Danmark. b. Peter f. 1776. c. Lorents Jakob f. 1778. d. Anna Maria Kramer f. 1780, tente i Bergen i folketeljinga 1801, g. der 1806 m. Johan Joakim Daniel Müller, fellberedar (skinnarbeidar), bustad Bergen. Han fekk borgarbrev i Bergen i 1807 som meisterfellberedar, oppgjeven fødestad Bützow i Tyskland (litt sør for Rostock). e. Sofia Katrine f. 1782 d. 1783. f. Konrad Fredrik f. 1784. g. Drude Katrine f. 1787. - Av desse sju borna levde fem i 1794 og tre i 1816 (sjå ovanfor), ei dotter (Anna Maria) og to søner. Truleg budde sønene i Danmark, då det ikkje finst spor etter dei i norske kjelder.2. Enkjemannen Fredrik Kramer (1) g.2.g. 1796 m. Marta Steffensdtr f. 1774 Spjeldneset (87/1) d. 1851. I folketeljinga 1801 budde dei her med borna Fredrik og Stefanus, samt tenestefolka Jon Steffenson f. 1779 Spjeldneset (bror til Marta) og Ragnhild Johannesdtr Askvik i Lindås, 19 år gl (drukna i 1802 saman med Martas bror Mons). Marta døydde på Munkeberget som legdslem. Born: a. Fredrik f. 1797 d. liten, ikkje med i folketeljinga 1801 (mor Lisbet Olsdtr f. 1767 Lauvås d. 1837 Syslok 110/7). b. Gunhild Katarina f. 1797 (1 mnd etter halvbroren) d. 1799. c. Fredrik Hans Kristian f. 1798 d. 1828, g. 1827 m. Johanna Jakobsdotter f. 1792 Risa (123/6) d. 1881, bustad Munkeberget. Ho g.2.g. 1831 m. Anders Sjurson f. 1796 Verås d. 1885, dei budde der (114/2). d. Stefanus Petrus Kramer f. 1800 d. 1852, voks truleg opp hjå halvsøstera Anna Maria (1d), var nemnd fellberedarsvein då han vart g. 1826 Bergen m. Eli Larsdotter f. 1800 Skjolden i Luster d. 1866, bustad Bergen, han var hanskemakar. e. Karen Katrine f. 1803 d. 1871 g.1.g. 1822 m. Mons Person f. 1796 Saltneset (109/1) d. 1852, bustad Munkeberget. Ho g.2.g. 1855 m. enkjemannen Steffen Jonson f. 1807 Årås i Austrheim d. 1873, dei budde der på Hopland (jf Austrheimb. II s 627). Dei var søskenborn, då far hans var bror til Katrines mor. Dessutan var dottera til Steffen svigerdottera til Katrine. f. Arnold Gabriel f. 1805 d. 1872 g. 1834 m. Synneva Eriksdtr f. 1816 Holmås d. 1865, bustad Holmås (105/5). g. Hans Albert f. 1807 d. 1810. h. Konradina Marta Margreta f. 1810 d. 1905 g. 1843 Hosanger m. Ola Anderson f. 1818 Neset i Seim, Lindås d. 1891, bustad Saltneset (109/3). i. Johanna Joakima Sofie f. 1812 d. 1899 g. 1843 m. Nils Sæbjørnson f. 1819 Festo i Lindås d. 1861, budde der (jf Lygrab. s 439). j. Anna Kristina f. 1816 d. 1901 g. 1852 m. Anders Monson f. 1822 Skauo i Lindås d. 1908, husfolk i Saltneset, sidan på Festo. k. Hans Albrikt f. 1816 d. 1895 (tvilling med j.) g. 1840 m. Anna Monsdotter f. 1819 Syslok d. 1881, bustad Saltneset (109/2).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Frank Pagh

Hej,'Fredrik Hans Kristian Kramer f. 1739 Fredrikshavn i Danmark (døypt i Citadellkirken)'Mon ikke der menes København ?Hilsen, Berit Pagh.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arvid Skogseth

Du har nok rett, takk skal du ha! Manus er alt retta. Eg vart litt forvirra av motstridande opplysningar i debatt nr 24862, men på den skanna kyrkjeboka står det jo Kbh som kjelde

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Frank Pagh

Fredrik Kramer og Gunhild Katharina Aagaard blev gift i Seest sogn, som ligger i Ribe amt, så det bliver lidt forkert at skrive Ribe.Men fordi der nu stod Ribe, så fandt jeg denne : )Ribe amt, Ribe, Sankt Katharine 1773-1814 - opslag 81774 indførslen mellem nr. 15 og 16'2den Pintzedag d: 23 Maÿ blev Klokkeren Mons: Cramers Kiæreste introduceret efter hendes hiemmedóbte Daatter, som dóde, fórend hendes Daab blev offentlig i Kirken Confirmeret'Det behøver ikke at være Fredrik Kramer og hans kone, men - - Eiler Hagerup var biskop i Ribe på det tidspunkt !Hilsen, Berit Pagh.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Frank Pagh

Peter Kramer og Anna Margretha Dollen fik døbt en søn Johann Conradt d. 11 juni 1742 og en datter Sophia Carolina Christiana d. 29 juni 1744. Citadel 1712-1789 - hhv. opslag 95 og 100.Anna Margretha Dollen blev begravet 12 marts 1746. Datteren Sophia Carolina Christiana d. 9 marts 1747 og Peter Kramer d. 17 juni 1749. Citadel 1741-1762 - opslagene 17, 21 og 29.Ved alle 5 indførsler bliver Peter Kramer omtalt som kok hos general og commandant v. Walter.Hilsen, Berit Pagh.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arvid Skogseth

Dette var jo interessant! Denne dottera må jo vera det manglande barnet Fredrik og Gunhild fekk i Danmark. Eiler Hagerup vart biskop i Bergen 27. juli 1774, altså to månader seinare, og tok med seg Fredrik til Bergen som tenar. Også interessant at han hadde vore klokkar før, i Ribe. Eg manglar fødestad på Gunhild Katarina, kanskje det står noko ved vigselen, eg har berre henta data frå Family Search. mvh Arvid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Frank Pagh

Ved vielsen står der kun:'15 oct: copulerede Johan Friderich Christian Cramer og Jomfru Gunild Catharina Aagaard begge tienende paa Wrandruphougaard'Men Kolding er blevet nævnt og her findes en mulig kandidat:1745 December 'd: 27de Ditto Lars Aagaars Gundel Catharine, faddere: Jacob Niels: Farver, Christopher Móller, Svend Aagaar, Mad: Bahnsen, Mad: Erich Juhls'Vejle amt, Brusk herred, Kolding Sct. Nicolaj 1713-1750 opslag 219.Gundel Cathrina blev konfirmeret Dom: Qvasimodogen: 1761. 1751-1815 opslag 471.En bror Andreas findes døbt på opslag 232 og konfirmeret på opslag 472. Her står farens titel/erhverv.Jeg er aldrig stødt på det før, men det ser ud som om, der står 'Skievertæcker' og 'Skiævertæcker'Jeg har overhovedet ingen ide om, hvad det kan være. : )Hilsen, Berit Pagh. PS: Det skal lige tilføjes, at Seest lå tæt på Kolding og hører under Vejle amt - ikke Ribe, som jeg skrev.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arvid Skogseth

Takk igjen for godt arbeid! Dette var jo ein svært god kandidat, ho var oppført med alderen 49 år da ho døydde i Lindås i 1794, og det gir jo nettopp fødselsåret 1745. mvh Arvid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.